20/05/2026
Eit sikkert teikn på at sommaren er på veg - no startar snart årets Sommerles-kampanje! Frå 1. juni til 31. august kan barn - frå dei som skal starte i 1 klasse til dei som no går ut av 7. klasse - delta i Sommerles lese og hente premiar på biblioteket.
Foreldre må hjelpe ungane å lage konto på Sommarles.no, dei som har vore med tidlegare år kan bruke same konto som før! Og for dykk som har gløymt passord: de kan lage nytt når de skal logge inn!
I år er det ein ny vri: ein skal ikkje registrere talet sider ein les, men kor mange minutt ein les! Det er slik for at alle som les - anten dei les fort eller sakte - skal stå på lik uttelling for innsatsen.