17/01/2025
Vil du øke produktiviteten din? Da kan kunnskap og erfaring fra Osterøymiljøet hjelpe deg videre. 🦾😃 Trenger du produsert produktet, bistår vi med det også.
Heile Vestlandet kan dra nytte av Osterøy sitt nasjonale testsenter og få tilgang til Noreg sine fremste utviklingsmiljø innan robotteknologi! 🦾💡
– No er me også direkte kopla mot utviklingsmiljøa på Raufoss og Kongsberg.
Det sa styreleiar i Osterøy Utvikling AS, Janne Vangen Solheim, då ho stod på scenen under Bergenskonferansen til Bergen Næringsråd, OBOS, OPUS og PwC denne veka.
– Osterøy Utvikling AS har vore ein spydspiss for at KORT - Kompetansesenteret for robotteknologi har gått frå prosjekt til aksjeselskap. Saman med Osterøy Utvikling har private bedrifter, kommunen og den vidaregåande skulen dratt i same retning for å skape et testsenter på Osterøy for robotteknologi. Dette kan heile vestlandsregionen dra nytte av.
Vangen Solheim peika også på den uvurderlege støtta frå Industriutvikling Vest, som også innehar styreledervervet i KORT AS.
Resultatet? I haust fekk kompetansesenteret status som nasjonal testarena for robotteknologi. No kan bedrifter frå heile landet kome til Osterøy for å lære, innovere og utvikle seg innan robotteknologi. 🏭
Vangen Solheim løfta fram Osterøy si sterke kultur, handverkstradisjonar og utvikling frå smie til robotteknologi. ⚙️
– Robotteknologi kan fjerne eller redusere tunge løft, repeterande oppgåver og farleg arbeid for tilsette. Teknologien er på vår side, den kan gje fleire innpass i industrien, sa styreleiaren, som sjølv kjem frå produksjonsmiljøet.
Vestlandet står sterkare saman – og moglegheitene har aldri vore større. 🤝
Kjem di bedrift til å nytte seg av testsenteret? 💪
Foto: Eivind Senneset, Bergen Næringsråd