10/08/2026
🇳🇴Måndag 17. august kl. 09.00 blir det ei historisk markering når Jotunheimen vidaregåande skule opnar dørene offisielt.
Dette er ein stor dag for heile Ottadalen, og dagen vert feira saman med innbyggjarar, elevar, tilsette og gjestar. Det blir snorklipping, flotte kulturinnslag med mellom andre Matoma og Lina Haug, kakefest, politisk debatt og ei høgtideleg avslutning i Lom stavkyrkje.
Ta gjerne på deg bunad eller anna du føler deg vel i, og bli med på feiringa. Vi oppmodar alle til å flagge denne dagen.
📍 Lom fleirbrukshus - Utgard
🕘Måndag 17. august kl. 09.00
Velkomen til ein dag for historiebøkene!
Klokka 09:00 måndag 17. august 2026, inviterer vi til offisiell opning av Jotunheimen vidaregåande skule ❤️
Dette er eit stort steg for utdanning og utvikling i dalen vår, og ein festdag vi har sett fram til å dele med dykk. For dette har vi fått til saman! 🥹
Vi er så stolte og glade for å ha med oss eit stjernespekka lag på scena denne dagen. Matoma kjem, og stiller opp for oss slik han har gjort heile vegen. Vår eigen lokale artist, Lina Haug vil bidra til å gjere markeringa ekstra minneverdig, og Hans Solbakken leier oss gjennom dagen som konferansier.
Opninga av Jotunheimen vidaregåande skule er berre starten. Eit tosifra antal stortingsrepresentantar har allereie bekrefta at dei kjem til Lom denne dagen, og i den politiske debatten i Utgard set vi søkjelyset på framtidas distriktspolitikk.
Som ei høgtideleg avslutning på dagen samlast vi i Lom stavkyrkje. Her rundar vi av dagen saman – med rom for takksemd, ettertanke og glede over alt vi har fått til, og alt som ligg framfor oss.
Program for dagen:
08.30–08.45 Oppmøte ved hovudinngangen til Utgard
09.00 Snorklipping av Hanna Gjeilo Skjåkødegård og offisiell opning
09.00–11.00 Opningsseremoni i idrettshallen
11.30–12.30 Kakefest i Utgard for alle / lukka lunsj for elevar og gjestar
12.45–13.30 Politisk debatt
13.30–14.30 Pause, mingling og medieintervju
14.30–15.15 Skulegudsteneste i Lom stavkyrkje
Dette er ein festdag, så nokon kjem i bunad, andre i finstasen, mange i heilt vanlege klede – du bestemmer sjølv. Det viktigaste er at du føler deg vel. Vi oppmodar alle til å flagge! 🇳🇴
Hjelp oss gjerne med å spre ordet – del dette innlegget og ta med deg venner, familie, kollegaer og naboen! 🥳
Varmt velkomen, helsing styret og rektor ved Jotunheimen vidaregåande skule
Foto: Edvard Kielland Mølmen