Lesjaskog skule

Lesjaskog skule Lesjaskog skule er ein fådelt skule som ligg vest i Lesja kommune. klasse har uteskule fast på timeplanen kvar veke.

Vi likar å vere ute, anten det er i det flotte nærområdet vårt eller i den store skulegarden. 1.-4.

Dei tilsette ved Lesjaskog skule ønsker god sommar til elevar, føresette og alle følgjarane våre 🌞 Takk for følgjet. No ...
19/06/2026

Dei tilsette ved Lesjaskog skule ønsker god sommar til elevar, føresette og alle følgjarane våre 🌞

Takk for følgjet.
No går Lesjaskog skule inn i historiebøkene.

Den aller siste skuledagen blei gjennomført på tradisjonelt vis med naturstig, grilling og leik på Petterson og samling i gymsalen.
Tusen takk til 5. klasse som hadde ordna så flotte postar til naturstigen 😎

2. og 3. klasse har overnatta i lavvo ved Petterson. Vi leikte, gjekk tur og grilla. Vi pussa tennene i Lesjaskogsvatnet...
18/06/2026

2. og 3. klasse har overnatta i lavvo ved Petterson. Vi leikte, gjekk tur og grilla. Vi pussa tennene i Lesjaskogsvatnet og sov godt sjølv om det bikka så vidt ned på minusgrader om natta. Fint vêr og god stemning heile tida😊

Avslutning for heildagsSFO i dag, grilla hamburger og kosa oss ute i sola☀️
17/06/2026

Avslutning for heildagsSFO i dag, grilla hamburger og kosa oss ute i sola☀️

Niste og naturquiz på Vetaberget i dag! Fin utsikt utover vakre Lesjaskogsvatnet. Elevane mimra attende til da dei gjekk...
16/06/2026

Niste og naturquiz på Vetaberget i dag! Fin utsikt utover vakre Lesjaskogsvatnet. Elevane mimra attende til da dei gjekk på tur hit frå barnehagen😊

Ungane på heildags-SFO har vore så heldige at dei har fått overnatte på skulen frå tysdag til onsdag ✨️ Både små og stor...
10/06/2026

Ungane på heildags-SFO har vore så heldige at dei har fått overnatte på skulen frå tysdag til onsdag ✨️ Både små og store har kost seg. Takk til dei kreative SFO-tilsette Marte og Silje for godt gjennomført 🥰

Hårr'n går!I dag har både 7. klasse og SFO vore på hårrfiske 🐟7. klasse fekk 13 hårr på ein time og SFO fekk 8 hårr og m...
04/06/2026

Hårr'n går!
I dag har både 7. klasse og SFO vore på hårrfiske 🐟
7. klasse fekk 13 hårr på ein time og SFO fekk 8 hårr og mange goløye. For mange på SFO var nok dette det første møtet med denne klassiske Lesjaskog-aktiviteten 🤩 Alle syntest det var veldig artig.

Tusen takk  til Sofia og Inger Synnøve for ein fin og lærerik dag i museumshagen! «Skal ein høste, må ein så.» I dag har...
02/06/2026

Tusen takk til Sofia og Inger Synnøve for ein fin og lærerik dag i museumshagen!
«Skal ein høste, må ein så.»
I dag har mellomtrinnet mellom anna vore med på å sette potet, sådd ulike sortar kål og bondebønner samt laga skilt og kubbestolar😊☀️
Mykje godt samarbeid og arbeid som gir resultat!

Småskulen har hatt ein finfin dag i Museumshagen på Lesja bygdemuseum (Bygdatunet) i dag. Elevane vart delt opp i gruppe...
01/06/2026

Småskulen har hatt ein finfin dag i Museumshagen på Lesja bygdemuseum (Bygdatunet) i dag. Elevane vart delt opp i grupper og alle gruppene var innom tre ulike aktivitetar: luke og ordne jordbæråker, køyre på flis på gangane mellom beda og lage uro for å halde fuglane unda eple og bær. Mange ivrige hender fekk gjort mykje arbeid på nokre timar 🥇
Tusen takk til Sofia og Inger Synnøve for i dag.

5. kl har hatt uteundervising halve dagen. Tur til uteskuleplassen, der hadde vi naturstig med tema 17. mai, frileik og ...
15/05/2026

5. kl har hatt uteundervising halve dagen. Tur til uteskuleplassen, der hadde vi naturstig med tema 17. mai, frileik og høgtlesing medan vi åt nista vår rundt bålet.

På måndag var 1.-4. klasse på skulemuseet i Lisser. Elevane gjekk inn i grupper og dei fekk sjå og høyre mykje interessa...
13/05/2026

På måndag var 1.-4. klasse på skulemuseet i Lisser. Elevane gjekk inn i grupper og dei fekk sjå og høyre mykje interessant om skulen før i tida. Ute var det mykje god leik, mellom anna mange runder med boksen går. Nokre elevar var også og så på bombekrater etter 2. verdskrig.
Både elevar og lærarar hadde ein fin dag ✨️

Adresse

Strandvegen 30
Lesjaskog
2668

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 14:00
Torsdag 08:00 - 14:00
Fredag 08:00 - 14:00

Telefon

+4748843236

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lesjaskog skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Lesjaskog skule:

Del