Tilsynet for universell utforming av ikt

Tilsynet for universell utforming av ikt Tilsynet for universell utforming av ikt jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar.

Det er snart tid for dei årlege dialogmøta med brukarorganisasjonane 👥💬 Gjennom denne dialogen får vi viktig kunnskap om...
02/09/2026

Det er snart tid for dei årlege dialogmøta med brukarorganisasjonane 👥💬

Gjennom denne dialogen får vi viktig kunnskap om utfordringane deira brukargrupper har i møte med det digitale, enten det er i skule og utdanning, jobb og frivilligheit, eller i privatlivet.

Dei komande vekene skal vi snakke med Dysleksi Norge, Hørselsforbundet, Seniornett, Pensjonistforbundet, Senteret for et aldersvennlig Norge, Norges Blindeforbund, Foreldre til blinde barn (FTBB), FFO - Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Safo Samarbeidsforumet Av Funksjonshemmedes Organisasjoner, Norges Handikapforbund, Norsk Forbund For Utviklingshemmede og Handikappede Barns Foreldreforening 🍂

https://www.uutilsynet.no/om-oss/nettverksmote-og-bransjesamarbeid/2575

Tilsynet jobbar med informasjon og rettleiing mot dei som skal følgje regelverket. Dialogmøter og samarbeid er ein viktig del av områdeovervakinga.

Sikkerheit for heile befolkninga – Kan vi få digital motstandskraft utan digital inkludering? 🤔Tilsynsdirektør Malin Ryg...
31/08/2026

Sikkerheit for heile befolkninga – Kan vi få digital motstandskraft utan digital inkludering? 🤔

Tilsynsdirektør Malin Rygg deltek i panelsamtale på årets NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor, saman med Anders Kunz (Sopra Steria), Ina Tsvetkova (NAV) og Kari Sand (Sintef). Kor robust er det digitale samfunnet dersom ikkje alle kan bruke tenestene når det verkeleg gjeld? Panelet løftar digital inkludering inn i diskusjonen om sikkerheit, beredskap og digital motstandskraft.

📅 Dato: Torsdag 22. oktober
🕘 Tid: 09:00–10:00
📍 Stad: Clarion Hotel, Trondheim
🪑 Påmelding: https://www.nokios.no/pamelding/
🐦 Early Bird-pris t.o.m. mandag 31. august

Les meir om arrangementet: https://www.nokios.no/program/

NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor er en møteplass for alle aktører som kan bidra til bedre og mer effektive offentlige tjenester i Norge ved god bruk av IKT. Konferansen arrangeres årlig i Trondheim.

Kva skjer med nettsida di når du zoomar inn? 🔎Mange brukarar forstørrar innhaldet i nettlesaren for å kunne lese og bruk...
27/08/2026

Kva skjer med nettsida di når du zoomar inn? 🔎

Mange brukarar forstørrar innhaldet i nettlesaren for å kunne lese og bruke nettsider.

Prøv på di eiga nettside:

1. Zoom inn til 200 prosent.
2. Prøv deretter 400 prosent.
3. Naviger rundt og bruk funksjonane på sida.

Sjekk om tekst eller funksjonalitet forsvinn. Blir innhald liggande oppå kvarandre? Må du scrolle både sidelengs og nedover for å lese? Er menyar, knappar og skjema framleis moglege å bruke?

Ei nettside skal tole at brukaren treng større innhald 🤓

https://www.uutilsynet.no/regelverk/sjekk-nettstedet-ditt-selv/708 finn du rettleiing og fleire tips til korleis du kan sjekke nettstaden din sjølv.

En viktig del av kvalitetsarbeidet er å ta noen steg tilbake og teste ut hvordan løsningen fungerer. Når du tester selv, kan du finne mange problemer som brukerne kan støte på. Ved å teste selv er samtidig veien kort til å få gjort noe med det du oppdager.

Er du klar for hausten? 💻🍂Mange planlegg nye digitale prosjekt no. Hugs å tenke universell utforming frå starten av – ik...
25/08/2026

Er du klar for hausten? 💻🍂

Mange planlegg nye digitale prosjekt no. Hugs å tenke universell utforming frå starten av – ikkje som noko som kjem heilt til slutt.

Start med å stille tre spørsmål:
✔ Kan alle finne informasjonen?
✔ Kan alle bruke løysinga?
✔ Er tilgjengelegheitserklæringa oppdatert?

https://uutilsynet.no finn du rettleiing, krav og verktøy som gjer arbeidet enklare.

Tilsynet for universell utforming av ikt jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar og rettleier om universell utforming av ikt.

Nytt blogginnlegg! Like rettar kan ikkje vere eit spørsmål om flaks ⚖️På Arendalsuka deltok tilsynsdirektør Malin Rygg i...
14/08/2026

Nytt blogginnlegg! Like rettar kan ikkje vere eit spørsmål om flaks ⚖️

På Arendalsuka deltok tilsynsdirektør Malin Rygg i ein debatt om skulen er godt nok tilgjengeleg for elevar med lærevanskar 🏫🎓 I dag skriv Malin Rygg meir om dette på uubloggen.

Ein elev skal ikkje vere avhengig av å møte den rette læraren, gå på den rette skulen eller ha foreldre som kan kjempe for å få den hjelpa eleven treng. Likevel tyder fleire kunnskapsgrunnlag på at nettopp slike forhold framleis kan vere avgjerande.

Les meir i innlegget: https://www.uutilsynet.no/uubloggen/rettar-kan-ikkje-vere-eit-sporsmal-om-flaks/3277

📍 Arendalsuka er i gang – og vi er på plass i Arendal!I dag deltek Malin Rygg i ein viktig debatt i regi av Dysleksi Nor...
11/08/2026

📍 Arendalsuka er i gang – og vi er på plass i Arendal!

I dag deltek Malin Rygg i ein viktig debatt i regi av Dysleksi Norge:
Er skulen godt nok tilgjengeleg for elevar med lærevanskar? 🏫🎓

Er du på Arendalsuka? 🙌🏻 Ta turen innom og følg debatten, eller sjå den på nett via arendalsuka.no:
https://www.arendalsuka.no/program/er-skolen-godt-nok-tilgjengelig-for-elever-med-laerevansker

Dysleksi Norge inviterer til en samtale om hvordan vi kan sikre at alle elever får like muligheter til å lære og lykkes i skolen.Rapporten…

Følg oss der du er! 👋🏻Vil du halde deg oppdatert på regelverk, rettleiing, blogginnlegg og aktuelle nyheiter?Du finn Uu-...
06/08/2026

Følg oss der du er! 👋🏻
Vil du halde deg oppdatert på regelverk, rettleiing, blogginnlegg og aktuelle nyheiter?

Du finn Uu-tilsynet i fleire kanalar:
📘 Facebook: https://www.facebook.com/uutilsynet/
💼 LinkedIn: linkedin.com/company/uutilsynet/
📸 Instagram: https://www.instagram.com/uutilsynet/
▶️ YouTube: https://www.youtube.com/

Følg oss i den kanalen som passar deg best – eller i alle fire. Vi deler tips, rettleiing, nyheiter og innhald som kan hjelpe deg med å gjere digitale løysingar meir tilgjengelege for alle.

Til hausten lanserer vi rapporten som oppsummerer sektortilsynet vi har gjennomført med digitale løysingar i helsesektor...
04/08/2026

Til hausten lanserer vi rapporten som oppsummerer sektortilsynet vi har gjennomført med digitale løysingar i helsesektoren 📄 Rapporten samanfattar funna frå tilsynet og peikar på viktige utfordringar og erfaringar 💻🩺 Følg med på uutilsynet.no.

Vil du vite meir om kvifor vi gjennomførte sektortilsynet, kan du lese denne nyheitssaka frå i fjor: https://www.uutilsynet.no/helse/sektortilsyn-med-digitale-loysingar-i-helsesektoren/2800

Er nettsider og appar i helsesektoren tilgjengeleg for alle? I 2025–2026 gjennomfører Uu-tilsynet eit større sektortilsyn mot helse.

Uu-tilsynet lanserte i fjor ein leverandørportal i uustatus.no 📋Den er frivillig å bruke, men den forenklar og sparar ti...
30/07/2026

Uu-tilsynet lanserte i fjor ein leverandørportal i uustatus.no 📋
Den er frivillig å bruke, men den forenklar og sparar tid for både verksemder og leverandørar i arbeidet med tilgjengelegheitserklæringa. Be gjerne dine leverandørar om å ta den i bruk.

Les meir på uutilsynet.no: https://www.uutilsynet.no/tilgjengelighetserklaering/leverandorportal/2886

I leverandørportalen kan leverandører av ikt-løsninger legge inn informasjon direkte i uustatus.no, slik at offentlige virksomheter kan bruke denne informasjonen til å lage tilgjengelighetserklæringer. Leverandørvurderingen kan ikke publiseres eller deles utenfor uustatus.no, men den er søkba...

Er skulen godt nok tilgjengeleg for elevar med lærevanskar? 🏫🎓Under Arendalsuka inviterer Dysleksi Norge til ein viktig ...
28/07/2026

Er skulen godt nok tilgjengeleg for elevar med lærevanskar? 🏫🎓

Under Arendalsuka inviterer Dysleksi Norge til ein viktig panelsamtale om korleis vi kan sikre at alle elevar får like moglegheiter til å lære og lukkast i skulen. Frå Uu-tilsynet deltek seksjonssjef Espen Rørvik Tjøstolvsen, saman med eit spennande panel.

📅 Dato: Tysdag 11. august
🕝 Tid: 14:30–15:30
📍 Stad: Frivillighetsteltet, Jaktekaia
💻 Streaming: https://dysleksinorge.no/arendalsuka-2026/

Les meir om arrangementet og sjå kven som deltek i panelet: https://www.arendalsuka.no/program/er-skolen-godt-nok-tilgjengelig-for-elever-med-laerevansker

Dysleksi Norge inviterer til en samtale om hvordan vi kan sikre at alle elever får like muligheter til å lære og lykkes i skolen.Rapporten…

Adresse

Askedalen 4
Leikanger
6863

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tilsynet for universell utforming av ikt legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tilsynet for universell utforming av ikt:

Snarveier

Del