22/08/2026
Vi har glede av å inviterer til ein vinkveld med Merete Bø i Rønneberghuset på Larsnes. Denne gongen tek Merete oss med på ei reise i vinens verd, inspirert av haustens råvarer.
🍇 Merete Bø er utdanna sommelier og ein av Noregs mest kjende vinskribentar. Ho deler kunnskap og perspektiv som bind saman vin, historie og kultur, slik berre ho kan. Ho har valt ut sju vinar frå gode produsentar i Frankrike, Tyskland og Italia.
🍷 Rønnebergs Brændevinshandel dreiv handel med vin og brennevin frå 1864 og fram til Vinmonopolet kom i 1922. Våre dyktige kokker Erlend og Thorstein let seg inspirere av historia, vinane og dei lokale råvarene og set saman ein haustmeny som passar til Merete sine vinval.
📅 Dato: 16. oktober
🕕 Tid: kl. 18.00–23.00
📍 Stad: Rønneberghuset, Larsnes
💰 Pris: 2695,- per person
Ein kveld for deg som er glad i vin, historie og gode opplevingar i stemningsfulle og historiske omgjevnader.
Bindande påmelding på SMS til Inger-Anne 91551366.
Hjarteleg takk for alle delingar 🍇🍇