Alver Arbeidarparti

Alver Arbeidarparti Arbeidarpartiet sitt lag i Alver kommune🌹

15 år er gått. Aldri tie. Aldri glemme.🌹❤️
22/07/2026

15 år er gått. Aldri tie. Aldri glemme.🌹❤️

19/06/2026

I kommunestyret i går tok gruppeleiar Pål Inge Fosse Hopland eit tydeleg oppgjer med hets og uthenging av dei tilsette i barnevernet.

Tilsette har blitt oppsøkt heime og dei har blitt hengt ut i sosiale medium.

Dette er fullstendig uakseptabelt.

Barnevernet reddar liv. Dei går inn i heimar der ingen andre kjem inn. Dei møter barn som ingen andre ser. Og dei kan aldri forsvare seg når dei blir angripne – fordi dei vernar barna sitt privatliv.

Difor må vi som politikarar vere den stemma dei sjølve ikkje kan vere. Vi må stå opp for dei som tek vara på dei mest sårbare barna. ❤️

– Alle formar for truslar er ekle. Me har eit felles ansvar å jobba mot det, på tvers av parti.Dette seier vår eigen Noa...
17/06/2026

– Alle formar for truslar er ekle. Me har eit felles ansvar å jobba mot det, på tvers av parti.
Dette seier vår eigen Noah Sellevoll til Avisa Nordhordland.

Avisa har no nokre saker om hets mot politikarar og då særleg unge politikarar - både nasjonalt og lokalt.

I artikkelen (link i kommentarfeltet) kan du lesa litt om Noah sine eige erfaringar, om kva følgjer hets kan føra med seg - og korleis det kan verta eit problem for både ytringsfridomen og demokratiet vårt.

Me har alle eit ansvar for å stå opp mot hets - i alle formar!
Og det begynner med oss sjølve; kva haldningar spreier du rundt middagsbordet? Kva lirar du av deg i frustrasjon i eit kommentarfelt?
Og kva kan du gjera i staden?

Lat oss saman jobba for ein betre kultur der det er rom for sunn bruk av ytringsfridom, der ein kan diskutera sak i ryddige formar og med saklege argument og unngå hets.

Takk til avisa Nordhordland som set fokus på denne tematikken!

Godt folkemøte på Seim! Måndag 15.juni inviterte Seimsbygda til folkemøte om skulebruksplanen. Alver AP var tilstades og...
16/06/2026

Godt folkemøte på Seim!

Måndag 15.juni inviterte Seimsbygda til folkemøte om skulebruksplanen. Alver AP var tilstades og fekk, saman med andre gode politikarkollegaer, nyttige, saklege og godt framlagde innlegg frå både skulen, lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar.

Tusen takk for oss - og for eit folkemøte med utruleg sakleg og god tone!
Me er takksame for alle som deler kva skulen betyr for dei og bygda.

Neste folkemøte er Sæbø i august - det ser me fram til.

Tusen takk for oss, Grasdal! 3.juni var me så heldige å få koma på kaffi og innspelsmøte på Ungdomshuset på Grasdal. Der...
09/06/2026

Tusen takk for oss, Grasdal!

3.juni var me så heldige å få koma på kaffi og innspelsmøte på Ungdomshuset på Grasdal. Der vart me møtt av ein engasjert og fin gjeng med bygdefolk som med stor entusiasme fortalde om bygda si til oss i kommunestyregruppa (seks av sju var tilstades).

Me vart betre kjend med dei ulike delane av bygda, lærte noko nytt og fekk bekrefta at dette er ein god plass å bu, jobba og leva.

Me fekk snakka mykje om skulen, ulike politiske utfordringar og løysingar. Gode pratar i møtet, og etter møtet, som me tek med oss vidare.

Alver AP har ikkje landa i saka om skulebruksplanen. No er det høyringsperiode og det har me stor respekt for.
Me set stor pris på alle innspel og høyringssvar, og ser fram til å lytta og prata med folk på folkemøte og andre arenaer dei neste månadane!

Tusen takk for ein nyttig og fin kveld på Grasdal!

Helsing
Alver AP si kommunestyregruppe

I dag, 8. mai, feirar vi frigjeringsdagen! 🇳🇴Då freden kom til Noreg i 1945, vaia norske flagg frå bygningar over heile ...
08/05/2026

I dag, 8. mai, feirar vi frigjeringsdagen! 🇳🇴

Då freden kom til Noreg i 1945, vaia norske flagg frå bygningar over heile landet, og gatene i Oslo vart fylte av jubel og feiring. I dag minnest vi alle som kjempa forfridommen.

Og vi vil alltid halde fram med å kjempe for fridom og demokrati! 🌹

Lærerik dag med besøk av på TCM Mongstad, hvor vi også møtte Equinor og Greenspot Mongstad!🌞Med på besøket var stortings...
04/05/2026

Lærerik dag med besøk av på TCM Mongstad, hvor vi også møtte Equinor og Greenspot Mongstad!🌞

Med på besøket var stortingsrepresentantene June Trengereid Gruer Ulvar Akselsen og Linda Monsen Merkesdal sammen med varaordfører i Alver Nina Bognøy og vara ordfører i Austrheim Per Lerøy. 🌹

Austrheim Arbeiderparti🌹

Stortinget mintes Olav Marås. 🌹Stortingspreseident Masud Gharahkhani innledet onsdagens spørretime med å minnes tidliger...
11/04/2026

Stortinget mintes Olav Marås. 🌹

Stortingspreseident Masud Gharahkhani innledet onsdagens spørretime med å minnes tidligere stortingsrepresentant Olav Marås fra Radøy. 🌹

Les mer i Avisa Nordhordland 🔗i kommentarfeltet⬇️
📷Skjermdump fra Stortingets nett-tv

En gladnyhet for alle som reiser kollektivt! 🥳🌹
25/03/2026

En gladnyhet for alle som reiser kollektivt! 🥳🌹

Adresse

Knarvik

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alver Arbeidarparti legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del