27/04/2026
Del gjerne og meld deg ❤️
Natteravner søkes til «dei glade maidagar»
Natt til 01. mai og 16. mai samlast ofte ein del ungdom i båthavna på Husnes. Det er tradisjon at me har natteravner på plass under desse samlingane. Frivilligsentralen spanderer pølser som natteravnene griller. Det er veldig fint å vera rundt ungdomane desse dagane og det er alltid gode attendemeldingar frå dei som er natteravn.
Ein har oppmøte på frivilligsentralen, her får ein info, kaffi, jakker og anna naudsynt utstyr. Som natteravn er ein tilstades for å støtta ungdomen, dei treng gjerne skyss heim, eit pledd eller kanskje eit plaster ila kvelden. Det er ikkje forventa at natteravnene skal vera vakt eller liknande på samlingane.
Er du forelder til ein ungdom? Ein tante, onkel eller besteforelder? Ein god nabo eller rett og slett ein frivillig som kan tenka deg å bidra? Ungdommane våre treng trygge vaksne rundt seg og dei set pris på det!
Meld deg gjerne som natteravn til Liven på mobil: 988 55 119.
Her samlast ungdom frå alle bygder i Kvinnherad så her treng me engasjement frå vaksne i alle bygder. ❤️
Hjelp oss gjerne å dele.