19/05/2026
Bli med på dugnad på Hegni 28 mai frå kl 16:00! 😍 Vi serverer pølser og kake.
HEGNI SOMMAR 2026 – VI GLEDAR OSS! ☀️
I sommar fortsett ungdommen i Bykle drifta på Hegni, og vi lovar god stemning heile sesongen! 💪🌿
Det blir liv og røre med kiosk, volleyballturnering, turistinformasjon og utleige av båt og SUP. Hegni skal bli ein triveleg stad å vere – enten du er lokal, turist, ung eller senior Her kan du slappe av, ta ein is i sola, eller møte gamle og nye vener! 🍦🚣♀️
🎈 Vi ønskjer å lage ein sosial møteplass for alle, og pynte området med lys og fine detaljar. Men før vi kjem så langt, treng vi ein liten felles innsats!
DUGNAD 28. mai frå kl. 16.00
Vi ryddar og lukar og gjer klart til sommaren – og DU er hjarteleg velkomen! Kom som du er, om du vil hjelpe litt, mykje, eller berre ta ein kaffi og slå av ein prat. Vi set pris på alle bidrag! ☕🌞
Vi serverer pølser og kake.
💡 Har du gode idear til korleis Hegni kan bli endå trivelegare i sommar? Del dei med oss!
Kontaktinfo: [email protected]