05/09/2026
For ein dag i Hjelmelandsvågen! 🧡 Tusen takk til alle utstillarar, frivillige og ikkje minst alle som tok turen. Vågen og Spinneriet bydde på gode smakar, kjekke varer, aktivitetar, musikk og folk i alle aldrar.
Og så må me sei: Det var skikkeleg kjekt å sjå at så mange tok turen, sjølv om det var meldt regn. Regn fekk me nok av, men det stoppa oss heldigvis ikkje frå å få ein herleg festivaldag 🤗🍎🐟
Me har mange kjekke bilder å dele, og meir kjem snart.