10/04/2026
Menneska bak Ryfylke IKS 💚
Me er så glade for å introdusera vår nye prosjektleiar for Trainee Ryfylke, Inger Johanne Vasshus
🎓 Utdanning og erfaring
Inger Johanne har økonomisk/administrativ utdanning, i tillegg til ulike fag og kurs ho har teke opp gjennom åra. Ho har brei erfaring frå fleire bransjar, mellom anna innan bygg, avis og steinbrot – og omtalar seg sjølv som ei «potet».
Gjennom karrieren har ho jobba med sal og marknadsføring, arrangement, HMS og dagleg leiing, og har til og med vore helgevakt som skipsagent. Ho kjenner også Ryfylke IKS frå før, då ho tidleg på 2000-talet var prosjektleiar for «Mat frå Ryfylke».
💛 Hjartesak
– «Det er kjekt å følgje med på kva ungdommar utdannar seg til og vel å arbeide med. Eg håpar mange av dei ser moglegheiter i regionen vår og ønskjer å etablere seg her. Unge kan bidra med mykje ny kunnskap og engasjement, men då må me jobbe for å tilby attraktive arbeidsplassar og inkludering.»
🌿 Fritid
På fritida trivst ho godt med musikk og kultur, og set stor pris på det gode tilbodet i Suldal. Når ho skal koble av, er hytta ved sjøen ein favoritt – der blir det gjerne fjellturar, båtliv eller rolege stunder med strikketøyet.
Heime har ho to aktive ungdommar, og kvardagen går ofte med til alt frå kulturskule og volleyball til å vere sjåfør på farten.
📍 Favorittplass i Ryfylke
Det er mange favorittplassar, både i naturen og der folk bur. Inger Johanne trivst både på sjøen og på heia – gjerne der utsikta opnar seg. Ho trivast godt i båten, gjerne ut mot Jelsa og Hebnes, og på fjellturar over tregrensa. Utsikta frå Napen er ein klar anbefaling.
💬 Det beste med jobben i RIKS
– «Eg er framleis ny i jobben og har mykje å setje meg inn i, men eg opplever allereie kollegaene som ein driftig gjeng med mykje kunnskap. Eg gler meg til å jobbe med traineeprosjektet og til å møte bedrifter i regionen for å utforske behov og moglegheiter i lag.»