NIBIO Fureneset

NIBIO Fureneset NIBIO Fureneset er ein forskingsstasjon i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane som driv forsking- og utviklingsarbeid innanfor grovfôrdyrking på Vestlandet.

Fureneset forskingsstasjon ligg ved kysten i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Lokaliseringa er representativ for kystsona i midtre og ytre fjordstrok på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og vind. Det har vore drive forsking på Fureneset sidan 1938. Arbeidsområde:
Hovudarbeidsområdet for medarbeidarane ved Fureneset er drenering, husdyrgjødsel, auka arealproduktivitet i grovfôrdyrking, klimatilpassing av gras og kløver, klimagassemisjon og skjøtsel av kulturlandskap. Fureneset har arbeidd mykje med spørsmål knytt til regionen Vestlandet. Fureneset vart oppretta i 1938, og det vart då vist til at ein særleg skulle dekka Hordaland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og delar av Romsdal. Jord, skog og forsøksfelt:
Jorda på Fureneset er mykje morenejord, dominert av kornfraksjonane sand og silt, og med eit lite og vekslande innslag av leire. Noko av morenejorda var i utgangspunktet karakterisert som grunn myr, men er no etter lengre kultivering mineraljord med moderat til høgt innhald av organisk materiale i matjordlaget. Noko av arealet er djup organisk jord, men her også med morenejord under. På Fureneset er det i drift tre forsøksfelt under gruppa langvarige tidsseriar, som har synt seg å vera interessante i forsøkssamanheng dels ut frå andre grunnar enn det dei i si tid var lagt ut for at ein skulle granska. Det er to felt lagt ut på organisk jord, det eine er tilført stigande mengde morenejord og skjelsand i overflata ved etablering (1977). Det andre er også lagt ut på organisk jord, middels djup med mineraljord under. Her er dyrkingsmåten omgraving med skråstilte lag (1977). Det siste er eit felt lagt ut i 1972 der ein granskar effekten av ulik lengde på engomløp;
•Kortvarig eng (3 år)
•Middels omlaupstid (6 år)
•Langvarig eng (fornya etter ca. 20 år)
•Varig eng

Desse felta er i dag nytta til å granska klimagassemisjon etter ulik dyrkingsmåte og driftsopplegg, og til å granska karbondynamikk i jord. Dyrka areal på Fureneset er om lag 230 dekar. Av dette vert om lag 90 dekar nytta til forsøksareal, inkludert areal i «kvileår» mellom forsøksperiodane. Størst areal vert nytta til grasfelt på oppdrag for GRAMINOR, dette omfattar m.a. såkalla «vestleg utprøving» av nytt sortsmateriale. Fureneset leiger også areal til forsøksfelt innanfor drenerings-, jordfysikk- og klimagasspørsmål. Dette gjeld dreneringsfelt, eitt med tradisjonell grøfting i Askvoll der det er bygd ut med ei omfattande instrumentering (12 dekar), og eitt felt med omgraving som dreneringsmåte i Fræna, Møre og Romsdal (3 dekar). Det er fleire samarbeidspartar med i dette prosjektet, som har hovudfinansiering frå NFR (FFL/JA), men med ei betydeleg medfinansiering frå næring og region på Vestlandet (fylkesmenn og fylkeskommunar), og eigenfinansiering frå NIBIO. Fureneset har også lysimeteranlegg, men dette er ikkje i forsøksmessig drift no. Jordarealet (ca. 120 dekar) som ikkje vert nytta til forsøksareal vert leigd bort til gardbrukarar i området. Utmarksarealet består både av areal som kan dyrkast, og av skog. Skogen er dels naturleg bjørk- og furuskog, dels planta skog av gran, sitkagran, furu (kystfuru), contortafuru og buskfuru/bergfuru. Ein god del av plantingane er leplantingar som tek av for framherskande vindretningar og som har betra det lokale klimaet. Bygg og infrastruktur:
Då Fureneset fekk nytt kontor og laboratoriebygg i 1994, var dette kompakt bygd og innreia. I kjellaretasjen er det arbeidsrom for grasprøver/handtering av grasforsøk med tørkeskap, hakke og mølle m.m. I første høgd er det innreia for laboratorium (jordlab., og det som i si tid var laboratorium for planteforedling m.a. med sterilbenk), i tillegg til nokre kontor. Andre høgd er rein kontorhøgd, og i loftsetasjen er det møterom. Det er også eit veksthus på Fureneset, opphaveleg bygd til grasforedling, men no meir sporadisk nytta. I kjellaren er det arbeidsrom med tørkeskap for grasprøvar, og kjøle- og fryserom. Fureneset er bra utstyrt for feltforsøk i jord- og plantekultur, både kva gjeld maskiner og teknisk utstyr elles. Nettverk og samarbeidspartnarar:
Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) Vest og TINE leiger kontorplass på Fureneset. NLR er også ein viktig samarbeidspartnar. Elles har Fureneset hatt tett og nært samarbeid med Fylkesmannen i vestlandsfylka, dette har gjeve grunnlag for fleire prosjekt med finansiering frå NFR, særleg, FFL/JA, og elles frå SLF. Samarbeidspartar elles er Universitetet i Bergen, NMBU, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Klimadirektoratet (tidlegare DirNat), og GRAMINOR. Samarbeidet med andre einingar i NIBIO har vore omfattande, og dette ligg til grunn i den nye modellen. Samarbeidsråda for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har ein eit tett og godt samarbeid med, sameleis i Møre og Romsdal, men der litt meir lausleg organisert

🌥️ På mandag klarte utnyttet vi en formiddag uten regn.✂️ Vi høstet blant annet er felt med ulike blandinger med strands...
10/06/2026

🌥️ På mandag klarte utnyttet vi en formiddag uten regn.
✂️ Vi høstet blant annet er felt med ulike blandinger med strandsvingel.
🌱 Feltet er i tredje engår, og vi tok ut planteprøver som skal sorteres i ulike arter for å se hvordan utviklingen i botanisk sammensetning har vært.

Inspirerande å delta på markdagar og møte dyktige bønder i Naustdal og på Hellevika i lag med Arve Arstein og Kolbjørn T...
04/06/2026

Inspirerande å delta på markdagar og møte dyktige bønder i Naustdal og på Hellevika i lag med Arve Arstein og Kolbjørn Taklo frå NLR. Det har vore ein hard vinter for raigraset og mange har direktesådd tidleg i vår. Etableringa har stort sett vore vellukka og vi fann nyspirt timotei, raigras og kløver. Diskusjonen gjekk i om ein fortsatt skal bruke raigras i blandingane. Der utgangen av raigras kjem sjeldan er det fortsatt aktuelt med raigras, men skjer det år etter år må ein revurdere. Strandsvingel og raisvingel er meir vinterherdige bladgras som har god gjenvekst utover sommaren, og er gode alternativ der ein vil ta 3 slåttar.

Vi var og innom gjødslingsstyrke med nitrogen. Sterkare gjødsling aukar proteinavlinga på garden, men med gjødselpris på 20 kr/kg N for Opti-NS blir det eit dyrt protein.

Kolbjørn Taklo minna oss på HMS. I travle tider er det viktig med regelmessige pausar (gjerne med tøy og bøy) og måltid.

No håpar alle på betre vêr enn meldingane neste veke for å få tatt ein førsteslått med god fôrkvalitet.

🌱 Den første svært tidlige innhøstingen på forsøksfeltene i Engklima-prosjektet er gjennomført.✅ De innsamlede prøvene e...
01/06/2026

🌱 Den første svært tidlige innhøstingen på forsøksfeltene i Engklima-prosjektet er gjennomført.
✅ De innsamlede prøvene er blitt ensilert, og andre prøver er under tørking.

I dag, 20. mai, er verdas biedag! 🐝 Denne dagen vert markert mellom anna for å synleggjere det viktige arbeidet biene gj...
20/05/2026

I dag, 20. mai, er verdas biedag! 🐝 Denne dagen vert markert mellom anna for å synleggjere det viktige arbeidet biene gjer. Biene har nemleg ei særs viktig rolle som pollinator, og bidreg både til matsikkerheit, men også i bevaring av økosystem slik vi kjenner dei i dag. Samstundes er dei også gode indikatorar på korleis naturen rundt oss har det, og mange bieartar er i dag påverka av nedbygginga av naturen og endra praksis i landbruket. Difor er denne dagen også viktig for å rette merksemd mot bevaring og forvaltning av biene og habitata dei er avhengige av 🌸

Visste du at vi i Noreg faktisk har 211 bieartar? Berre éin av desse er den domestiserte honningbia som dei fleste kjenner til. Dei resterande er ville bier, inkludert 35 humleartar og 175 artar av solitære bier 🐝 Kor mange av desse ein kan finne på Fureneset og omegn veit vi diverre ikkje, men heldigvis har vi eit prosjekt på stasjonen som kartlegger nettopp ville pollinatorar her i området😊

Forskar hjå NIBIO Fureneset, Silje Maria M. Høydal, har saman med kollegaen Jørund Johansen ved NIBIO i Bergen laga eit hefte om biene og andre pollinatorar i Noreg. I dag, på biedagen vart det publisert ei nyheitssak om dette heftet på NIBIO sine sider. Om du trykker deg inn på lenka under kan du lese både nyheitssaka, og finne heftet nederst på sida:

Én av tre norske biearter står på rødlista. På Verdens biedag 20. mai lanserer NIBIO et nytt hefte som skal gi bedre kunnskap om pollinatorene våre og hvordan vi kan hjelpe dem.

Då er vi i gang med automatisk måling av klimagassutslepp👌.Her tester vi om ulik avstand til grunnvasstand påverkar utsl...
15/05/2026

Då er vi i gang med automatisk måling av klimagassutslepp👌.
Her tester vi om ulik avstand til grunnvasstand påverkar utsleppa, og om strandrøyr taklar våte forhold betre enn ei timoteiblanding.
💦👨‍🔬

Det lukter vår her 🌸Forsøksfeltene er gjødslet med mineralgjødsel, og noen også med husdyrgjødsel, nøyaktig i henhold ti...
12/05/2026

Det lukter vår her 🌸
Forsøksfeltene er gjødslet med mineralgjødsel, og noen også med husdyrgjødsel, nøyaktig i henhold til prosjektplanene. Og selv om dagene er kjølige, vokser gresset nesten foran øynene våre.

Sesongen er i gang 🌱🪏☀️

Dyrka myr slepp ut mykje klimagassar, men ein ny studie frå NIBIO peikar på at dei truleg slepp ut mindre enn det me tid...
28/04/2026

Dyrka myr slepp ut mykje klimagassar, men ein ny studie frå NIBIO peikar på at dei truleg slepp ut mindre enn det me tidlegare har rekna med. Særleg gjeld dette der det er vått. På Fureneset skal me straks i gang med å måla klimagassutslepp frå tørr og våt myr, der det veks strandrøyr eller timotei/engsvingel-blanding.

Dyrket myr regnes som en vesentlig kilde til klimagassutslipp i Norges rapportering til FNs klimakonvensjon. En ny studie viser imidlertid at dagens beregningsmetode kan overvurdere CO₂ utslippene, særlig i områder med relativt høy grunnvannstand.

Forskinga og forskarar frå Fureneset har vore på tur til kongressen for europeiske engforskarar (EGF) i Portugal. Me lær...
20/04/2026

Forskinga og forskarar frå Fureneset har vore på tur til kongressen for europeiske engforskarar (EGF) i Portugal. Me lærde mykje spanande, og fekk innspel som er nyttige for den norske fôr- og husdyrforskinga.

Me presenterte resultat frå Grovfôrvekst-prosjektet om tidleg vårgjødsling, og frå Omlaupsfeltet, om karbonlagring i vestnorsk eng. Jaggu fekk me ein pris for plakaten om tidleg vårgjødsling òg. Det er stas!

Landbruket i Portugal skil seg veldig frå det norske, men me finn saman i dyr på beite og problem med søveikje.

06/03/2026
Gler oss til fagseminar på Voss!
04/03/2026

Gler oss til fagseminar på Voss!

Adresse

Fure
Hellevik
6967

Telefon

+4703246

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når NIBIO Fureneset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til NIBIO Fureneset:

Snarveier

Del