Hareid folkebibliotek

Hareid folkebibliotek Du finn oss i fyrste etasje i det nye, flotte, Helsehuset midt i sentrum av Hareid.

September har kome og SOMMARLES er over for i år...Lesekampanjen har no vore arrangert i Hareid kommune i heile 21 år🌞I ...
02/09/2026

September har kome og SOMMARLES er over for i år...
Lesekampanjen har no vore arrangert i Hareid kommune i heile 21 år🌞

I år las barna på Hareid 3400 bøker i løpet av sommaren🥰Mange med god hjelp av engasjerte føresette, barnehagelærarar og lærarar❤

Nytt for i år var at i staden for sider lese, så skulle minutter lese registrerast. Ikkje alle har vore glad for det.
No ligg der ei spørjeundersøking ute på Sommarlessida. Lenke til den anonyme undersøkinga finn du også her: innspill.sommerles.no/963192

Bileta her viser dei mest populære Sommarlesbøkene på landsbasis fordelt på klassetrinn.

Hugs at det ikkje er for seint å hente uavhenta premiar på biblioteket🥰Dei kan hentast i heile september.

1. september er nasjonal bibliotekdag.Folkebibliotekloven seier at alle kommuner i landet skal ha eit folkebibliotek som...
01/09/2026

1. september er nasjonal bibliotekdag.

Folkebibliotekloven seier at alle kommuner i landet skal ha eit folkebibliotek som stiller bøker og andre medium gratis til rådigheit for innbyggarane☺️
Det er kommunen si oppgåve å drifte folkebiblioteka og biblioteket skal i tilbodet sitt til barn og vaksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.

Visste du at du ikkje treng å ha eit spesielt ærend for å kome til biblioteket? Vel så viktig er den fysiske møtestaden som biblioteket er. Ein møtestad på tvers av alder, kjønn, etnisitet og sosial bakgrunn❤

Lesestunda på laurdagar er godt igong igjen, med både nye og kjente fjes.  Der både born og vaksne har ein kjekk og sosi...
31/08/2026

Lesestunda på laurdagar er godt igong igjen, med både nye og kjente fjes. Der både born og vaksne har ein kjekk og sosial føremiddag på biblioteket. Kan du tenke deg å lese ein laurdag? Ta kontakt med oss på biblioteket, eller Erlend Friestad i Hareid Mållag.

I dag hadde vi ei fin og roleg lesestund der Torunn Haugen las den nydelege boka "Den vesle blå haien" av Øyvind Vågnes....
29/08/2026

I dag hadde vi ei fin og roleg lesestund der Torunn Haugen las den nydelege boka "Den vesle blå haien" av Øyvind Vågnes.

Vi takkar Torunn for ei nydeleg lesestund❤

I samband med kong Harald Vs bortgang har Hareid kommune lagt ut kondolanseprotokoll to stadar: biblioteket og sjukeheim...
28/08/2026

I samband med kong Harald Vs bortgang har Hareid kommune lagt ut kondolanseprotokoll to stadar: biblioteket og sjukeheimen.

Her kan alle som ønsker det kome og skrive eit minne, ei siste helsing eller berre signere.

Protokollane vil bli liggande ute fram til gravferda. Hareid kommune vil så sende dei til slottet.

Biblioteket har ope:

Laurdag 10-14
Måndag 10-18
Tysdag 10-18
Onsdag 10-18
Torsdag 10-15
Fredag 10-15

På sjukeheimen ligg kondolanseprotokollen utanfor resepsjonen.

Sjukeheimen har ope alle dagar klokka frå klokka 08-19.


Hareid kyrkje har også ein kondolanseprotokoll i kyrkja. Dei har ope klokka 13-17 fredag, laurdag og søndag.

Foto: Erlend Friestad

Nokre papiraviser har no endra dagar for utgjeving!Her er avisene som du kan lese på biblioteket og slik vil dei kome ut...
21/08/2026

Nokre papiraviser har no endra dagar for utgjeving!

Her er avisene som du kan lese på biblioteket og slik vil dei kome ut:

Klassekampen: Mandag til laurdag
Møre-Nytt: Tysdag og laurdag
Sunnmørsposten: Tysdag, torsdag og laurdag
Vestlandsnytt: Tysdag og laurdag
Vikebladet: Tysdag og laurdag

NB! Klassekampen vert kanskje ikkje levert til biblioteket kvar dag, då den følger distribusjonsselskapet sine leveringsrutinar.

Visste du forresten at du på biblioteket finn ei nærast komplett samling av Vikebladet, Vestposten og Vikebladet/Vestposten sidan fyrste utgjeving?
Desse er ikkje til utlån, men kan lesast i biblioteket eller på studierommet. Spør i skranka😊

04/08/2026

Sjå her alle mellom 15 - 19 år!!
Spanande kunstprosjekt på Hareid.

Endelig er den her. Ein ny lesekampanje for dei yngste. "100 bøker før du er 6 år". Målet er å skape leseglede og dele g...
29/06/2026

Endelig er den her. Ein ny lesekampanje for dei yngste. "100 bøker før du er 6 år". Målet er å skape leseglede og dele gode boktips. Kom innom biblioteket og hent hefte med boktips og få lesebuttons for kvar 25 bok. Det å lese saman med borna er koselig, men også verdifullt for språket, fantasien og nysgjerrigheita. 😊
https://mrfylke.no/nyheiter/ny-lesekampanje-for-dei-yngste.40508.aspx

Adresse

Kjøpmannsgata 16 (Hareid Helsehus)
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 18:00
Onsdag 10:00 - 18:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4770095095

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hareid folkebibliotek:

Snarveier

Del