Hareid skule

Hareid skule Hareid skule har omlag 250 elevar i 1. - 7.trinn, har skulefritidsordning og ligg i sentrum av Hareid kommune.

🇳🇴🎶☀️I dag flaggar vi av fleire grunnar! Vi kjenner på pur glede over kva vi får til når vi arbeider i lag, og over å få...
17/06/2026

🇳🇴🎶☀️
I dag flaggar vi av fleire grunnar! Vi kjenner på pur glede over kva vi får til når vi arbeider i lag, og over å få vise fram det mangfaldige laget vårt som løftar kvarandre til å yte sitt beste, og vi feirar sjølvsagt landslagssigeren og vår eigen heimbygding, Fredrik Aursnes.

I går samla vi over 1000 publikummarar i strålande sol, med heile 280 barnerøyster som fylte Hareid med song, dans og ekte sommarstemning. Med så mykje flott korsong kan vi med rette kalla oss Korbygda Hareid – og det var ikkje eit snev av beskjeden stoltheit å spore på Hareid skule i dag!

Rikspressa var på plass for å dekke VM-feberen i bygda – og ja, den kjenner vi sjølvsagt godt på vi også! Med sol, VM-feber og eit publikum i toppklasse låg alt til rette for ei heilt fantastisk oppleving i sentrum av Hareid i går.

Dette var samspel, meistring og fellesskap på sitt aller beste. Tusen takk til alle som bidrog til ein kveld vi kjem til å bere med oss lenge!😍☀️

Stor takk til Anton Tonev for scene og lyd🤩

🎶⚽ Ein stor dag for Hareid!Klokka 17 inviterer Hareid skule til sommarkonsert i Åsendalen, medan Hareid-guten Fredrik Au...
16/06/2026

🎶⚽ Ein stor dag for Hareid!

Klokka 17 inviterer Hareid skule til sommarkonsert i Åsendalen, medan Hareid-guten Fredrik Aursnes same dag debuterer i VM på den største fotballscena av alle.

Lukke til, Fredrik – og god sommarkonsert til elevar, tilsette og publikum i Åsendalen! 🌞👏🇳🇴

🌈 Vi er litt av alt – akkurat slik vi likar det!Denne veka har vi fokus på mangfald. For kva hadde Hareid skule vore om ...
08/06/2026

🌈 Vi er litt av alt – akkurat slik vi likar det!

Denne veka har vi fokus på mangfald. For kva hadde Hareid skule vore om alle var like?
Her skal det vere plass til alle, og for å få det til å fungere, må vi jobbe saman!

🎶 Tysdag 16. juni inviterer vi til sommarkonsert i Åsendalen.
Vi gler oss til å fylle Hareid med lyd, latter, song og musikk!

Då får de sjå kva vi kan få til i lag når vi arbeider saman. 🎶

02/06/2026

Det var i alle fall ein gjeng klar for ungdomsskulen😉 7.trinn kombinerte bedriftsbesøk med Tussa og uteskule på Nessetelva sist fredag. Takk for vi fekk kome.🤩☀️

16/05/2026

🇧🇻GRATULERER MED NASJONALDAGEN🇧🇻

Nye generasjonar, anten vi kjem herifrå eller derifrå, syng stolt til ære for Noreg og den norske Grunnlova. Fridom, demokrati, likskap og tillit – verdiane som bind oss saman og ber oss vidare ❤️

7.trinn har dei siste tre vekene arbeidd med gruppearbeid i norsk med temaet «Tekstar som påverkar». I dag blei prosjekt...
13/05/2026

7.trinn har dei siste tre vekene arbeidd med gruppearbeid i norsk med temaet «Tekstar som påverkar». I dag blei prosjektet avslutta med storstilt premiere under «Gullfisken 2026»! 🎬✨

Her fekk vi sjå kreative reklamefilmar frå dei nyskapa reklamebyråa, med alt frå Adidas-sko, Potys potetgull til Lano, Lindas kantine og mykje meir.

Elevane har jobba med digitale verktøy, skodespel, logoar, verkemiddel i reklame – og ikkje minst det å halde presentasjonar framfor publikum. Med både jury og popkorn på plass blei det ekte feststemning i aulaen 🍿🏆

Vinnargruppa gjekk sjølvsagt heim med sitt eige Gullfisken-trofé! 🐟

Ei kjekk stund saman før langhelga ☀️

TALENTSHOW HAREID SKULE EDITION🌟I dag gjennomførte elevrådet ved Hareid skule siste del av årets talentshow. Første del ...
08/05/2026

TALENTSHOW HAREID SKULE EDITION🌟

I dag gjennomførte elevrådet ved Hareid skule siste del av årets talentshow. Første del vart arrangert allereie for to veker sidan, fredag 24/04.

Vi fekk inn rekordmange påmeldingar, og vi måtte difor gjennomføre heile to show for å få vist fram alle talenta vi har blant elevane!😄

Elevane har sunge, dansa, trylla, turna, fortalt vitsar, triksa med ball, spelt instrument og vist fram kunsten sin😍 Dei har vore fantastisk flinke, og ikkje minst tøffe!😎

Så er det på sin plass å rette ein TAKK til det kjekke og flinke elevrådet, som har planlagt dette. Dei har vore programleiarar, styrt lyd, vore scenearbeidarar, samt laga til og pynta i gymsalen før begge framsyningane👏🏻

Vi er stolte over det store engasjementet og dei flinke elevane vi har her på Hareid skule!😁 Hugs å sjekke ut bildedrysset🌟

«Skaper vi menneskeverd – skaper vi fred!Vi vil ta vare påskjønnheten, varmen – som om vi bar et barnvarsomt på armen!»V...
08/05/2026

«Skaper vi menneskeverd – skaper vi fred!

Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen –
som om vi bar et barn
varsomt på armen!»

Vi flaggar for FRED – FRIDOM – DEMOKRATI

Alltid kjekt med gode leseopplevingar❤️ Takk🙏
07/05/2026

Alltid kjekt med gode leseopplevingar❤️ Takk🙏

Diameter, radius, rotasjon, omkrins, centimeter, pi og 90-graders vinkel… ja, kva var eigentleg det? 🤔Dette er omgrep el...
28/04/2026

Diameter, radius, rotasjon, omkrins, centimeter, pi og 90-graders vinkel… ja, kva var eigentleg det? 🤔

Dette er omgrep elevane ofte møter på skulen – og det er ikkje alltid like lett å halde styr på alt.

Elevane på 6. trinn ved Hareid skule har vore så heldige å få besøke Newton-rommet i Volda, takka vere midlar frå Vekst i Hareid og næringslivet 🙌 Her fekk dei utforske realfag på ein praktisk og spennande måte gjennom kjekke aktivitetar og utfordringar.

Gjennom dagen har elevane forska, rekna, samarbeidd, prøvd og feila – akkurat slik god læring skal vere!

Besøket er ein del av ei større satsing der alle 6.- og 9.-klassingar i Hareid kommune får teste Newton-konseptet i Volda. Dette gir verdifulle erfaringar både for elevane og for det vidare arbeidet med Newton Hareid.

Tusen takk for at vi fekk kome!
Kanskje vi ein dag kan få til noko liknande hos oss også? 😍

Adresse

Drammensvegen 14
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4770037630

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hareid skule:

Del