Fjordane Friluftsråd

Fjordane Friluftsråd Friluftsliv – ein naturlig del av kvardagen for alle! Solund, Hyllestad, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn

Lat oss nytte friluftslivets veke til å ta litt ekstra vare på oss sjølve og kvarandre. Inviter med ein ven, nabo eller ...
07/09/2026

Lat oss nytte friluftslivets veke til å ta litt ekstra vare på oss sjølve og kvarandre. Inviter med ein ven, nabo eller kollega for ein god prat på turen. I Stikk UT! appen finn ein alltid ein nærtur som alle kan vere med på ❤👬🥾

Stikk UT! Festival i Friluftslivets veke handlar om turglede og frisk luft, uansett ver. Ta gjerne ein ekstra tur eller to denne veka. 🌦

Søk motivasjonsmidlar hausten 2026!Det er no opna for søknader til haustens motivasjonsmidlar. Vi ønskjer å støtte rydde...
21/08/2026

Søk motivasjonsmidlar hausten 2026!

Det er no opna for søknader til haustens motivasjonsmidlar. Vi ønskjer å støtte ryddeaksjonar frå alle typar grupper, uansett alder og organisering. Enten de er ein skuleklasse, eit lag eller ei foreining, ei bedrift, ein vennegjeng eller enkeltpersonar som vil bidra, er alle hjarteleg velkomne til å søkje. Dette er ei flott moglegheit til å gjere ein konkret og synleg forskjell for naturen i dykkar eige nærmiljø, til glede for både naturmangfaldet og lokalsamfunnet. Kystlinja vår er lang og vêrutsett, og kvart år skyl det framleis store mengder marint avfall i land. Heldigvis har regionen eit sterkt og unikt frivillig engasjement for strandrydding. Saman kan vi ta vare på kystområda våre og redusere forsøplinga.

Søknadsfristen er søndag 6. september.
Svar vert sende ut så raskt som mogleg etter fristen.

Ved spørsmål om søknaden, ring 482 22 238 eller send e-post til [email protected].

Vi ser fram til å støtte mange flotte initiativ!

Vi oppmodar alle til å arrangere ein strandryddeaksjon: skular, næringsliv, organisasjonar, lag, kommunar og enkeltpersonar.

Bli med på tur i Måløy 16. juni klokka 13:00 ved Måløy stadion.Frisklivsvenn Måløy er eit nytt og gratis tilbod i samarb...
15/06/2026

Bli med på tur i Måløy 16. juni klokka 13:00 ved Måløy stadion.

Frisklivsvenn Måløy er eit nytt og gratis tilbod i samarbeid mellom Fjordane friluftsråd og Frisklivssentralen i Kinn. Målet er å skape eit trygt og sosialt fellesskap der vi møtast rundt lågterskel gåturar og den gode praten i pausen.

Turane er enkle lågterskelturar som passar for alle som vil ha nokon å gå på tur saman med.

Vi håpar alle som er interessert finn vegen til Måløy stadion klokka 13:00 på tysdag. Første tur vil vere i trimløypa rundt Skramstadvatnet, og i pausen vil det verte innformasjon om Frisklivsvenn gruppa.

Møt opp med godt humør, og gjerne kaffe og ein matbit i sekken.

Stikk UT! tursommaren er i gang! ☀ 🥾No er dei høgaste turane klare for turar i sommar! Du finn turmål frå ytst i Solund ...
03/06/2026

Stikk UT! tursommaren er i gang! ☀ 🥾

No er dei høgaste turane klare for turar i sommar! Du finn turmål frå ytst i Solund til høgt oppe i Stryn kommune – og alt imellom.

Utforsk alt frå fjøresteinane ved kysten til storslagne utsyn i fjellet. Uansett om du likar korte nærturar eller lengre toppturar, finst det noko for alle.

I år er det òg fleire nye turar å oppdage. Alle turmåla finn du i Stikk UT!-appen. Link til alle turmål finn du i kommentarfeltet.

God tur, og nyt sommaren ute i den vakre naturen vår!

Skjærgårdstjenesten i Fjordane Friluftsråd på jobboppdrag for Solund kommune
29/05/2026

Skjærgårdstjenesten i Fjordane Friluftsråd på jobboppdrag for Solund kommune

Kvar nye dag med rydding på Bulandet/Værlandet byr på rikelege fangstar for Rydd i Tide-teamet ☀️
07/05/2026

Kvar nye dag med rydding på Bulandet/Værlandet byr på rikelege fangstar for Rydd i Tide-teamet ☀️

Bli med i andregongstenesta i Florø! Vi har tre ryddingar i mai. Bli med på dei som passar deg.Tusen takk til Sparebanks...
06/05/2026

Bli med i andregongstenesta i Florø! Vi har tre ryddingar i mai. Bli med på dei som passar deg.

Tusen takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune som har gjort det mogleg å starte opp dette nye og meiningsfulle friluftstilbodet. Vi startar i Florø, men vil snart få andregongstenester i fleire tettstader i medlemskommunane.

Ta kontakt dersom du ønskjer å være med på rydding nær deg!

Adresse

Hardbakke
6924

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4799487500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjordane Friluftsråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fjordane Friluftsråd:

Snarveier

Del