17/03/2026
FN-rollespel i kommunestyresalen i Gol 11.mars 2026
Klasse 1STA og 1STB studiespesialisering ved Gol vgs har hatt eit rollespel om konflikten og krigen i Sudan i kommunestyresalen i Gol.
Dette var i regi av FN-sambandet, og skulle førestille eit møte i tryggingsrådet i FN, der landdelegasjonar i grupper av elevane som representerte dei fem veto-landa og fire andre land som sit i rådet no, debatterte og freista koma fram til eit felles resolusjonsforlag for å gjera tiltak i konflikten.
Elevane hadde sett seg godt inn i FN, og FNs rolle og kvar sine land - det var stort engasjement gjennom eit langt møte over fire timar, med gode innlegg, noko debatt, og arbeid i kulissane for å koma fram til ei felles fråsegn frå tryggingsrådet - ein tekst, til løysing eller demping av konflikten, som tryggingsrådet og FN heilt og fullt kunne stille seg bak.
No måtte teksten filast på og skrivast om, for å unngå at eitt eller fleire av vetolanda skulle røyste imot heile resolusjonen, og framlegg til endringar og små justeringar vart prøvde i tråd med god møteskikk, Det lykkast gjennom intense møte "på gangen" å koma fram til ei så pass open tekst, at resolusjonen gjekk gjennom og vart vedteken.
Me lærarane, og "presidenten" frå FN-sambandet som styrte møtet, var godt nøgde med engasjement og interesse frå heile gruppa. Det var gode innlegg og debatt under møtet; og jamt med ei øving og læring i korleis internasjonal politikk fungerer, fekk elevane vist gode evner i å drive praktisk politikk som kan koma til nytte for samfunnet, ikkje minst i kommunane her og i organisasjonslivet.
Det trengst påfyll av folk til lokalpolitisk arbeid, og eit slikt rollespel, vil me tru, øver elevane i demokratibygging og medborgarskap.
Tekst av Oddmund Vestenfor, faglærar i samfunnskunnskap