Fyresdal kommune

Fyresdal kommune Velkomen til Fyresdal kommune! Her kjem informasjon om stort og smått som skjer hos oss. I nokre tilfelle vil vi slette kommentarar og stenge kommentarfelta.

Det er nettsida til Fyresdal kommune som er hovudkjelda til kommunal informasjon. Ein treng ikkje å ha ein Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommunen. Det er fellestenesta som legg ut innlegg og svarar på spørsmål og kommentarar. Vi svarar så raskt vi kan, men vi svarar ikkje på enkeltsaker som krev saksbehandling. Dette vil t.d. vere dersom skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller taushetsplikt. Det same gjeld der kommentarane ikkje har noko med den aktuelle saken å gjere og ved kommentarar med upassande språk. Facebook har 13-års aldersgrense. Kommunens Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom, også for barn på 13. Kommunedirektøren er øvste ansvarlege for kommunens behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar på kommunens Facebookside er delegert til fellestenesta. Fyresdal kommune har eit personvernombod og ei personvernerklæring - les meir om dette her: https://www.fyresdal.kommune.no/personvern.503248.nn.html

🏊‍♀️ Symjehallen opnar 1. september!Vi er glade for å kunne opne symjehallen for publikum allereie frå 1. september – ei...
03/09/2026

🏊‍♀️ Symjehallen opnar 1. september!

Vi er glade for å kunne opne symjehallen for publikum allereie frå 1. september – ein månad tidlegare enn vanleg!

Opningstider:
Onsdag kl. 17.00–21.00
Fredag kl. 17.00–21.00
Laurdag kl. 11.00–15.00
Velkomen til symjehallen!

📷 Foto: Fyresdal kommune.

🌿 Ledige stillingar – sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar opptil 100%Vi søkjer sjukepleiarar, vernepleiarar ...
03/09/2026

🌿 Ledige stillingar – sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar opptil 100%

Vi søkjer sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar til faste stillingar – opptil 100 %. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, empatisk og serviceinnstilt, og som trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre.
📌 Fleire stillingsprosentar er ledige – mellom anna 100 %, 70 % og 13,8 %.
📅 Søknadsfrist:14.09.2026

Les meir om stillinga og søk her

Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for...

🍀 Ledig stilling: sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar 62,4 % fast nattstilling.Vi søkjer ein sjukepleiar, ve...
03/09/2026

🍀 Ledig stilling: sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar 62,4 % fast nattstilling.

Vi søkjer ein sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar til 62,4 % fast nattstilling. Du blir ein del av eit godt team der vi legg vekt på kvalitet, omsorg og fagleg utvikling. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, empatisk, initiativrik og som trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre.
📅 Søknadsfrist: 15.09.2026
Les meir om stillinga og søk her

Informasjon om FV355 🚧 Vi ser spørsmåla dykkar, og vi gjer vårt beste for åoppdatere informasjonen så raskt som vi kan. ...
01/09/2026

Informasjon om FV355 🚧
Vi ser spørsmåla dykkar, og vi gjer vårt beste for å
oppdatere informasjonen så raskt som vi kan. Takk for tolmodet!🙏
🚧Tysdag 1. september september vil det føregå gravearbeid ved Grandal og Nordå bruer på FV355. Vegen vil vere heilt stengd frå kl. 18.00 til
24.00.
🚦 Onsdag 2. og torsdag 3. september vil
det vere trafikkregulering på same strekning.
De som køyrer denne strekninga til vanleg, blir anbefalte å
følgje med på vegvesen.no⁠ for oppdatert informasjon.
Gravearbeidet er i samband med at Telemark fylkeskommune
skal sjekke tilstanden på brulandkarane.

Forestillinga i Fyresdal er avlystForestillinga som skulle haldast i Fyresdal i morgon, er dessverre avlyst.Alle som har...
28/08/2026

Forestillinga i Fyresdal er avlyst

Forestillinga som skulle haldast i Fyresdal i morgon, er dessverre avlyst.

Alle som har kjøpt billett, vil bli kontakta direkte av arrangøren med informasjon om kva som skjer med billettane.

Vi beklagar ulempene dette medfører, og takkar for forståinga.

Sorg etter Kong Harald Vs bortgangFyresdal kommune deltek i sorga etter bortgangen til H.M. Kong Harald V.Det blir flagg...
28/08/2026

Sorg etter Kong Harald Vs bortgang

Fyresdal kommune deltek i sorga etter bortgangen til H.M. Kong Harald V.

Det blir flagga på halv stang i sorgperioden fram til gravferda er gjennomført.
Det er også lagt ut ein offisiell kondolanseprotokoll i resepsjonen på kommunehuset for dei som ønskjer å uttrykkje sorga si og heidre minnet til Kongen.

For meir informasjon, sjå nettsida vår.
https://www.regjeringen.no/

⚠️ Oppdatert informasjon om stenging av Fv. 355Vi ser at det har kome fleire spørsmål i kommentarfeltet om stenginga av ...
26/08/2026

⚠️ Oppdatert informasjon om stenging av Fv. 355

Vi ser at det har kome fleire spørsmål i kommentarfeltet om stenginga av Fv. 355. Vi har derfor undersøkt dette nærare med entreprenøren som skal utføre arbeidet, og har fått følgjande oppdaterte informasjon:

🚧 Tysdag 1. september
Vegen blir heilt stengd mellom kl. 07.00 og 23.00 på grunn av prøvegraving ved bruer for å undersøkje fundamentet i veg og bru. Dette er for å sjekke om det er behov for ekstra sikringstiltak før transporten til datasenteret i Fyresdal.

🚦 Onsdag 2. og torsdag 3. september
Det vil vere arbeid på vegen desse dagane med opprydding, fresing og reasfaltering. Det vil vere dirigering av trafikken, og det må påreknast ventetid.

Denne informasjonen er motteken direkte frå entreprenøren som skal utføre arbeidet.
Takk for at de gjer oss merksame på spørsmåla – vi håpar denne presiseringa gjer det lettare å planleggje køyringa dei aktuelle dagane.

📢 Datoen for arbeidet er endra til tysdag 25. augustPå grunn av planlagt arbeid på det kommunale leidningsnettet tysdag ...
25/08/2026

📢 Datoen for arbeidet er endra til tysdag 25. august

På grunn av planlagt arbeid på det kommunale leidningsnettet tysdag 25. august, kan enkelte abonnentar oppleve variasjonar i vasstrykket på dagtid. Nokre få abonnentar i Grunnvik vil vere utan vatn i ein kort periode medan arbeidet pågår. Etter at arbeidet er ferdig, kan det oppstå noko misfarging av vatnet. Dette er heilt ufarleg.
Dersom du opplever misfarging, er det berre å la vatnet renne litt til det blir klart igjen.💧
Takk for tolmodet og forståinga!

🍀 Ledig stilling: BadevaktVi søkjer badevakter til symjehallen i Fyresdal!Vi har behov for både tilkallingsvikarar og me...
24/08/2026

🍀 Ledig stilling: Badevakt

Vi søkjer badevakter til symjehallen i Fyresdal!
Vi har behov for både tilkallingsvikarar og medarbeidarar i faste deltidsstillingar på 10 og 15 %.
Arbeidet er hovudsakleg på ettermiddag, kveld og helg etter arbeidsplan.

📍 Symjehallen
🕒 Kvelds- og helgearbeid etter arbeidsplan
📅 Søknadsfrist: 30.08.2026
Les meir om stillinga og søk her 👇

Vi utvidar våre opningstider og kulturtilbod, og er i samband med dette på leit etter tilsette, både som tilkallingsvikar og i små faste stillingar. Stillinga er i symjehallen som badevakt. Det er helge- og kveldsarbeid i fast arbeidsplan i liten stillingsprosent.

🌿 Første skuleveka går mot slutten!Vi håpar de har hatt ein fin start på det nye skuleåret.Vêret viser seg frå si beste ...
22/08/2026

🌿 Første skuleveka går mot slutten!

Vi håpar de har hatt ein fin start på det nye skuleåret.
Vêret viser seg frå si beste side her i kommunen, og vi håpar de får nokre fine dagar vidare denne veka ☀️

Og til slutt – ei lita oppdatering: Dei tre store matboksane vi etterlyste, har blitt funne og er tilbake på plass! 🙌

Tusen takk til alle som hjelpte til med å leite og delte innlegget vårt. Det set vi stor pris på! 💚

God helg når den tid kjem, og nyt det fine vêret! ☀️

Adresse

Klokkarhamaren 6
Fyresdal
3870

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4735067100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fyresdal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fyresdal kommune:

Snarveier

Del