𝗙𝗔𝗖𝗘𝗕𝗢𝗢𝗞-𝗥𝗘𝗧𝗡𝗜𝗡𝗚𝗦𝗟𝗜𝗡𝗝𝗘𝗥
Velkomen til Herøy brann og redning si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon om førebyggjande arbeid og kjekke glimt knytt til tenesteområdet vårt. Viktig informasjon blir også delt på nettsida til Herøy kommune. Denne Facebook-sida er drifta av tilsette ved Herøy brann og redning. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er di
n eigen policy like viktig som Herøy brann og redning (Herøy kommune) sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sida vår, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre som er offentlege. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og media står i, for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Ta kontakt med oss på tlf., e-post eller via Messenger. Vi minner om at du ikkje skal sende sensitiv informasjon på e-post eller Messenger. Kontaktinfo finn du her: www.heroy.kommune.no