Herøy folkebibliotek

Herøy folkebibliotek Biblioteket er ein stad for læring, kunnskap, opplevingar og deltaking. Du kan ta kontakt med biblioteket også utanom opningstida, viss du treng oss! JA TAKK!

Her er vanlegvis folk kvar arbeidsdag frå kl 8.30.


𝗙𝗔𝗖𝗘𝗕𝗢𝗢𝗞-𝗥𝗘𝗧𝗡𝗜𝗡𝗚𝗦𝗟𝗜𝗡𝗝𝗘𝗥
Velkomen til Herøy folkebibliotek si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon og kjekke glimt knytt til tenesteområdet vårt. Viktig informasjon blir også delt på nettsida til biblioteket. Denne Facebook-sida er drifta av tilsette ved Herøy folkebibliotek. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på

Facebook. Derfor er din eigen policy like viktig som Herøy folkebibliotek sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på vår Facebook-side, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og media står i, for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Ta kontakt med oss på tlf., e-post eller via Messenger. Vi er også på Instagram og Snapchat. Du finn både kontaktinformasjon og meir informasjon på nettsida vår: https://www.heroy.kommune.no/heroyfolkebibliotek

🐥 Påska nærmar seg! Vi vil gjerne minne om at biblioteket er ubemanna i påska, og då er det ingen tilsette til stades. V...
27/03/2026

🐥 Påska nærmar seg!

Vi vil gjerne minne om at biblioteket er ubemanna i påska, og då er det ingen tilsette til stades. Vi ber difor om at de ikkje leverer inn bøker desse dagane, slik at dei ikkje blir liggjande utan tilsyn.

Tusen takk for at de hjelper oss med å ta vare på både bøker og bibliotek. 💛

God påske!

Biletet er laga med kunstig intelligens.

Har du nok bøker til påska? Fredag 27. mars er siste dag med bemanna bibliotek før påska. 🐣Spør oss om korleis du kan få...
26/03/2026

Har du nok bøker til påska? Fredag 27. mars er siste dag med bemanna bibliotek før påska. 🐣
Spør oss om korleis du kan få tilgang til det ubemanna biblioteket. 🐥

Biletet er laga med kunstig intelligens.

Påska på biblioteket.
20/03/2026

Påska på biblioteket.

19/03/2026

Bibliotekemøtet i Molde er over og nesten hele styret var til stede. Vi skal dele bilder, men aller først puste litt ut. Vi benytta sjansen til å ta et bildet av oss i styret. Fra venstre bak: Randi Tveit Solheim, kasserer, Marianne Følsvik (styremedlem). Fra venstre foran: Gunn Heidi Knudseth-Michalsen, nestleder, Grethe Marie Rødseth, sekretær og Merete Bratsberg Aae, leder. Hanne Grindalmen var ikke tilstede da vi tok bildet.

Foto: Arne Olav Hageberg / Bok & bibliotek

Stor takk til Bente Elvebu som las frå boka si: Kolbjørn Ragnarsson og slaget ved Hjørungavåg! Boka kan lånast på biblio...
14/03/2026

Stor takk til Bente Elvebu som las frå boka si: Kolbjørn Ragnarsson og slaget ved Hjørungavåg! Boka kan lånast på biblioteket. 📖

Torsdag 19. mars er biblioteket ubemanna pga. kurs. Har du meirope-kort, kjem du likevel inn 🙂Spør oss om tilgang til me...
11/03/2026

Torsdag 19. mars er biblioteket ubemanna pga. kurs. Har du meirope-kort, kjem du likevel inn 🙂

Spør oss om tilgang til meirope bibliotek!

10. april skal Tom Roger Aadland underhalda på Bogne. Boka hans "Alle dei i ei" kan lånast på biblioteket. 🙂
06/03/2026

10. april skal Tom Roger Aadland underhalda på Bogne.
Boka hans "Alle dei i ei" kan lånast på biblioteket. 🙂

Tom Roger Aadland er en av landets mest kritikerroste artister de siste årene. Fredag 10. april besøker han Fosnavåg i følge med den eminente gitaristen Kjetil Steensnæs...

Adresse

Rådhusgata 12, FOSNAVÅG
Fosnavåg
6090

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Herøy folkebibliotek:

Del