Førde bibliotek i Sunnfjord

Førde bibliotek i Sunnfjord Førde bibliotek er hovudbiblioteket i Sunnfjord kommune. Biblioteket ligg i Førdehuset. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; (lenke til eiga nettside)

Onsdag 26. august opnar ikkje biblioteket før kl. 12.00. Dei som har avtale om meirope kan logge seg inn  som vanleg.
24/08/2026

Onsdag 26. august opnar ikkje biblioteket før kl. 12.00. Dei som har avtale om meirope kan logge seg inn som vanleg.

Sommarles er over om ti dagar, den 31. august, og vi på biblioteka i Sunnfjord vil nytte høvet til å skryte uhemma av al...
21/08/2026

Sommarles er over om ti dagar, den 31. august, og vi på biblioteka i Sunnfjord vil nytte høvet til å skryte uhemma av alle deltakarane våre! Vi har forstått at i år har det vore litt tyngre for enkelte, sidan poengsystemet har vore endra frå tidlegare. Vi er glade for alle tilbakemeldingar, og tek dei med oss til utviklarane av Sommarles.

Takk for hyggelege samtaler og gode boktips undervegs. Takk for tålmodigheita når de har måtte stå i kø og vente litt på å få premie. Takk for deltakinga, vi håpar de vil bli med på Sommarles neste år også.

Siste dag for å hente ut premiar er 15. september

Vårt vesle dyrkingsprosjekt i pallekarmar utanfor Førdehuset har vel vore berre sånn delvis vellukka😉 Vi fekk i jorda no...
18/08/2026

Vårt vesle dyrkingsprosjekt i pallekarmar utanfor Førdehuset har vel vore berre sånn delvis vellukka😉 Vi fekk i jorda nokre kålplantar, sådde litt gulrøtter, sukkererter og blomkarse. I tillegg sette vi poteter. "Gartnarbibliotekarane" tok ferie, og i den perioden nytta brunsniglane sjansen til å riktig kose seg med kålblad og gulrøtter. MEN, poteter og blomkarse har greidd seg fint! (Asterix).

Korleis går det med Sommarlesbingo, gode lånarar?! Har du lese ei bok som "gjev deg sommarstemning"? Bok med handling fr...
07/08/2026

Korleis går det med Sommarlesbingo, gode lånarar?! Har du lese ei bok som "gjev deg sommarstemning"? Bok med handling frå Australia? Ei bok om kunst eller ein kunstnar? Dette er nokre av utfordringane i Sommarlesbingo 2026 - der du kan registrere bøker du har lese frå 1. juni - 31. august. Det vert trekning av fine premiar i starten av september. Skjema og lesetips får du på biblioteka! 😎🌷

Manglar du lesestoff? Ventar du på ei bok du har reservert? Etter ein periode med ferieavvikling er no Førde bibliotek, ...
03/08/2026

Manglar du lesestoff? Ventar du på ei bok du har reservert? Etter ein periode med ferieavvikling er no Førde bibliotek, Vassenden og Sande bibliotek opne att med ordinær opningstid. Det er fullt i reserveringshylla, så flott om de hentar bøker de har venta på!

​Opningstider i Førde:
Måndag og torsdag kl. 10-18
Tysdag, onsdag, fredag kl. 10-15
Laurdag kl. 10-14

Velkomen til oss!

Ver vennleg og hald på bøkene heime så lenge. Sjå bort frå påminningane frå oss denne veka – dette ordnar vi opp i når v...
20/07/2026

Ver vennleg og hald på bøkene heime så lenge. Sjå bort frå påminningane frå oss denne veka – dette ordnar vi opp i når vi opnar att 28. juli!

Rekordoppmøte på forfattarsamtale med Rima Iraki på biblioteket! Førdefestivalen
03/07/2026

Rekordoppmøte på forfattarsamtale med Rima Iraki på biblioteket! Førdefestivalen

Lurer du på opningstidene på biblioteket? Her på Førde bibliotek vert det ordinær, betjent opningstid denne veka og dei ...
24/06/2026

Lurer du på opningstidene på biblioteket? Her på Førde bibliotek vert det ordinær, betjent opningstid denne veka og dei 2 første vekene i juli: måndag og torsdag kl. 10.00–18.00, tysdag, onsdag, fredag kl. 10.00–15.00 og laurdag kl. 10.00–14.00.

Frå 13. juli til 2. august vert det ein del endringar i opningstida, og veke 30 er biblioteket heilt stengt. Dette gjeld også meirope/sjølvbetjent bibliotek.
Følg med på facebook og nettsida vår for oppdatert informasjon utover sommaren. https://sunnfjordbibliotek.no/

Adresse

Angedalsvegen 5
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4757721909

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Førde bibliotek i Sunnfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Førde bibliotek i Sunnfjord:

Snarveier

Del