04/09/2026
Gode sambygdingar
Det er diverre lite som tyder på at me står framfor ei snarleg løysing på krigen i Ukraina. Framleis mistar menneske livet kvar einaste dag, og lidingane held fram for millionar av menneske.
Samtidig går den militære teknologiutviklinga svært raskt. Særleg utviklinga innan droneteknologi har vore enorm. Me ser stadig nye måtar teknologien blir nytta på i krigføringa, og dette er ei utvikling som truleg vil påverke både forsvar og tryggleik i verda i mange år framover.
Krig er grusamt. Nesten dagleg får me meldingar om nye menneske som er drepne eller skadde. Når tala blir store og meldingane kjem dag etter dag, er det lett å gløyme at bak kvart einaste tal står eit menneske – med familie, vener, draumar og eit liv som brått er rive bort.
Dei siste vekene har det kome rundt 100 nye menneske frå Ukraina som har søkt kollektiv beskyttelse i Noreg. Det minner oss om at krigen framleis driv menneske bort frå heimane sine, sjølv om han ikkje lenger får den same merksemda i nyhendebiletet kvar dag.
Noreg er òg inne i ei offisiell sørgjetid. Me har mista ein konge som var svært godt likt, og som for mange var eit samlande symbol for landet vårt. Gjennom mange år representerte han Noreg både heime og ute, og han gjorde ein viktig innsats for å fremje norske interesser og norsk næringsliv internasjonalt.
Men kanskje viktigast av alt var han til stades for folket i både gode og vanskelege tider. I møte med sorg og nasjonale kriser hadde han ei eiga evne til å finne ord som samla oss.
Her i kommunen har me valt å flagge på halv stong fram til gravferda onsdag, som eit uttrykk for respekt og medkjensle.
Samtidig har Noreg fått ein ny konge, Håkon. Han er godt førebudd på oppgåva, har stor respekt i befolkninga og har gjennom mange år vist eit sterkt engasjement for landet og menneska som bur her. Eg trur kong Håkon vil bli ein trygg og samlande konge for Noreg i åra som kjem.
Livet på Fedje
På Fedje går livet sin vante gang. Skulen og barnehagen er komne godt i gang etter sommaren, og kvardagen har igjen funne rytmen sin.
Fedje kommune deltek i prosjektet «Læring i næring», i regi av JobbMot og Nordhordland Næringslag. Gjennom prosjektet kan elevar i 10. klasse søkje om jobb i haust- og vinterferien. Elevane får opplæring i korleis dei skriv jobbsøknad og CV, og dei får erfaring med å delta på jobbintervju. For mange kan dette bli eit godt og viktig første møte med arbeidslivet.
Prosjektet handlar ikkje berre om å gi ungdommane arbeidserfaring her og no. På lengre sikt handlar det òg om å vise dei kva arbeidsplassar og moglegheiter som finst i regionen vår. Skal me lukkast med å få ungdom til å flytte heim att etter utdanning, må dei tidleg få kjennskap til arbeidslivet og moglegheitene som finst her.
I slutten av august var elevane på bedriftsmesse på Årås skule, der dei fekk møte ulike bedrifter frå regionen og høyre meir om kva dei arbeider med.
I dag, fredag, deltek elevane frå 8.–10. klasse på Ungdomsmila i Knarvik. Dette har etter kvart blitt ein fin tradisjon. Elevane våre er sporty og stiller til start saman med mange andre ungdommar frå heile regionen. Eg håpar dei får ein flott dag – og at dei som spring, kjem seg over målstreken med eit smil!
Nyhende frå Eskjeret
Det har vore krevjande å få tørka nok høy i år. Sommaren har diverre i liten grad vore til stades, i alle fall dersom ein måler han i talet på samanhengande dagar med sol og tørkevêr.
Eg har endeleg fått tørka ein god del høy, men har framleis litt att heime, i tillegg til eit stykke hos ein nabo som eg gjerne skulle ha slått. No byrjar eg å tvile på om det blir mogleg å få meir tørt høy i hus i år. Men eg har ikkje gitt opp heilt enno.
Gustav byrjar å bli vaksen, men nyttar framleis Hermann som sitt personlege tyggebein. Det spesielle er at dersom me kjeftar for mykje på Gustav, byrjar Hermann å lage lyd. Det verkar nesten som om han meiner me er urimelege med Gustav. Hermann har tydelegvis mykje meir tolmod med han enn det eg har.
Eg har òg prøvd å få Gustav med meg på nye turar i båten, men det vart meir krevjande enn eg hadde sett føre meg. Han nekta plent å gå ned i båten. Eg prøvde både overtaling og andre gode metodar, men til slutt enda det med at eg gjekk heim att med han. Båtlivet får me tydelegvis ta litt etter litt.
Gustav har heller ikkje forstått at dei fleste sauane ikkje er redde for han. Han trur framleis at han er den tøffaste på Eskjeret. Så langt har det gått bra. Han har klart å springe unna når sauane kjem etter han, men eg fryktar at han før eller seinare får seg ein lærepenge på same måten som Hermann fekk. Eg kan håpe at han lærer før den tid, men eg må innrømme at eg ikkje er særleg optimistisk.
Me har òg fiska litt krabbe i sommar. Eg prøvde å setje teinene ned mot 50 meters djup for å sjå om me kunne få krabbe med litt meir mat i. Resultatet var ikkje heilt som håpa.
Den største forskjellen var eigentleg at i staden for 20–30 krabbar i kvar teine, fekk eg to. Eg prøvde dette fire gonger. Dersom dei to hadde vore stappfulle av mat, kunne det kanskje vore verdt det, men eg kan ikkje påstå at det var meir mat i dei enn i krabbane eg drog opp frå rundt 20 meters djup.
Så konklusjonen etter årets vitskaplege krabbeforsøk på Eskjeret må førebels vere enkel: Det er meir arbeid å dra teiner frå 50 meter – og langt færre krabbar å vise fram når teina kjem opp.
Nyt dagane, alle saman!
Helsing
Stian Herøy
Ordførar i Fedje kommune