Etne Kommune

Etne Kommune Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. JA TAKK! Kvifor?

Velkommen til Etne kommune si side på Facebook. Her får du nyttig informasjon og glimt frå Etne. All viktig informasjon frå Etne kommune finn du på heimesidene våre. Du treng ikkje ha Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommuenn. Sida blir administrert av kommunikasjonsavdelinga. Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Vestland fylke. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

-------------------------------------------

SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Gje oss gjerne dine kommentarar og spørsmål her! Kommunikasjonsavdelinga svarer på førespurnader om kommunen sine tenester i arbeidstida, så snart det er mogleg. Saker som krev sakshandsaming i kommunen, melder du frå om på andre måtar, til dømes i ein e-post til [email protected]
Kontaktinformasjon til ulike avdelingar finn du på nettsidene våre.

-------------------------------------------

SKRIV SAKLEG OG KORT

Ver sakleg i innhald og språk når du skriv innlegg her eller kommenterer andre sine innlegg, så vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar. Skriv du kort, vil fleire lese det du skriv.

-------------------------------------------

BLEI INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?

Å vere ueinig med kommunen er naturlegvis heilt greitt. Me heiar på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og ueinigheit høyrer demokratiet til. Facebook slettar innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Fordi hatefulle ytringar og anna grums hemmer den frie demokratiske debatten, og gjer at mange opplever sosiale medium og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har dessutan 13 års aldersgrense. Kommunen si Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom aleine, også for barn på 13 år. Vi kan velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen myndigheiter og medium står i for å kjempe mot villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar innlegg der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere, kan også bli sletta. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna.

-------------------------------------------

ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN BRUKAST AV ANDRE

Din eigen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernforordninga (GDPR). Når du følgjer, likar eller kommenterer ei Facebook-side, får Facebook tilgang til, og kan bruke, dei opplysningane og spora du legg igjen. Facebook sine retningsliner og personvernerklæring ifølgje Facebook sine retningsliner betyr innstillinga «offentleg» at du gjev alle tilgang og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte den til deg. I Facebook si personvernerklæring står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller gis tilgang til gjennom søkemotorar på Internett, API’ar eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på f.eks. Etne kommune si Facebook-side, kan lesast og brukast av andre.

-------------------------------------------

HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send spørsmål og kommentarar til [email protected], eller del dei med oss i ei Messenger-melding.

🧹 Vil du bli vår nye reinhaldsleiar?Etne kommune søkjer ein fagleg trygg, strukturert og engasjert reinhaldsleiar i 100 ...
31/08/2026

🧹 Vil du bli vår nye reinhaldsleiar?

Etne kommune søkjer ein fagleg trygg, strukturert og engasjert reinhaldsleiar i 100 % fast stilling. Her får du ei variert rolle med ansvar for å planleggje, koordinere og følgje opp reinhaldstenesta – samtidig som du blir ein viktig del av det daglege arbeidet.

👉 Kjenner du nokon som kunne passa? Del gjerne!

Etne kommune Bygg- og eigedomsdrift

Minner om at Fond Kraftkontrakten har søknadsfrist 31. august. Fristen er den samme som for Elagsfondet, men dette er to...
29/08/2026

Minner om at Fond Kraftkontrakten har søknadsfrist 31. august. Fristen er den samme som for Elagsfondet, men dette er to ulike gåvefond som gjeld tiltak i gamle Etne kommune og det går an å søkja begge plassar. Me gler oss til å lesa om og støtta fleire allmennyttige tiltak i Etne!

Dette kommunale fondet skal bidra til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. I år skal det delast ut 900 000 kroner og søknadsfristen er 31. august.

Onsdag 2. september kan du sjå filmen frå kongebesøket i mai på kino. Visninga er gratis, du må bare bestille billett på...
28/08/2026

Onsdag 2. september kan du sjå filmen frå kongebesøket i mai på kino. Visninga er gratis, du må bare bestille billett på skakke.no/kultur

I høve HM Kong Harald V sin bortgang inviterer Skakke og Etne kommune til gratis vising av filmen frå det historiske kongebesøket i Etne i mai 2026.

❤️🇳🇴♥️
28/08/2026

❤️🇳🇴♥️

Etne kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

Me har motteke bodskapen om at vår kjære folkekonge er død. Våre tankar går til den kongelege familien. Kongens bortgang...
28/08/2026

Me har motteke bodskapen om at vår kjære folkekonge er død. Våre tankar går til den kongelege familien. Kongens bortgang rører ved oss alle.
Det blir mogleg å signere kondolanseprotokoll på biblioteka i Etne og Skånevik.
Opningstider Etne bibliotek:
tysdag 13:00 – 18:00
onsdag 13:00 – 18:00
torsdag 10:00 – 15:00
fredag 10:00 – 15:00
laurdag 11:00 – 14:00
Opningstider Skånevik bibliotek:
måndag 16:00 – 19:00
torsdag 16:00 – 19:00

Foto nr 1: Det Norske Kongehus
Foto nr 2-4: Frå besøket i Etne 26. mai 2026, Etne kommune/Sonja Frafjord

Neste veka er det møte i dei politiske utvala.
28/08/2026

Neste veka er det møte i dei politiske utvala.

Dei politiske møta denne veka vert haldne på biblioteket på Skakke.

26/08/2026
Har du tru på krafta som ligg i frivillig engasjement? Brenn du for å skapa møteplassar, fellesskap og gode opplevingar ...
25/08/2026

Har du tru på krafta som ligg i frivillig engasjement?
Brenn du for å skapa møteplassar, fellesskap og gode opplevingar for andre?
Då kan dette vera jobben for deg.

Har du tru på krafta som ligg i frivillig engasjement? Brenn du for å skapa møteplassar, fellesskap og gode opplevingar for andre? Då kan dette vera jobben for deg.

19/08/2026

Har du brukt tilførselslange i år? 🌱🚜

Har du brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange før 10. august? Då kan du ha rett på regionalt miljøtilskot (RMP).

Det er også gjort endringar i ordninga, mellom anna er grensa på 100 dekar fjerna for nedlegging og nedfelling.

Har du brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før 10. august i år? Her finn du viktig informasjon om regionalt miljøtilskot (RMP).

Kartlegging av sjøaureelvar 🐟Det skal i den næraste tida gjennomførast kartlegging av fleire elvar i Etne kommune for å ...
19/08/2026

Kartlegging av sjøaureelvar 🐟

Det skal i den næraste tida gjennomførast kartlegging av fleire elvar i Etne kommune for å få meir kunnskap om forholda for sjøauren. Fiskefaglege konsulentar vil utføra arbeidet i og langs elvane.

Sjå kva elvar som er omfatta, og finn meir informasjon om kartlegginga 👇

Me ønskjer med dette å informera om at det i den næraste tida kjem konsulentar med fiskefagleg kompetanse for å utføra kartleggingsarbeid i nokre elvar.

Adresse

Sjoarvegen 2
Etne
5590

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4753758000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Etne Kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Etne Kommune:

Snarveier

Del