05/06/2026
I dag feirar vi verdsmiljødagen! 🌍🥳Den største miljømarkeringa i verda, frå FNs miljøprogram. Årest tema; Ei global oppmoding til klimahandling. Ein felles innsats for klima og planeten vår.
Verdsmiljødagen set fokus på kva du og eg kan gjere for ei meir miljø- og klimavennleg utvikling. . Ein perfekt dag til å fundere litt over kva miljøvennlege tiltak vi kan gjere meir av i vår eigen kvardag. Sykle eller gå meir til gjeremåla våre, ete meir plantebasert mat, dyrke litt sjølv, melde deg inn i ein miljøorganisasjon, handle mindre klede, velje meir miljømerkte produkt eller engasjere deg meir i miljørelaterte saker. Moglegheitene er mange.
Ingen kan gjere alt, men vi kan alle gjere noko. God miljødag!
✅Les meir om kva du kan gjere i kvardagen din under fanen «Grønare kvardag» på nettsida til kommunen og meir om verdsmilødagen her: https://fn.no/om-fn/fn-dager-kalender/kalender/verdens-miljoedag
PS: Gode miljøtiltak er ofte også gode og sunne tiltak for både helsa og lommeboka.💪😊
I møte med miljø- og klimautfordringane vi står ovanfor, ynskjer Gulen kommune å gjere det lettare for innbyggarane å ta fleire berekraftige val i kvardagen. Vi har derfor sett i gang pilotprosjektet «Grønare kvardag». Her kan du finne informasjon om ulike tema og tips til kva du kan gjere f...