12/08/2026
🚸Snart er det skulestart, og mange barn skal ut i trafikken att – nokre for aller fyrste gong. Da har vi alle eit ansvar for å bidra til ein trygg skuleveg.
👉Vis litt ekstra tolmod og omsyn i trafikken dei første skulevekene. Mange av dei yngste elevane er uvande med trafikken og treng at vi vaksne er ekstra merksame.
Slik kan du førebu barnet på skulestarten:
🚲La fleire gå eller sykle til skulen når det er mogleg, og unngå unødvendig bilkøyring tett ved skulen.
🚶♀️Øv på skulevegen og snakk om situasjonar som kan oppstå.
⤵️Vel den tryggaste vegen, sjølv om han er litt lengre.
🚸Følg barnet til skulen dei første dagane, og bytt gjerne på med andre vaksne.
🚲Sykle saman. Barn bør som hovudregel vere 10–12 år før dei syklar åleine i trafikken.
🅿️Må du køyre? Stopp litt unna skulen og la barnet gå den siste biten.
Har du ikkje skulebarn?
🌳Sjekk at hekkar, buskar og tre ikkje hindrar sikta ved avkøyrsler og kryss langs eigedomen din. God sikt gjer det lettare for både barn, syklistar og bilistar å sjå kvarandre.
⚠️Når du er ute og køyrer, vis ekstra omsyn ved skular, gangfelt og område der barn ferdast. Senk farten og ver merksam – ikkje alle barn vurderer trafikken på same måte som vaksne.
🤝Saman kan vi bidra til ein trygg og god skulestart for alle. Vi ynskjer alle elevar, føresette og tilsette eit godt nytt skuleår!