Dovre folkebibliotek

27/08/2026

Leselista | Fyrste bok ut på haustlista er «Bach for barn» av Helen Garner. Håper vi sjåast torsdag 10.09. kl. 19.00!

Som bestilt | Så artig at vi alt har fått inn bestillingar frå dykk! Fyll ut skjema på heimesida vår om du også vil ha h...
25/08/2026

Som bestilt | Så artig at vi alt har fått inn bestillingar frå dykk! Fyll ut skjema på heimesida vår om du også vil ha hjelp til å finne den neste boka di.

Velkommen til Som bestilt - ditt personlege bibliotek! Skulle du gjerne lese meir, men synest det er vanskeleg å velje b...
21/08/2026

Velkommen til Som bestilt - ditt personlege bibliotek!
Skulle du gjerne lese meir, men synest det er vanskeleg å velje bok? Ender du opp med å lese bøker som liknar kvarandre, og treng inspirasjon til noko nytt? Eller vil du berre nyte luksusen av at nokon andre finn bok til deg? Vi hjelp deg gjerne med å finne ei bok som passar akkurat deg, akkurat no!
Fyll ut skjema på heimesida til biblioteket, så set vi saman eit utval bøker basert på dine interesser og lesevanar.

Sommarles rullar i veg - og no har ungar i Dovre lese i over 100 000 minutt! Godt jobba alle saman! Framleis er det nest...
18/08/2026

Sommarles rullar i veg - og no har ungar i Dovre lese i over 100 000 minutt! Godt jobba alle saman! Framleis er det nesten to veker att før det er over, så her er det berre å les på! Og hugs på, det blir trylleshow på alle deltakarar - invitasjon kjem etter kvart.

Teikneserie for småskule-/mellomtrinnet. Saga er ei vilter jente på 8 år, som så gjerne vil vere heks. Det viser seg å i...
17/08/2026

Teikneserie for småskule-/mellomtrinnet. Saga er ei vilter jente på 8 år, som så gjerne vil vere heks. Det viser seg å ikkje vere så lett. Men det Saga manglar i hekseevner, gjer hun opp for i sjølvtillit – så når ei mystisk tåke og eit rykte om ein drage spreiar seg i landsbyen, legg Saga ut på ei eventyrleg ferd saman med venen sin Hugo og den kloke grisen Snorre. Bli med inn i ei verd med spaning og magisk moro! Fantasy-teikneserie full av illustrasjonar og lun humor!

Lettlese forteljing for småskuletrinnet. Null problem! For Bob-Jons Fixeri er ingenting umogleg. Dei hjelpsame gutane Bo...
13/08/2026

Lettlese forteljing for småskuletrinnet. Null problem! For Bob-Jons Fixeri er ingenting umogleg. Dei hjelpsame gutane Bob og Jon påtek seg alle slags oppdrag. Da Bob-Jons Fixeri får eit brev frå Ada om ein sakna hund, byrjar dei straks å leite. Og snart har Bob-Jons Fixeri ordna opp i riktig mykje. Vi har fleire bøker om desse driftige karane.

11/08/2026
Sakprosa for førskuleungar/småskuletrinnet. Det er éin ting alle ungar har, i sekken, under senga, i lommane eller i gla...
03/08/2026

Sakprosa for førskuleungar/småskuletrinnet. Det er éin ting alle ungar har, i sekken, under senga, i lommane eller i glaskarmen. Eller i vaskemaskina. Og det er stein. Alle elskar steinar, og det har vi menneske gjort i tusenvis av år. Kvifor det? Kva kan ein bruke steinar til? Og kva er stein eigentleg? I denne boken får vi høyre om edelsteinar, paradissteinar, pingvinsteinar, runesteinar, gravsteinar, nasjonalsteinar, fiskesprettsteinar og nyresteinar. Med lun humor tar denne boka ungar på alvor.

Forteljing for mellomtrinnet. Her får vi servert eit stemningsfullt grøss med mykje mørk humor. Leon, eller Leonora som ...
30/07/2026

Forteljing for mellomtrinnet. Her får vi servert eit stemningsfullt grøss med mykje mørk humor. Leon, eller Leonora som foreldra absolutt skal kalle ho, kvir seg til tidenes kjedelegaste haust. Foreldra skal reise verda rundt, Leon må bu hjå den utruleg kjedelege fetteren i den utrulege kjedelege bygda Grumyra. Men er Grumyra verkeleg så kjedeleg? Eg trur ikkje det! Og det finn Leon ut på verst tenkeleg vis når ho kjem dit. Bjørn Ousland har skrive og illustrert mykje skummelt for barn før, som Knokkeldans og Småbarnsuppe. Denne må prøvast! Velkommen inn i Leos Nattbok.

Bildebok for førskuleungar og småskuletrinnet, men også for vaksne og alle imellom. I slummen i Ahnstarr City er dei des...
27/07/2026

Bildebok for førskuleungar og småskuletrinnet, men også for vaksne og alle imellom. I slummen i Ahnstarr City er dei desperate. Eit etter eit blir husa jamna med jorda, og vesle Timo er så sjuk at alt håp snart er ute. Men ei gamal myte fortel om landet Balanka, der dei helbredande safranliljene veks. Dyra frå bydelen bestemmer seg for å bygge ein kjempestor buss og dra til Balanka. Det blir starten på ein ellevill roadtrip gjennom utrulege landskap, over Nordpolen, ut i stratosfæren og vidare gjennom magiske landskap for å redde Timo, dei sjølve og resten av verda. Om den forløysande krafta til fantasien, kreativiteten og kunsten.

Adresse

Sentralplassen 3 C
Dombås
2660

Åpningstider

Mandag 12:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4761242690

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dovre folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Dovre folkebibliotek:

Snarveier

Del