13/12/2023
Kalenderen har berga Valdresbanen
Den vesle Valdresbanekalenderen i miniartyrformat, som er til sals i førjulstida kvart år, har sidan 2008 gitt Valdresbanen ei samla nettoinntekt på rundt 250.000 kroner – etter at kostnader for trykking og porto er betalt.
Kalendersalet har gitt Valdresbanen sårt tiltrengde midlar til innkjøp og vedlikehald av dresinar og togmateriell, i tillegg til vegetasjonsrydding og utbetring av ras. Trass i at det er staten ved Bane Nor som eig banen er det med to unntak AS Valdresbanen i samarbeid med Nye Valdresbanen som gjennom 34 år har stått for vegetasjonsrydding og vedlikehald av banetraseen. Utan den store innsatsen frå dei mange frivillige ville banen i dag ikkje vore framkomeleg.
Valdresbanekalenderen for 2024 kan nå bestillastportofritt ved å betale beløpet inn til Nye Valdresbanen på konto: 2050.47.07785. Merk betalinga med Valdresbanekalenderen 2024. Pris inkl. porto er
§ 1 stk kr 135
§ 2 stk kr 240
§ 3 stk kr 300
§ 4 stk kr 370
§ 5 stk kr 440
§ 6 stk kr 510
§ Fleire enn 6 stk betaler du med kr 70 ekstra pr. kalender
Skal du få kalenderen til jul, må betaling vera inne på kontoen til Nye Valdresbanen seinast 16. desember. Vi ser helst at du betaler på bank, men du kan også betale på Vipps: 17587. Merk då med «Kalender», namn og adresse. Takk til alle som kjøper kalenderen og godt nytt år til alle jernbaneentusiastar!
PS! Du kan også kjøpe kalenderen hos Norli Dokka og Norli Fagernes