01/06/2026
Endeleg klart for Sommarles.no!
No har den digitale lesekampanjen Sommarles.no byrja. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i Tokke vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 162 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
I sommar kan du kome innom biblioteket på Dalen og sjå alle premiane våre ute i foajeen.
Etter kampanja trekk me ein heldig vinnar på Dalen og i Høydalsmo som vinn ein diger ametyst!
Litt om sommarles:
Sommarles.no gjer det gøy å lese!
- Sommarles.no er ein digital lesekampanje på nettsida
Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for tida dei vel å bruke på lesing.
- Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til Erfaringspoeng, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
- Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.
Kom innom oss så kan me lære deg meir om sommarles, syne deg gode boktips eller løyve trofé og premiar.
GOD LESELYST!