Tokke kommune

Tokke kommune Velkomen til Tokke kommune! Her delar me små og store glimt frå kvardagen. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og heilt fram til 2. verdskrig.

Fakta:
Innbyggartal: 2247
Areal: 980 km2
Lågaste punkt: Bandak, 72 moh
Høgaste punkt: Kvannfjølli, 1537 moh
Fylg oss for å halde deg oppdatert og bli betre kjent med Tokke! Tokke kommune ligg innerst i Telemarkskanalen og strekkjer seg opp mot alle sider frå innerst i Bandak. Tokke kommune har tradisjon med industri og eksport med brynestein heilt frå viking-tida. Kraftutbygginga på 50-60-talet har gjeve gode inntekter slik at kommunen har kunna byggje ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv. Kommunesenteret Dalen, med eventyrhotellet Dalen Hotel ( frå 1892 ), er prega av industriverksemder og handel/ tenesteytande verksemder. Tokke har tre tettstadar i kommunen i tillegg til Dalen. Høydalsmo, Åmdals Verk og Lårdal. I tillegg fleire livskraftige lokalsamfunn som Byrte, Skafså, Mo, Austheii, Froland. Tokke har mykje å by på både av natur, opplevingar, museum og aktive og levande samfunn. Ta ein tur då vel!

------------

Tokke municipality has long traditions with industry and export of whetstones ever since the age of the Vikings. The copper mines in Åmdals Verk were active from the 16th century all the way until the Second World War. The construction of the hydro power plant in the 1950s has given Tokke a wealthy income so they have been able to provide and expand on their services. Today Tokke is a modern industrialized and agricultural municipality with ever-growing tourism. Dalen is the center for the Tokke municipality. In addition to Dalen, we have several urban areas like Høydalsmo, Åmdals Verk and Lårdal that are full of life. Local communities such as Byrte, Skafså, Mo, Austheii and Froland contribute to a gathered Tokke. Tokke can offer unforgettable experiences with our vast array of hiking possibilities, museums and active communities. Come and visit us in Tokke!

H.M. Kong Harald V1937-2026Det er med djup sorg Tokke kommune mottok bodskapen om at H. M. Kong Harald V har gått bort. ...
28/08/2026

H.M. Kong Harald V
1937-2026

Det er med djup sorg Tokke kommune mottok bodskapen om at H. M. Kong Harald V har gått bort.

Takk for alt du var for oss alle!

Det er lagt ut kondolanseprotokollar på Tokke kommunehus, i Lårdal kyrkje, Eidsborg stavkyrkje og Skafså kyrkje. Opningstidene på kommunehuset kl 08.00 - 15.00 alle vekedagar.

Kongehuset har også lagt ut elektronisk kondolanseprotokoll. Den finn du her:
https://www.kongehuset.no/nyheter/kondolanseprotokoll-kong-harald

LEDIG STILLING: VERNEPLEIAR/SJUKEPLEIARBli med og spre gleder med gjengen på Åheim!  Åheim bufellesskap ligg idyllisk ti...
27/08/2026

LEDIG STILLING: VERNEPLEIAR/SJUKEPLEIAR

Bli med og spre gleder med gjengen på Åheim!

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter.

Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre. Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Vil du vera med og skape trygge og meiningsfylte dagar for våre lokale gledesspredarar?

Søknadsfrist: 20.09.26

Velkomen som søkjar!

Sjå her for fullstendig utlysingstekst:
https://1418.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5119006359?_sp=6a20fe46-947e-4506-a669-ebe9a6634391.1787834144393&language=nn&link_source_id=0

(Foto: BABU)

LEDIG STILLING: HELSEFAGARBEIDARTokke kommune satsar på god kompetanse innafor palliasjon og lindrande behandling, og de...
27/08/2026

LEDIG STILLING: HELSEFAGARBEIDAR

Tokke kommune satsar på god kompetanse innafor palliasjon og lindrande behandling, og deltek i fleire prosjekt i tilknyting til dette. Lokal blod-kreft avdeling er også lokalisert på Tokke helsesenter. Me har eige simuleringsrom, som blir bruka til fagutvikling, internundervisning, kurs og øving på prosedyrer. Me har behov for fleire helsefagarbeidarar på institusjon. Som helsefagarbeidar på institusjon rullerar du mellom å arbeide på alle avdelingar.

Kan dette vera noko for deg?

Søknadsfrist: 11.09.26

Velkomen som søkjar!

Sjå fullstendig utlysingstekst her:
https://1418.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5172016815?_sp=6a20fe46-947e-4506-a669-ebe9a6634391.1787833604289&language=nn&link_source_id=0

TOKKE SONGLAG ER KLARE FOR EIN NY SESONGOppstart er tysdag 1. september kl 1830 på Tokke kulturhus (Ripilen). Tokke song...
27/08/2026

TOKKE SONGLAG ER KLARE FOR EIN NY SESONG

Oppstart er tysdag 1. september kl 1830 på Tokke kulturhus (Ripilen).

Tokke songlag er eit blandakor, som har plass til alle vaksne som likar å syngje! Dei har eit variert repertoar, og dei siste åra har dei hatt eigne konsertar, samarbeidsprosjekt med nabokor og vore med på kulturskulekonsertar.

Velkomen!

(Illustrasjon: Colourbox)

LEDIG STILLING: TROMMELÆRAR I KULTURSKULENTokke Kulturskule har ledig 25% vikariat som trommelærar, mogleg fast, frå 01....
27/08/2026

LEDIG STILLING: TROMMELÆRAR I KULTURSKULEN

Tokke Kulturskule har ledig 25% vikariat som trommelærar, mogleg fast, frå 01.10.26 til 31.07.27.

Likar du å jobbe med unge og har lyst til å hjelpe dei med deira musikalske draumar? Då må du gå inn på sjølve utlysinga og sjå om dette kan passe for deg!

Søknadsfrist: 13.09.26

Velkomen som søkjar!

Stillingsutlysinga finn du her:

LÆRAR I KULTURSKULENTokke Kulturskule har ledige 25% vikariat som trommelærar, mogleg fast, frå 01.10.26 til 31.07.27

26/08/2026
26/08/2026

Adresse

Dalen
3880

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tokke kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tokke kommune:

Snarveier

Del