Vaksdal kommune

Vaksdal kommune vaksdal.kommune.no

No kan du påverke viktige val for framtida i Vestland.Vestland fylkeskommune har lagt to nye regionale planar på høyring...
04/09/2026

No kan du påverke viktige val for framtida i Vestland.

Vestland fylkeskommune har lagt to nye regionale planar på høyring. Planane handlar mellom anna om bustader, transport, arbeidsplassar, utdanning, natur og energi.

Planane skal vere med på å forme utviklinga i fylket dei komande åra, og no kan innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar seie meininga si.

Høyringsfrist 1. november 2026.

Planar og meir her 👇
https://vaksdal.kommune.no/nyhet/vestland-fylkeskommune-no-kan-du-paaverke-viktige-val-for-framtida

Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Tilskot frå næringsfondet 📝 søknadsfrist 30. september.Bedrifter/næringsføretak, inkludert primærnæringa, kan no søke om...
01/09/2026

Tilskot frå næringsfondet 📝 søknadsfrist 30. september.

Bedrifter/næringsføretak, inkludert primærnæringa, kan no søke om tilskot frå Vaksdal kommunale næringsfond. Fondet skal nyttast til å fremje næringsføremål i kommunen.

Du kan søke om tilskot til varige driftsmidlar og produksjonsfremjande tiltak, ikkje til vanleg drift. Nyskaping og sysselsetting har prioritet.

Les meir om vilkår og krav til søknaden her 👇
https://vaksdal.kommune.no/artikkel/naeringsfond

Vi legg til rette for at innbyggarar som ønskjer det, kan skrive ei siste helsing til Kong Harald i kondolanseprotokolla...
28/08/2026

Vi legg til rette for at innbyggarar som ønskjer det, kan skrive ei siste helsing til Kong Harald i kondolanseprotokollar fleire stader i kommunen.

Heradshuset på Dale
Kondolanseprotokollen vil vere open for publikum i Innbyggarservice på Heradshuset:
• Måndag 31. august: kl. 08.30-18.00
• Tysdag 1. september: kl. 08.30-18.00
• Onsdag 2. september: kl. 08.30-15.00
• Torsdag 3. september: kl. 08.30-15.00
• Fredag 4. september: kl. 08.30-15.00

Jamnetunet bu- og behandlingssenter på Vaksdal
Kondolanseprotokollen vil vere open for publikum:
• Onsdag 2. september: kl. 12.00-18.00
• Torsdag 3. september: kl. 12.00-18.00

Skular og oppveksttun
Kondolanseprotokollar vil vere opne for publikum ved desse stadene:
• Stanghelle skule: onsdag 2. september kl. 13.00-16.00
• Eksingedalen oppveksttun: torsdag 3. september kl. 13.00-15.30
• Stamnes oppveksttun: fredag 4. september kl. 13.00-16.00

Det blir òg eigne kondolanseprotokollar for elevane ved Dale skule måndag 31. august og Vaksdal skule tysdag 1. september. Desse er ikkje opne for publikum.

Helsehuset på Dale
Kondolanseprotokollen vil vere open for publikum:
• måndag 31. august, kl. 11.00-13.00
• tysdag 1. september kl. 11.00-13.00

Hans Majestet Kong Harald V har gått bort, og Vaksdal kommune vil flagge på halv stong.Det blir lagt ut ein kondolansepr...
28/08/2026

Hans Majestet Kong Harald V har gått bort, og Vaksdal kommune vil flagge på halv stong.

Det blir lagt ut ein kondolanseprotokoll der alle kan skrive ei siste helsing. Vi kjem tilbake med informasjon om kvar og når kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg.

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vi sender våre djupaste kondolansar til kongefamilien.

– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.

– Kong Harald var ein varm og nær konge. Han var inkluderande og famna om heile folket i ord og handling, både i gode og vanskelege tider. Me tar med oss dei gode minna frå besøket han gav oss i mai, og frå heile gjerninga hans som Noreg sin Konge. Våre tankar går til Dronning Sonja, kongefamilien og alle andre som stod Kongen nær. Fred over Kong Harald sitt minne.

📚 Velkommen til avslutning for Sommarles 2026!Har du vore med på Sommarles i år? Torsdag 3. september inviterer bibliote...
27/08/2026

📚 Velkommen til avslutning for Sommarles 2026!

Har du vore med på Sommarles i år? Torsdag 3. september inviterer biblioteket på Dale alle deltakarane og familiane deira til ei hyggeleg avslutning. 🎉

Vi feirar lesegleda og den flotte innsatsen gjennom sommaren med:
🎓 diplomutdeling
🍕 pizza til barna
📖 feiring av gode leseopplevingar

📅 Torsdag 3. september
🕓 Kl. 16.00-18.00
📍 Biblioteket på Dale

Vi håpar mange vil vere med og feire avslutninga på Sommarles 2026.

Vel møtt! 💛
https://vaksdal.kommune.no/bibliotek

Velkommen til Datahjelpa torsdag 27. august 🤖Tid: kl 12.45Stad: Biblioteket på Dale skuleTema: Ope - ta opp det du sjølv...
24/08/2026

Velkommen til Datahjelpa torsdag 27. august 🤖
Tid: kl 12.45
Stad: Biblioteket på Dale skule
Tema: Ope - ta opp det du sjølv ønskjer
Kom og få datahjelp til det du treng. Vi har med oss dyktige elevar frå ungdomsskulen. Og som vanleg, Datakafé med bakst til kaffien frå ungdomsskuleelevar. ☕

Er du forelder til eit lite barn, eller ventar du barn? Då er du hjarteleg velkomen til foreldrekurs i Tryggleikssirkele...
21/08/2026

Er du forelder til eit lite barn, eller ventar du barn? Då er du hjarteleg velkomen til foreldrekurs i Tryggleikssirkelen (COS-P).

Kurset gir foreldre verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir, og korleis du kan møte desse behova på ein trygg og god måte. Kurset kan òg bidra til betre samspel mellom deg og barnet ditt.

Første samling er 7. september, og påmeldingsfristen er 28. august.

Meir om kurset og påmelding 👇
https://vaksdal.kommune.no/nyhet/foreldrekurs-tryggleikssirkelen

Har barnet ditt lyst til å spele eit instrument eller vere kreativ med kunst? Søk om plass i kulturskulen! 🎸🎨Nytt dette ...
19/08/2026

Har barnet ditt lyst til å spele eit instrument eller vere kreativ med kunst? Søk om plass i kulturskulen! 🎸🎨

Nytt dette skuleåret er visuell kunst med Julian Mills, med grupper:
Vaksdal: tysdag kl. 17.00–18.30
Dale: torsdag kl. 17.00–18.30

For dei yngste tilbyr vi SFO-korps og ukulelekarusell i SFO-tida.
Det er nokre ledige plassar på enkelte fag, mellom anna piano, gitar, messing og treblås.

Sjå alle tilbod og søk plass her 👇
https://vaksdal.kommune.no/Kulturskulen

Fleire tilskotsordningar har søknadsfrist 1. september. Kanskje ei av dei er aktuell for deg, laget eller organisasjonen...
18/08/2026

Fleire tilskotsordningar har søknadsfrist 1. september. Kanskje ei av dei er aktuell for deg, laget eller organisasjonen din?

🏘️ Tilskot frå bygdeutviklingsutvalet
Lag, organisasjonar, verksemder og enkeltpersonar i kommunen kan søke om tilskot til prosjekt eller aktivitetar med allmennyttige formål. Tilskotet skal komme mange til gode, skape trivsel og aktivitet, og vere ope og tilgjengeleg for alle.

⚽ Tilskot til idrettslag
Idrettslag kan søke om tilskot til drift av aktivitetar for barn og unge. Tilskotet blir gitt etter tilråding frå idrettsrådet.

🎵 Tilskot til song- og musikklag
Song- og musikklag kan søke om tilskot til drift. Tilskotet blir gitt etter tilråding frå Vaksdal musikkråd.

Les meir om ordningane og korleis du søker 👇
https://vaksdal.kommune.no/nyhet/soek-om-tilskot-til-aktivitetar-prosjekt-og-naeringsutvikling

Adresse

Konsul Jebsensgate 16
Dale
5722

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 14:00

Telefon

+4756594400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vaksdal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vaksdal kommune:

Snarveier

Del