Time bibliotek

Time bibliotek Time bibliotek - ein oase for kunnskap og oppleving. Biblioteksjef Anne Tjørhom Frick administrerer denne sida.

Fin artikkel om Peter Strassegger sin nye jærroman Gris og om Jorddøgn litteraturfestival! Reservasjonskøen på boka byrj...
24/08/2026

Fin artikkel om Peter Strassegger sin nye jærroman Gris og om Jorddøgn litteraturfestival! Reservasjonskøen på boka byrjar å bli lang. Har du ikkje tid til å vente, kan du eventuelt kjøpe henne:)

«Sannheten – om den så skal føre til helvete», meinte Arne Garborg. I begge jobbane sine prøver Peter Strassegger frå Bryne å praktisera noko liknande. Då kan ein tola livet betre, trur han.

20/08/2026

Er du ein av dei som kjem til oss for å lesa avisar/tidsskrift? Viss du ikkje har svart på undersøkinga me har lagt i avishylla, send oss gjerne ein epost på [email protected] med kva du vil me skal behalde...

Alt auker i pris - og me må nok kutta noko av det me har i dag, så me vil gjerne ha innspel frå dykk!

Gratulera så mykje til Franz Strassegger for den gode omtalen i Stavanger Aftenblad av den nye boka Gris! Me gler oss ti...
19/08/2026

Gratulera så mykje til Franz Strassegger for den gode omtalen i Stavanger Aftenblad av den nye boka Gris! Me gler oss til å lesa! Den 30. september kl. 18.00 blir det òg lesesirkel om boka, arrangert av Jorddøgn litteraturfestival! Denne skal vera på biblioteket. Me håpar mange vil koma!

https://www.aftenbladet.no/kultur/i/3pxzzv/peter-f-strassegger-gris-grisegod-roman?fbclid=IwdGRjcATyjJNwZG9mBWZkaWQWUMzQWQq1_DXH_YtChPeDSDIXMIrfEGV4dG4DYWVtAjExAHNydGMGYXBwX2lkCjY2Mjg1NjgzNzkAAR65dq4nNrmOYx_ZUCnIkf97Rg5oGFNeJdAM2GhLYoP0slXkqs2NTE7BNBKIOg_aem_-s09C7gxiJVCfpCBALb1HA

Å lesa «Gris» er nesten som ei arkeologisk utgraving. Du som lesar må avdekka lag på lag med symbolikk, men det du sit igjen med, er verdt innsatsen.

Superman og Kaninmann kjem susande med ei viktig melding: Det er faktisk to heile månader igjen av Sommarles (eller Haus...
11/08/2026

Superman og Kaninmann kjem susande med ei viktig melding: Det er faktisk to heile månader igjen av Sommarles (eller Haustles) for vaksne!

Du har heilt fram til 15. oktober på deg til å lesa 1–6 av bøkene som er nominerte til Bibliotekets litteraturpris 2026! (og til motsetnad til Kaninmannen er dei ganske tynne)

Les du 1-5 av bøkene: Då blir du med i trekninga av flotte andrepremiar!
Les du alle 6: Då blir du med i trekninga av flotte førstepremiar!

Og hugs: Stem på favorittane dine på biblioteketslitteraturpris.no!

Tusen takk til Hotell Jæren, Topp til tå velvære, Storstova, Ogna Scene, Standup Stavanger, Norli Bryne, Lucky Bowl Bryne, Hulda kafé Jæren Industripartner og Nasjonalt Garborgsenter for sponsing av dei flotte premiane!

Så kva ventar du på? Kom innom og hent registreringsskjemaet, lån bøkene og LES!

Hepp hepp and away! 🦸‍♂️💨
Som Superman ville ha sagt!

Adresse

Hetlandsgata 11
Bryne
4344

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 18:00
Onsdag 10:00 - 18:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 15:00

Telefon

+4751776170

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Time bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Time bibliotek:

Snarveier

Del