Haram kommune

Haram kommune Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Haram kommune, Strandgata 40, Brattvåg.

𝐊𝐨𝐧𝐝𝐨𝐥𝐚𝐧𝐬𝐞𝐩𝐫𝐨𝐭𝐨𝐤𝐨𝐥𝐥 𝐭𝐢𝐥 𝐦𝐢𝐧𝐧𝐞 𝐨𝐦 𝐇.𝐌. 𝐊𝐨𝐧𝐠 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐥𝐝 𝐕I samband med bortgangen til Kong Harald V er det lagt ut kondolansep...
01/09/2026

𝐊𝐨𝐧𝐝𝐨𝐥𝐚𝐧𝐬𝐞𝐩𝐫𝐨𝐭𝐨𝐤𝐨𝐥𝐥 𝐭𝐢𝐥 𝐦𝐢𝐧𝐧𝐞 𝐨𝐦 𝐇.𝐌. 𝐊𝐨𝐧𝐠 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐥𝐝 𝐕

I samband med bortgangen til Kong Harald V er det lagt ut kondolanseprotokollar ulike stader i kommunen. Her kan alle som ønsker det kome og skrive eit minne, ei siste helsing eller berre signere.

Kondolanseprotokollane finn du desse stadene:

🕯 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐦 𝐭𝐞𝐧𝐞𝐬𝐭𝐞𝐡𝐮𝐬
Måndag-fredag kl 09.00-15.00. Protokollen er til gjengengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐋𝐨𝐧𝐠𝐯𝐚 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐛𝐮𝐬𝐭𝐚𝐝𝐞𝐫
Alle dagar kl 08.00-20.00. Protokollen ligg ved hovudinngangen, og er tilgjengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐄𝐢𝐝𝐞𝐭 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐬𝐞𝐧𝐭𝐞𝐫
Alle dagar kl 08.00-20.00. Protokollen ligg ved hovudinngangen, og er tilgjengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐦 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐬𝐞𝐧𝐭𝐞𝐫
Torsdag 3. september kl 12.00-13.30, i lokalet til dagsenteret

I samband med H.M. Kong Harald V sin bortgang blir det open kyrkje i Vatne kyrkje, Haram kyrkje, Hildre kyrkje og Brattv...
28/08/2026

I samband med H.M. Kong Harald V sin bortgang blir det open kyrkje i Vatne kyrkje, Haram kyrkje, Hildre kyrkje og Brattvåg kyrkje i dag fredag 28. august kl 16-19.

𝐾𝑜𝑛𝑑𝑜𝑙𝑎𝑛𝑠𝑒 𝑓𝑟𝑎̊ 𝐻𝑎𝑟𝑎𝑚 𝑘𝑜𝑚𝑚𝑢𝑛𝑒 Haram kommune har med sorg teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død.På v...
28/08/2026

𝐾𝑜𝑛𝑑𝑜𝑙𝑎𝑛𝑠𝑒 𝑓𝑟𝑎̊ 𝐻𝑎𝑟𝑎𝑚 𝑘𝑜𝑚𝑚𝑢𝑛𝑒

Haram kommune har med sorg teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død.

På vegne av innbyggarane ønsker kommunen å uttrykke vår djupaste medkjensle med den kongelege familien og alle som sørger.

Gjennom sitt liv og si gjerning har Kongen vore eit samlande symbol for landet vårt, og tent Noreg med omsorg for folket. Vi minnest han med respekt og takksemd.

𝑉𝑒𝑏𝑗ø𝑟𝑛 𝐾𝑟𝑜𝑔𝑠æ𝑡𝑒𝑟
𝑂𝑟𝑑𝑓ø𝑟𝑎𝑟 𝑖 𝐻𝑎𝑟𝑎𝑚

Det er lagt ut kondolanseprotokoll på Haram tenestehus frå fredag 28. august klokka 10.00, der alle som ønsker det kan skrive ei siste helsing og uttrykke si medkjensle. Protokollen vil ligge framme i opningstida fram til og med gravferdsdagen.

Kondolanseprotokoll vil også bli gjort tilgjengeleg på ulike stader i kommunen, tidspunkt og lokalitet blir publisert tidleg i neste veke.

26/08/2026
«Ej berre kødda?»💔Når spøk gjer vondt, er det ikkje humor.📢 Haram kommune lanserer no haldningskampanjen «Ej berre kødda...
21/08/2026

«Ej berre kødda?»

💔Når spøk gjer vondt, er det ikkje humor.

📢 Haram kommune lanserer no haldningskampanjen «Ej berre kødda?», med mål om å skape større medvit om humormobbing og korleis ord kan påverke barn og unge.

🗣 Vi opplever at språkbruken blant barn og ungdom i aukande grad kan vere hard, sårande eller ekskluderande, ofte kamuflert som spøk, ironi eller «roasting». Kommentarar blir gjerne avslutta med «ej berre kødda» eller «ej berre tulla», men for den som blir råka, kan konsekvensane vere alt anna enn morosame.

🩷 Kampanjen handlar ikkje om å forby humor, men om å bevisstgjere både barn, unge og vaksne på at ord har kraft. Målet er å førebygge at nedsettande språk blir normalisert, og bidra til trygge og inkluderande miljø både i skulen og på fritidsarenaer.

⚙️ For å lukkast med dette haldningsarbeidet treng vi både foreldre, skular, barnehagar og frivillige aktørar med på laget. Kampanjen har ikkje ein utløpsdato, men vi håper at den skal vere synleg for barn og ungdom på alle dei arenaene dei ferdast.

💬 Les gjerne meir om «Ej berre kødda?» på nettsida vår, du finn link i kommentarfeltet.

🫶 Takk for at du er med i arbeidet for eit godt og trygt oppvekstmiljø i Haram kommune.

✂️ Hjelp oss å klippe skulevegane trygge!✂️🏃‍♂️🚴‍♀ Om få dagar er det skulestart, og mange små innbyggarar i kommunen sk...
12/08/2026

✂️ Hjelp oss å klippe skulevegane trygge!✂️

🏃‍♂️🚴‍♀ Om få dagar er det skulestart, og mange små innbyggarar i kommunen skal ferdast åleine ute i trafikken.

🌳🌿 Eig du ein hekk eller busker som kan vere til hinder for framkome og sikt langs vegane? Då ber vi deg fint om å ta ein sjekk og stussar pryden der det trengst!

ℹ På nettsidene til Statens vegvesen finn du god informasjon om kva som må gjerast for at ikkje hekken din skal vere til fare for trafikken:
https://www.vegvesen.no/.../langs.../klipp-hekker-og-busker/

❗ Om du treng å kontakte oss om stader det er behov for klipping av busker og annan vegetasjon langs kommunal veg, kan du bruke Meld om feil-skjemaet på nettsida vår:
https://haram.kommune.no/sjolvbetening/meld-om-feil/

✂️🌳Takk for hjelpa!

👋 Har du eller kjenner du ein ungdom som treng noko å gjere på denne siste veka av skuleferien?😎 Det er ledige plassar p...
10/08/2026

👋 Har du eller kjenner du ein ungdom som treng noko å gjere på denne siste veka av skuleferien?

😎 Det er ledige plassar på dei gratis aktivitetane vi tilbyr i sommar, denne veka står følgande på programmet:

🎳 Tysdag 11.8. - Bowling, pølse og is på Brattvåg bowling
🪜 Onsdag 12.8. - Klatrekurs med lunsj i Norborghallen
🏎 Torsdag 13.8. - Køyring og pizza på Gropa Racing arena
🍕 Fredag 14.8. - Aktivitetar og pizzabaking på Reiret ungdomsklubb

Alle ungdommar i alderen 13-19 år er 🫶leg velkomne!

Meir informasjon og link til påmelding finn du på nettsida vår 😃👇

I sommar tilbyr vi ei rekke gratis aktivitetar for ungdommar mellom 13 og 19 år.

Det er framleis ledige plassar på gratis sommaraktivitetar for ungdom :)Tysdag 4. august er det kinokveld på stadion hos...
03/08/2026

Det er framleis ledige plassar på gratis sommaraktivitetar for ungdom :)

Tysdag 4. august er det kinokveld på stadion hos Brattvåg Fotball kl 18.00-20.00.
Dei inviterer til film, snacks og drikke i det nye Lapashuset, - tips nokon du kjenner om å melde seg på, då vel!

Meir info finn du på nettsida vår🙂👇

I sommar tilbyr vi ei rekke gratis aktivitetar for ungdommar mellom 13 og 19 år.

28/07/2026

🌞 GRATIS SOMMARAKTIVITETAR FOR UNGDOM! 🌞

Er du mellom 13 og 19 år, eller kjenner du nokon som er det? Då må du sjå her!👇

🤸 I samarbeid med lokale frivillige lag inviterer vi til fleire kjekke, varierte og heilt gratis aktivitetar i sommarferien. Her er noko for alle, anten du likar fart og spenning, sport, klatring eller berre å henge med andre ungdommar.

📅 Full oversikt over datoar, aktivitetar og info om påmelding finn du på kommunen si nettside, sjekk link i kommentarfeltet.

❗ Merk at nokre av aktivitetane skjer allereie i neste veke, og at det er enkelte av dei som har eit avgrensa antal plassar. Deltakarane må melde seg på aktivitetane.

Takk til Sekretariatet for konfliktrådene (sfk) for økonomisk støtte til arrangementa.

📸: Aedrian Salazar/Unsplash

❗𝗡𝗼𝗿𝗺𝗮𝗹 𝗱𝗿𝗶𝗳𝘁 𝘃𝗲𝗱 𝗩𝗮𝘁𝗻𝗲 𝘃𝗮𝘀𝘀𝘃𝗲𝗿𝗸 - 𝗸𝗼𝗸𝗲𝘃𝗮𝗿𝘀𝗲𝗹 𝗲𝗿 𝗼𝗽𝗽𝗵𝗲𝘃𝗮💧 Varselet om koking av drikkevatn for abonnentar til Vatne vass...
26/07/2026

❗𝗡𝗼𝗿𝗺𝗮𝗹 𝗱𝗿𝗶𝗳𝘁 𝘃𝗲𝗱 𝗩𝗮𝘁𝗻𝗲 𝘃𝗮𝘀𝘀𝘃𝗲𝗿𝗸 - 𝗸𝗼𝗸𝗲𝘃𝗮𝗿𝘀𝗲𝗹 𝗲𝗿 𝗼𝗽𝗽𝗵𝗲𝘃𝗮

💧 Varselet om koking av drikkevatn for abonnentar til Vatne vassverk og Grytastranda vassverk er oppheva frå søndag 26. juli klokka 12.

💧 Du finn meir informasjon på nettsida vår👇

Kokevarselet for abonnentar til Vatne vassverk og Grytastranda vassverk er no oppheva.

Adresse

Strandgata 40
Brattvåg
6270

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:30
Tirsdag 09:00 - 14:30
Onsdag 09:00 - 14:30
Torsdag 09:00 - 14:30
Fredag 09:00 - 14:30

Telefon

70 20 75 00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Haram kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del