05/06/2026
Fredag var det sommarfest med "småskulen" på Skjåkheimen! Vi fekk besøk av ca 80 1.-4.-klassingar, og ca 10 vaksne frå Skjåk Barne- og Ungdomsskule! 💜
I år, som i fjor, vart det regn på sommarfestdagen, så vi måtte flytte inn i fellesområdet i omsorgen. Med godt over hundre personar samla, kan ei trygt kalle det stinn brakke! 😅 Men, som i fjor, vart det opphalds og sol midt i festen, slik at ungane kunne kose seg med saft, is og leik i sansehagen før retur til skulen! Vi bør vel utsette festen ein time neste år, så kanskje det blir utevêr for alle?! 💜
Takk for denne gong, og god sommar, til alle frå skulen! 💜