Skjåk folkebibliotek

Skjåk folkebibliotek Her finn du boktips + tips til små og store hendingar i biblioteket vårt. Velkomne😊⁣

Velkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei, fr...
28/05/2026

Velkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei, frå 1. juni til 1. september 2026. Alle barn i barnehagane i Skjåk får med ei fin litol brosjyre med heim i neste veke.

På bilete frå biblioteket ser du 9. klassingen Frøya Staurust Eiesar i sin fine bunad som ho fekk til konfirmasjonsdagen...
21/05/2026

På bilete frå biblioteket ser du 9. klassingen Frøya Staurust Eiesar i sin fine bunad som ho fekk til konfirmasjonsdagen sin. Denne veka har ho arbeidsveka si hjå oss. Frøya er ei flink og grei jente! :)

Foto: Turid Eiesar

11/05/2026

Draumen om grøne spirer, fargerike blomar og eigne grønsaker kan starte i dag 🌼 Velkommen til Frøbiblioteket vårt! Kom innom og plukk med deg opptil fem frøposar heilt gratis. Kanskje blir dette sommaren du prøver noko nytt i hagen, på balkongen eller i vindaugskarmen?
Små frø kan gi stor glede 💚

Vinnaren av årets påskerebus på biblioteket er Oda Stensgård!Ho heldt hovudet kaldt gjennom både lure spørsmål og snedig...
30/04/2026

Vinnaren av årets påskerebus på biblioteket er Oda Stensgård!
Ho heldt hovudet kaldt gjennom både lure spørsmål og snedige villspor – og sat til slutt att med det eine rette svaret: Nøtteskrike.
Kven skulle tru at løysinga sat og lura i tretoppane heile tida?
Tusen takk til alle som deltok – de har verkeleg vist imponerande detektivevner (og kanskje litt kreativ tolking av spor 😄) 🕵️‍♀️📚
Vi gler oss allereie til neste år… nye mysterium ventar 👀

Premien er ei krimbok med noko attåt - gratulerer Oda :)

17/04/2026

🎶 Full fest på biblioteket! 🎶

I dag hadde vi gleda av å ynskje 1. og 2. klassingane i Skjåk velkomne til ei musikalsk stund – og for eit publikum dei var! Engasjerte, lyttande og fulle av liv – det skapte ei heilt nydeleg stemning i biblioteket.

På scena fekk elevane møte dei dyktige musikarane Even Jenssen, Espen Sandø, Anders Brønstad og Hallvar Haugdal. Dei tok oss med inn i eit fargerikt univers med songar frå barneplatene «Over byen» og «Flamingo».

Vi fekk oppleve ei fin blanding av både alvor og moro:
Songar om vennskap, varme og det å vere gode med kvarandre.
Leikne og livsglade innslag som «Tellesangen», «Du blir det du spis» og «Flamingo» – til stor begeistring frå salen!

Konserten er ein del av ein bibliotekturné støtta av Kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere, og vi er svært glade for å få vere ein del av dette.

Tusen takk til både musikarane og det flotte publikummet for ei minnerik stund – dette kjem vi til å leve lenge på! 🎵

Er du biblioteket sitt svar på Sherlock Holmes?Vi har lagt ut 11 kriminelle gåter som ventar på å bli knekte. Rebusen te...
04/04/2026

Er du biblioteket sitt svar på Sherlock Holmes?
Vi har lagt ut 11 kriminelle gåter som ventar på å bli knekte. Rebusen tek deg gjennom mystiske spørsmål og krevjande spor – perfekt for deg som elskar ein god grøssar og litt hjernetrim i påska.

Er du biblioteket sitt svar på Sherlock Holmes?Vi har lagt ut 11 kriminelle gåter som ventar på å bli knekte. Rebusen tek deg gjennom mystiske spørsmål og krevjande spor – perfekt for deg som elskar ein god grøssar og litt hjernetrim i påska.

Fem påskekrimmar du berre MÅ lese!Er du på jakt etter den ultimate leseopplevinga i ferien? Kari Anne har handplukka fem...
31/03/2026

Fem påskekrimmar du berre MÅ lese!
Er du på jakt etter den ultimate leseopplevinga i ferien? Kari Anne har handplukka fem nervepirrande favorittar som alle har rulla til ein solid terningkast 6.
God påske :)

Er du på jakt etter den ultimate leseopplevinga i ferien? Kari Anne har handplukka fem nervepirrande favorittar som alle har rulla til ein solid terningkast 6.Gjer deg klar for djupe løyndomar og sitrande spenning i særklasse – den perfekte følgjesvenen til lange påskekveldar i godstolen elle...

27/03/2026
Foredrag | Ein leik med tråde og fargoVelkommen til eit foredrag om Rakel Onsum Berg – biletvevaren på Dovrefjell.Rakel ...
27/03/2026

Foredrag | Ein leik med tråde og fargo

Velkommen til eit foredrag om Rakel Onsum Berg – biletvevaren på Dovrefjell.

Rakel Onsum Berg (1916-2002) var ein av dei beste biletvevarane frå 1930-talet og fram til 1990-talet.

Produksjonen hennar er på omtrent 30 teppe, av desse er 25 større arbeid. I dag er det Gudbrandsdalsmusea som eig dei fleste teppa etter Rakel.

I Rakels bilete finn vi litterære motiv, særleg frå Kristin Lavransdatter og Peer Gynt. Ho har fleire arbeid med tema om norrøn mytologi, eventyr, segn og fortellingar. Rakel står støtt i ein lokal vevetradisjon, samstundes hentar ho impulsar frå heile verda.

Hans-Jacob Dahl har arbeidd som sokneprest i 23 år. I fleire år var han også leiar av Pilegrimssenter Dovrefjell. Det var gjennom arbeidet som prest at Hans-Jacob vart kjent med Rakel og arbeida hennar.

Kvelden er eit samarbeid mellom Lillehammer Museum Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea, Sel bibliotek, Skjåk bibliotek og Ringebu prestegard.

Velkommen!

Vinterles og babylykke!I samband med årets Vinterles i Nord-Gudbrandsdalen kan vi med glede kunngjere at Stine Leirmo fr...
26/03/2026

Vinterles og babylykke!
I samband med årets Vinterles i Nord-Gudbrandsdalen kan vi med glede kunngjere at Stine Leirmo frå Skjåk vart den heldige vinnaren av årets uttrekkspremie – to billettar til den magiske Høgfjellskonserten ved Rondane til sommaren!
Stine er ein ivrig lydboklyttar som særleg kosar seg med krim og biografiar. På armen har ho vesle Anna, berre 18 dagar gamal – så her er det både leseglede og ny livsglede i skjønn foreining. Hjarteleg gratulerer til Stine!

Frå 15. november til 15. mars har biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen invitert til leselystaksjonen Vinterles. Og for ein innsats det har vore! I år gjekk fem kroner per registrerte bok til Barnekreftforeninga, og takka vere engasjerte lesarar i Ottadalen har vi samla inn heile 8 000 kroner til viktig forsking på barnekreft.
Tusen takk til alle som har vore med og lese, lytta og delt leseglede!

Adresse

Moavegen 30
Bismoen
2690

Åpningstider

Tirsdag 14:00 - 19:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 14:00 - 19:00
Fredag 10:00 - 14:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4790947020

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skjåk folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Skjåk folkebibliotek:

Del