23/03/2026
🌟 For ein lærlingaften! 🙌
🙏♥️ Når lærlingane i hotell- og restaurantfaga inviterer til fest, då kjenner du deg i gode hender – og lærlingaften i kveld var èin god stadfesting på det! 😍🍽️
♥️ Tusen takk til Opplæringskontoret for Hotell- og Restaurantfag (REISOS), og ikkje minst: takk til alle dei dyktige lærlingane, som skapte ei fantastisk oppleving for oss gjester.
📝 Alt var gjennomtenkt, varm velkomst, fantastisk mat, gode valg av drikke, og alt kjempefint samkøyrt av heile laget 👌👏👏👏
💖 Lærlingane har sjølve hatt ansvar for opplegget, og brukt både arbeidstid og fritid for å få alt på plass. Vi er imponert! 🙌🙌
♥️ Som Elev- og lærlingombodet i Vestland var det ei stor glede å vere gjest!
De leverte godt over forventningane – og enda litt til. Tusen takk for ei fantastisk oppleving! 🌹🙏✨