01/09/2026
🎣 20 gamle garn opp frå sjøen utanfor Skrova
Ein fiskar som drog garna sine utanfor Skrova, tok samtidig opp 20 garn som hadde stått i sjøen i det same området i mange år. Spøkelsesgarna blei tatt med til land og leverte på avfallsanlegget i Svolvær.
Slike initiativ frå næringa er viktige. Tapte garn og teiner kan halde fram med å fiske lenge etter at dei er mista.
Bidra gjerne til å få tapte fiskereiskapar ut av sjøen, om du kan få dei opp på ein trygg måte.
Finn eller mistar du reiskap som du ikkje kan handtere sjølv, kan du melde frå til oss:
👉 Tips oss: https://www.fiskeridir.no/tips-oss
👉 Fritidsfiskeappen: https://www.fiskeridir.no/fritidsfiske/fritidsfiskeappen
Yrkesfiskarar har eigne rutinar for å melde tap av reiskap:
👉 https://www.fiskeridir.no/yrkesfiske/meld-tapt-redskap-for-yrkesfiskere