28/08/2026
Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er gått bort. Våre varmaste tankar går til Dronning Sonja, deira born, barneborn og heile familien.
Vi kondolerer.
Samstundes kjenner vi på ei djup takksemd for Kong Harald sitt lange liv og teneste for Noreg.
Regjeringar har kome og gått. Stortingsfleirtal har skifta. Noreg har forandra seg. Gjennom alt dette representerte Kong Harald kontinuitet og forankring.
Gjennom heile hans virke gjekk det ein tydeleg raud tråd: respekt for mennesket, omsorg for fellesskapet og kjærleik til landet.
Frå Kristeleg Folkeparti vil vi takke Kong Harald for eit langt liv og ei eineståande gjerning i teneste for Noreg.
Takk for at De har samla oss.
Takk for at De har minna oss om verdien av å tene.
Takk for at De har løfta fram verdien til kvart einskilt menneske.
Takk for at De har stått opp for fridomen, fellesskapet og det som held eit land saman.
Takk for at De levde etter valspråket Dykkar: Alt for Noreg.
(Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelege hoffet)