25/03/2026
Felles utvalsmøte for FUG og FUB, med tema mangfald og inkludering i praksis. Gjennom faglege innlegg med foreldreperspektiv fekk vi betre innsikt i rettar, samarbeid og utfordringar knytte til barn med særskilde behov i barnehage og skule. Lærerik og til tider ganske så rørande.
Takk til alle som bidrog:
– Yngve Søderholm Nodland, som delte erfaringar og utfordringar knytte til sin rolle som rådgjevar i Norsk Tourette forening
– Andrea Andal frå Statsforvaltaren i Vestland, som gav innblikk i rammeverket med fokus på retten til spesialpedagogisk tilrettelegging i barnehage og skule
– Tina B. Høye Norén, psykologspesialist, om inkluderingsperspektivet ved åtferdsutfordringar hos barn
– June Ulvatne Larsen frå Åssiden barnehage i Drammen, om mellom anna samarbeid og overgangsarbeid rundt barn med særskilde behov
– Elisabeth Dammerud Danielsen, mammaen til Peder i Team Pølsa, som delte sterke og viktige perspektiv på korleis det er å vere forelder til eit barn med særskilde behov, med særleg vekt på inkludering