03/07/2026
Nærøyfjorden verneområdestyre besøkte nyleg utstillinga «Vår verdsarv» i Aurlandsvangen. Utstillinga finn du i Heradshuset, og du kan besøkje ho mellom 11.00 og 16.00 frå tysdag til laurdag. Styret gjennomførte også synfaring i Slettedalen, som har blitt eit populært turområde. Det er særs viktig at turgåarar er varsame og viser omsyn til villrein og husdyr. Hald hunden i band, og les deg gjerne opp på sporlaus ferdsel: https://tips.inatur.no/langtur-nasjonalpark/sporlos-ferdsel-slik-ferdes-du-i-naturen-uten-a-sette-spor/133753
Verneområdestyret skal sikre at verneverdiane blir ivaretekne, og i det siste møtet før sommaren diskuterte dei både ein planlagd konsert på Øvste Stegen Høgdagard og utbetringar knytt til Stalheimskleiva og Kongevegen. Her kan du lese meir om styret, kva dei er opptatt av og kva dei vedtek: https://www.nasjonalparkstyre.no/Naroyfjorden/styret