Aukra frivilligsentral

Aukra frivilligsentral Møte mellom menneske

Har du lyst til å vere natteravn? No er open kveld godt i gang igjen, og vi har behov for natteravnar. Er du interessert...
18/08/2026

Har du lyst til å vere natteravn?
No er open kveld godt i gang igjen, og vi har behov for natteravnar. Er du interessert send ei melding til dagleg leiar i frivilligsentralen, så får du tilsendt ei lenke der du enkelt kan plukke oppdrag :)

06/08/2026

Nominer din kandidat til fylkeskulturprisen 2026 🏆

Frivilligsentralen tek sommarferie ☀☀ Frå og med torsdag 16.juli til og med 13.august er det ferieavvikling. Om det er s...
15/07/2026

Frivilligsentralen tek sommarferie ☀☀ Frå og med torsdag 16.juli til og med 13.august er det ferieavvikling. Om det er spørsmål som ikkje kan vente, ta kontakt med ein av mine dyktige kollegaer :) Ellers vil eg oppfordre alle til å invitere ein venn med på tur i sommar, eller å fare på besøk til nokon det er lenge sidan du har besøkt😊 Ønsker alle ein solrik og fin sommar 😎

Inviter nokon til å sjå kampen saman med deg på laurdag! Heia Norge 🇳🇴
10/07/2026

Inviter nokon til å sjå kampen saman med deg på laurdag! Heia Norge 🇳🇴

Fotball-VM samlar Noreg. Mange kjenner på fellesskap og glede når landslaget speler. Både barn, unge og vaksne engasjerer seg – enten dei er interesserte i fotball eller ikkje ⚽

Kanskje du kan invitere nokon som elles ville sett kampen åleine? Å vere saman med andre kan bety mykje. 💓

Eit godt råd for psykisk helse er å gjere noko aktivt, gjere noko saman og gjere noko meiningsfullt. Det er ABC for god psykisk helse. 🫶🏻

Inviter nokon til å sjå kampen saman med deg på laurdag!
Heia Noreg – og eit ekstra heiarop til spelarane frå fylket vårt. 🇳🇴

09/07/2026

Hei! Er det nokon som har bilstol å låne/leie ut til ein familie på Gossen som får besøk? Bilstolen må passe til eit barn på 2 år (ca.12kg). Dette gjeld for perioden 25.07-15.08. :)

Det er fortsatt ledig plass på nokre av sommaraktivitetane i sommar:🌼 Speidaraktivitet 20. og 21.juli kl.10-16Aldersgren...
03/07/2026

Det er fortsatt ledig plass på nokre av sommaraktivitetane i sommar:
🌼 Speidaraktivitet 20. og 21.juli kl.10-16
Aldersgrense: 10 år. Barn under 10 år må følgast av ein vaksen. Påmelding på e-post til: [email protected]. Frist 10.juli.
🌼 Aktivitetsdagar i Aukra kulturhus i veke 32 og 33.
Aldersgrense 10 år. Påmelding ved å følge denne lenka https://forms.cloud.microsoft/e/xqbY0MyVVf?origin=lprLink Frist 29.juli.
🌼 Aktivitet med Aukra husflidslag 11.august og 13.august.
Ein dag med spikking og ein dag med sying av lue/pannebånd. Aldersgrense 10 år. Informasjon og påmelding her: https://husflid.no/kurskalender/

Det kom inn så mange gode forslag til kor det kunne passe med skravlebenk, at frivilligsentralen no har plukka ut 4 stk ...
29/06/2026

Det kom inn så mange gode forslag til kor det kunne passe med skravlebenk, at frivilligsentralen no har plukka ut 4 stk som får ein benk ☀️ Dei heldige er:
- Eikremsgrenda
- Sæter v/ Gamlesjin
- Gamleskolen i Julsundet
- På området rundt kirkegården
Benkane blir mest sannsynleg levert til Aukra kulturhus denne veka! Frivilligsentralen tek kontakt med dei som får benk 😊

Aukra frivilligsentral vurderer å kjøpe fleire skravlebenkar! Veit du om ein plass det hadde gjort seg med ein benk ein ...
17/06/2026

Aukra frivilligsentral vurderer å kjøpe fleire skravlebenkar! Veit du om ein plass det hadde gjort seg med ein benk ein kan ta ei pause å skravle litt på? Frivilligsentralen ønsker gjerne tilbakemelding på om det er behov for benkar på ulike plassar i Aukra ☺️

10/06/2026

Natteravn på afterparty på Aukradagen ✨ Vi manglar natteravnar til å kunne gå natteravn på afterparty på Aukradagen frå kl.21.00 - 02.00. Har du moglegheit? Ta kontakt med Idun Sandøy på frivilligsentralen på tlf. 908 04 713

Sommaraktivitet i Aukra ☀ Minner om at påmeldingsfristen nærmar seg for nokon av aktivitetane i sommar, så ikkje glem å ...
09/06/2026

Sommaraktivitet i Aukra ☀ Minner om at påmeldingsfristen nærmar seg for nokon av aktivitetane i sommar, så ikkje glem å meld dykk på 😎😎

Adresse

Aukraringen 3
Aukra
AUKRA

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aukra frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Aukra frivilligsentral:

Snarveier

Del