Norsk Folkehjelp Årdal

Norsk Folkehjelp Årdal Her er litt om opphavet til laget vårt som me er så stolte av. Norsk Folkehjelp Årdal blei starta 3. Husmorferie var det stort behov for i tida etter krigen.

august 1951
I byrjinga blei det satsa på fyrstehjelpsstasjonar på fjellet, husmorferie og fyrstehjelpskurs. Dette blei arrangert i Årdal frå 1951-63, med opptil 40 husmødre og borna deira. Turane gjekk opp på Golsfjellet, til Sogndal, Voss, Bulken og Vadheim. Fyrstehjelpsstasjon på fjellet stod på dagsorden allerede ved starten i 1951. Me veit at det var fjellteneste allereie på 50 talet, men dei

mangla det meste av utstyr. Deriblant samband og transport utstyr. I 1958 hadde dei orginalt transport, da med rein og slede. Idèen til eiga hytte på fjellet kom opp under påskeberedskapen på Sletterust i 1972. I 1974 kunne hytta ”Jotnavåken” ta i mot dei fyrste overnattingane. Hytta blei utvida i 1994 og er i dag ca 260kvm.

Norsk folkehjelp Årdal vil takka Sogn Sparebank for 300 000 kr til ny beredskapsbil! Me set stor pris på denna gåva og e...
30/04/2026

Norsk folkehjelp Årdal vil takka Sogn Sparebank for 300 000 kr til ny beredskapsbil! Me set stor pris på denna gåva og er eit steg nærmare ny bil 🤩

Me vil takka Norsk Folkehjelp Bergen for den flotte gåva me fekk i høve vårt 75 års jubileum den 03.08.26 🤩
08/04/2026

Me vil takka Norsk Folkehjelp Bergen for den flotte gåva me fekk i høve vårt 75 års jubileum den 03.08.26 🤩

05/04/2026

Påsken 2026 👋🏻🐣🤩💨

04/04/2026

Som følgje av dårleg vêr og vêrmeldinga utover søndag 05.04, avsluttar me beredskap og varekøyring kl. 12.00. Det vil difor ikkje vere mannskap på Jotnavåken frå kl. 12.00 på 1. påskedag og ut resten av påska.

04/04/2026

Tusen takk til alle som har kjøpt lodd hjå oss 🤩 Me har no trekt vinnarane av dei ulike premiane.

Tusen takk til BDO Årdal, Klingenberg Hotel, Årdalsenteret, Vriomsveisen, Årdal Gym, Sjappa, Bunnpris Øvre Årdal, Kiwi Årdalstangen, Årdalsnett og Årdal Kraftlag for sponsing av flotte premiar! 👏🏽

Vinnarane:
1. BDO Gåvekort på Sport 1 på 200 kr - Rune Hansen
2. BDO Gåvekort på Sport 1 på 200 kr - Marie Nilsen
3. Klingenberg Hotel Gåvekort på 750 kr - Malin Solvik Sylvarnes
4. Årdalsenteret Gåvekort på 500 kr - Oddvar Bruhaug
5. Vriomsveisen Krølltang og neglelakk - Saga Sandnes Sneve
6. Årdal Gym 1 mnd gratis medlemskap - Nina Borlaug
7. Sjappa Spennande påskesjokolade - Trine Låksrud
8. Brunnpris Øvre Årdal Kaffi og påskesjokolade - Nils Even Øy
9. Kiwi Årdalstangen 2 stk LED kubbelys, serviettar og kaffi - Ann Trude Lingjerde
10. Årdal Energi Goodiebag - Solfrid Røyrvik
11. Årdal Energi Goodiebag - Thomas Breidvik
12. Årdalsnett Goodiebag - Britt Helen Åmås

04/04/2026

Me ser oss dessverre nødt til å avlyse arrangementet i dag pga dårleg vær! Det er ikkje forsvarleg å holde det arrangementet me hadde plan om i dag! Dersom nokon hadde plan om å komme på skirennet har me premiar liggjande som ein kan komma innom å hente🐣

Det er no utsolgt for lodd, me vil fortsatt trekkje vinnarar av lotteriet vårt i dag, me tek kontakt med vinnarane!🤩

LAURDAG 4. APRIL, plan for dagen:14:00 - Me set i gang variatorreimkasting for dei som ønskjer å vera med. Her blir det ...
02/04/2026

LAURDAG 4. APRIL, plan for dagen:

14:00 - Me set i gang variatorreimkasting for dei som ønskjer å vera med. Her blir det trekking av premie til ein av dei som er med på detta. 🐣🤩

14:30 - Påmelding til påskeskirennet startar ⛷️

15:00 - Påskeskirenn 🤩

Etter skirennet blir det premieutdeling til alle deltakarane. Takk til Sogn Sparebank som sponsar premiane 👍🏅

Me kjem til å trekka vinnarane av lotteriboka når me er ferdige, og tek kontakt med vinnarane 🤭🤩

Me har sett mykje spor etter påskeharen rundt hytta, så me får sjå om han dukkar opp på laurdag og 🐇🥚 Kanskje han har med seg ein venn 🐥

👏🏽☺️
01/04/2026

👏🏽☺️

👏 Norsk Folkehjelp i Årdal har vore i beredskap kvar einaste påske i fleire tiår.

🥳 I år fyller laget 75 år.

Også denne påsken er dei på vakt ved Jotnavåken 👇

UTSOLGT!!Lodda går unna! 💨Har du lyst til å vinna ein av dei flotte premiane me har fått sponsa? Då må du kjøpa lodd! Ei...
01/04/2026

UTSOLGT!!

Lodda går unna! 💨

Har du lyst til å vinna ein av dei flotte premiane me har fått sponsa? Då må du kjøpa lodd! Eitt lodd kostar berre 5 kr 🤩👍
Kanskje du er ein av dei heldige vinnarane 🤭

Vipps 119346! ☺️

Etter ein vårstorm i 2025, der masta vår knakk, er endeleg ny mast på plass. Etter mange dugnadstimar og ein del kostnad...
29/03/2026

Etter ein vårstorm i 2025, der masta vår knakk, er endeleg ny mast på plass. Etter mange dugnadstimar og ein del kostnadar, vart det i helga montert vêrstasjon og kamera i ny mast. 👍🤩 Me planlegg å få alt i drift i løpet av nokre få dagar. 🐣

UTSOLGT!!I dag er det ei veka til påskeskirennet. Laurdag 4. april skal me ha påskeskirenn, påskeeggjakt og variatorreim...
28/03/2026

UTSOLGT!!
I dag er det ei veka til påskeskirennet. Laurdag 4. april skal me ha påskeskirenn, påskeeggjakt og variatorreimkasting. I tillegg har me lotteribok med flotte premiar frå ulike bedrifter i Årdal. Ønskjer du å kjøpe lodd hjå oss, så finn du oss på Jotnavåken denne dagen. Me vil også komma innom Damvoktaren under påskeskirennet der.
Pris: 5,- per lodd. ☺️👍

Ønskjer du å kjøpe lodd før dette? Tvil ikkje. Vipps til 119346. Send oss skjermbilete av vippskvitteringa på melding på instagram eller facebook. Eller så kan du legge skjermbiletet i kommentarfeltet under detta innlegget 🤩

Trekking av lotteriet skjer etter påskeskirennet på Jotnavåken, og den som vinn blir kontakta av oss.

Tusen takk til våre flotte sponsorar! Me set pris på at de ynskjer å bidra 🐣🤩

Adresse

Røtisvegen 29
Øvre Årdal
6884

Telefon

+4792887784

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norsk Folkehjelp Årdal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Norsk Folkehjelp Årdal:

Del