Utladalen nasjonalparksenter

Utladalen nasjonalparksenter Velkommen til Utladalen nasjonalparksenter. Me har utstilling og ein liten kafe/butikk som er ope kvar dag i sesongen 1. juni - 31.

august kl. 11 - 17.30 og i alle helgane i mai og september. Utladalen Naturhus kan leigast for møter, seminar, festlege samkomer eller anna...
Stiftinga Utladalen Naturhus vart etablert i mars i 1997, av Hydro Aluminium, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Årdal Kommune. Føremålet er å drive informasjonstenester for Utladalen Landskapsvernområde og Jotunheimen National Park. Det er Naturhuset som

organiserer skjøtselsarbeidet i Heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogeleg som då det var gardsdrift i dalen.

Hurra🙌🤩 No blir det enklare å reisa rundt med kollektiv  i området vårt, og bussruta er og koordinert med Tindevegsbusse...
01/06/2026

Hurra🙌🤩 No blir det enklare å reisa rundt med kollektiv i området vårt, og bussruta er og koordinert med Tindevegsbussen (Hjelle - Øvre Årdal -Turtagrø) 🤩🤩

HURRA! 🥳 Ny sommerrute mellom fjell og fjord! 🚌

I sommer kan du reise kollektivt mellom Vang, Årdal, Lærdal og Aurland med Fjord og Fjellruta – en ny bussrute som gjør det enklere å oppleve regionen uten bil.

Ruta har stopp blant annet ved Tyinkrysset og Filefjellstuene, og passer perfekt for dagsturer og rundreiser til steder som Utladalen, Kongevegen, Lærdalsøyri, Aurlandsfjellet, Flåm og Gudvangen. På bussen er det mulig å ta med sykkel, hund og bagasje, med forbehold om ledig kapasitet.

Bussen kan også kombineres med andre forbindelser fra blant annet Oslo, Bergen og Sogndal.

Sesong: 1. juli – 31. august
Mer informasjon: www.fjordfjellruta.no 🌿

Eit par oppdateringar til turfolket:- Stien til Stølsmaradalen (både via Avdalen og Brendeteigen) er no snøfri, og brua ...
31/05/2026

Eit par oppdateringar til turfolket:

- Stien til Stølsmaradalen (både via Avdalen og Brendeteigen) er no snøfri, og brua vart lagt ut i helga 🤗🤩
- Det har gått eit steinsprang over stien mellom Vetti-Vettismorki (langt nede, ikkje langt frå Vetti). Delar av stien har sklidd ut, og det ligg større steinar i stien. Viktig at ingen startar rydding av desse, då dei kan treffe folk på stien under… Stien er farbar, men blir rydda og reparert denne veka. Stien blir stengd når arbeidet pågår.

No er me veldig klare for å ta i mot ein stor mengde med både mosjonistar, aktive og turgåarar i Utladalen i morgon, då ...
30/05/2026

No er me veldig klare for å ta i mot ein stor mengde med både mosjonistar, aktive og turgåarar i Utladalen i morgon, då Vettisløpet vert arrangert for 41. gong!🤩🤩

Du kan ta både lunsjen og middagen hjå oss om du vil, då me i tillegg til kafeen vil ha både grill og kiosk ute🤩🙌 Her kan du kjøpa deg både grilltallerken, pølser i brød, vafler, kaker eller anna snacks🤗

Det er meldt perfekt turvær! Og skulle det komma nokre dråpar frå himmelen før dagen er over, så har me sett opp fleire telt med sitteplassar under 😀👍

Takk for kjekt besøk av spreke folk i Luster Turlag 🤩🤩
28/05/2026

Takk for kjekt besøk av spreke folk i Luster Turlag 🤩🤩

19/05/2026
Naturen har igjen pynta Utladalen klar til festdagen, fuglane har øvd på musikken i fleire veker, og rumpetrolla i be**e...
15/05/2026

Naturen har igjen pynta Utladalen klar til festdagen, fuglane har øvd på musikken i fleire veker, og rumpetrolla i be**en er klare for å svinga seg i dansen😍🤩 Me heiser det store flagget, har fylt frysarane med is, og er klare for å ta i mot dei som vil feira nasjonaldagen vår i den vakraste naturen ♥️🇳🇴

Opningstider i kafeen/utstillinga laurdag 16. og søndag 17. mai kl. 11-17:30👍

Kort status på stiane for turfolket:

Bart, turt og fint (om ikkje regn) i stien til Avdalen gard, Gravdalen, Vettisfossen (til foten og til utsiktspunktet). Litt snø og blautt til Vettismorki, men farbart. Framleis snø og blautt til Stølsmaradalen og Hjelledalsrunden. Brui i Stølsmaradalen er ikkje lagt ut enno, skjer innan nokre veker. Avdalsskori og naturstien til Furuhaugen er rydda for trefall (ligg berre att eit par tre som er lett å koma forbi nedst i Avdalsskori). Ramsøyni-stien anbefalast ikkje enno, då det er mange trefall att å rydde der etter stormen i haust, utfordrande å koma fram der.

Me har ein del snikkarprosjekt på nasjonalparksenteret i Skåri, og me likar veldig godt å nytte materiale som kanskje el...
14/05/2026

Me har ein del snikkarprosjekt på nasjonalparksenteret i Skåri, og me likar veldig godt å nytte materiale som kanskje elles vert kasta, eller berre blir liggjande på lager… Ombruk/attbruk er topp! 🤩 ⚒️🪚 Sidan restlageret vårt no er brukt opp, lurer me på om det kanskje er nokre årdøler som har noko materiale liggjande å slenge, som dei gjerne skulle blitt kvitt? Me er interessert i det meste, både lange, korte, breide, smale, gamle og nye materiale, og me er og interessert i gamle plastrøyr 🤩 Kan me hjelpe deg å rydde litt, så ta kontakt! Me hentar gjerne, eller kan opne bommen om de vil levere her 😃 Ta gjerne kontakt på tlf. 90516686 👍

09/05/2026
04/05/2026

Skal du på tur i fjella våre no, bør du fyrst læra deg villreinvettreglane!❗️👍

Adresse

Utladalsvegen 679
Øvre Årdal
6884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Utladalen nasjonalparksenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Utladalen nasjonalparksenter:

Del