13/05/2026
VI SØKER PROSJEKTLEIAR!
Grunna høg aktivitet og fleire store prosjekt under oppstart, søker vi no ein ny prosjektleiar til teamet vårt – med snarleg tiltreding.
📍 Arbeidsstad: Ørsta eller Ålesund
Stillinga omfattar ansvar for:
✔️ Leiing av eigne prosjekt og byggeplassar
✔️ Bestilling og logistikk av byggevarer
✔️ Kvalitetskontroll av utført byggearbeid og oppfølging av avvik
✔️ Utarbeide framdriftsplanar og gjennomføre byggemøter
✔️ Andre administrative oppgåver i samarbeid med dagleg leiar
Vi søker ein person som har:
🔹 Ingeniørutdanning eller erfaring frå byggebransjen
🔹 Evne til å jobbe sjølvstendig med målretta arbeid
🔹 Har gode rutinar, orden og erfaring med PC-verktøy
Vi tilbyr:
⭐ Sjølvstendige arbeidsoppgåver og ansvarsområde
⭐ Gode utviklingsmoglegheiter i eit selskap med høg aktivitet og klare ambisjonar
⭐ Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
⭐ Gode vilkår for den rette personen
📅 Søknadsfrist: 1. juni
📩 Skriftleg søknad med CV sendast til dagleg leiar:
Roar Eiken – [email protected]
Del gjerne!