Ørsta Husflidslag

Ørsta Husflidslag Ørsta Husflidslag er eit lokallag av Norges Husflidslag Ørsta husflidslag held til i Kyrkjegata 15 i sentrum av Ørsta. Desse kveldane er uformelle samkomer.

I lagslokala har vi både vevstove og arbeidsbord. Lokala er rommelege og tillet mange slags aktivitetar. Onsdagskveldane har laget aktivitetskveldar i lagslokala. Ein har med eit handarbeid og utvekslar erfaringar. Ein kan lære noko nytt og ein kan ta seg ein kopp kaffi med noko attåt.

4 -5 gonger i året har vi medlemsmøte. Då har vi eit tema for kvelden i tillegg til god prat og litt å bite i. Vi har også forskjellige kurs, alt etter kva behov og idear som kjem opp.

Dette blir heilt sikkert bra! Sjølv om vi ikkje heilt har bestemt kva det skal bli til slutt... teppe, p**e, puff?...
09/09/2026

Dette blir heilt sikkert bra! Sjølv om vi ikkje heilt har bestemt kva det skal bli til slutt... teppe, p**e, puff?...

Velkomne til onsdagstreff i kveld kl.19-21!I kveld kan den som ynskjer det vere med å lage «hælteppe» i ull; ein gammal ...
09/09/2026

Velkomne til onsdagstreff i kveld kl.19-21!
I kveld kan den som ynskjer det vere med å lage «hælteppe» i ull; ein gammal raudlista teknikk der gamle ulltekstilar vart gjenbrukte og pynta på.

02/09/2026

Velkomne til onsdagstreff i kveld kl.19-21

02/09/2026

Velkomne til onsdagstreff i kveld kl 19-21

25/08/2026
24/08/2026

Sommaren er på hell og det er på tide å kome i gong med haustaktivitetane igjen. I husflidslaget har vi ein kjekk haust i vente, med ulike aktivitetar tilstellingar og kurs.

Første onsdagstreff vert fk onsdag, 26.08, kl 19-21 og første vevtreff fk torsdag 27.08 kl.11-14.

I september fortset vi med dei faste onsdagstreffa, samt vevgruppe på torsdagane. Vi legg opp til eige/valfritt handarbeid, men også på enkelte temakveldar.

Onsdag 9.september vil vi prøve oss på samsying av hælteppe/sengeforleggar. Dette er ein raudlista teknikk der ein broderer på brukte ullstoff og set det saman til ein sengeforleggar. Det er nok ikkje så mange som har slitne vadmelsfrakkar på loftet lenger, men vi kan evt nytte teknikken og bruke restar av ullstoff eller tjukk dongeri. Då vert det i tilfelle gamalt handverk i ny drakt¿.

Tysdag 8.september startar kurs i brodering av dame bunadskjorte(sjå info på fb-sida vår). I skrivande stund ser det ut til at vi har ein plass ledig.

Siste onsdagen i september, 30.09, vert det OPEN STRIKKEKAFÉ .Då får vi besøk av Sigrid og Elise frå strikkebutikken på Vartdal. Det vil ha med seg strikkemodellar og garn og fortelje litt om kva som trendar på strikkefronten framover. Det er berre å ta med ein strikkeinteressert ven og kome.

Vi ynskjer med dette VELKOMMEN TIL EIN INSPIRERANDE OG KREATIV HAUST!

Helsing oss i styret v/AnneVR

I haust arrangerer vi kurs i brodering av bunadsskjorte til Ørstabunad eller Sunnmørsbunad.Sjå annonsebilde for meir inf...
19/08/2026

I haust arrangerer vi kurs i brodering av bunadsskjorte til Ørstabunad eller Sunnmørsbunad.

Sjå annonsebilde for meir informasjon!

Neste veke har vi spinnville dagar på Brudavolltunet. Vi har nokre få ledige plassar dersom nokre fleire vil vere med.
17/06/2026

Neste veke har vi spinnville dagar på Brudavolltunet.
Vi har nokre få ledige plassar dersom nokre fleire vil vere med.

16/06/2026

I morgon, onsdag 17.6, ynskjer vi velkommen til det siste onsdagstreffet før sommaren! Det blir eit uformelt møte med god mat( litt salt og litt søtt), god prat og handarbeid🧶☕️

Adresse

Garvargata 1
Ørsta
6150

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta Husflidslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta Husflidslag:

Snarveier

Del