Ørsta vidaregåande skule- off. side

Ørsta vidaregåande skule- off. side Læring, trivsel, toleranse og respekt skal vere det som pregar alt arbeid ved vår skule.

Mangfald er det som kjenneteiknar Ørsta Vidaregåande skule, då vi utdannar ungdom i ei lang rekke lærefag. Ørsta vidaregåande har eit godt og tett samarbeid med både lokalsamfunn og næringsliv, slik at vi blir istand til å gi ei så god og oppdatert opplæring som mogleg.

VG1 Helse- og oppvekstelevar feira LIVSGLEDEDAGEN på Hjørundfjordheimen 20. mai 😍💛❤️💛
22/05/2026

VG1 Helse- og oppvekstelevar feira LIVSGLEDEDAGEN på Hjørundfjordheimen 20. mai 😍💛❤️💛

For en fin vår dag🇧🇻Super gjengen ved Volda Bil gav oss idag ein flukande ny diesel personbil motor som står i fleire kj...
08/05/2026

For en fin vår dag🇧🇻

Super gjengen ved Volda Bil gav oss idag ein flukande ny diesel personbil motor som står i fleire kjende bil merker🛻🚘

Det er viktig med nyare teknologi som elevane får skrue på.
Motoren kjem godt til nytte i ulike skule oppgåver på verkstaden✅️

Tusen takk for godt samarbeid, Volda Bil😎🚘🏁

Idag fekk Ørsta vgs en lett motorsykkel med Bilfag Sunnmøre🏍🛵🚘Gåva kjem gjennom samarbeidet med Bilfag Sunnmøre, og måle...
08/05/2026

Idag fekk Ørsta vgs en lett motorsykkel med Bilfag Sunnmøre🏍🛵🚘

Gåva kjem gjennom samarbeidet med Bilfag Sunnmøre, og målet er både auka trafikktryggleik og meir interesse for køyretøyfag blant elevane.
– Dette er eit superpluss for både lærarar og elevar. Det er nettopp slike prosjekt elevane likar, og det skapar både entusiasme og motivasjon

– Vi ønskjer naturlegvis at ungdom skal få interesse for køyretøy og teknologi, men først og fremst handlar dette om tryggleik. Når elevane lærer korleis bremsar, lys og andre funksjonar verkar, får dei eit betre forhold til eigne køyretøy og tryggare ferdsel i trafikken.

Mvh. Bjørn Nybø og Jonas Wågsæther frå Bilfag Sunnmøre.

Tusen takk for fine gensarar til faglærarar👍👍

I går hadde vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag ansvar for aktivitetar for skulestartarane i Volda kommune. Omlag alle barn...
06/05/2026

I går hadde vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag ansvar for aktivitetar for skulestartarane i Volda kommune. Omlag alle barnehagane var tilstades på Volda stadion. Der vart borna delt inn i grupper etter kva skule dei skal starte på til hausten. Kjekt for borna å møte andre som skal starte på sin skule, og veldig kjekt å få leike og ha det gøy saman med ungdomane våra😀

Onsdag 29. april var det "Den store SFO-dagen" og årets tema var LEIK! Fleire av våre elevar ved vg1 Helse og oppvekst v...
04/05/2026

Onsdag 29. april var det "Den store SFO-dagen" og årets tema var LEIK! Fleire av våre elevar ved vg1 Helse og oppvekst var med å feira dagen på SFO til Øyra skule. Der bisto elevane våre med utdeling av pølse med brød til barna, før dei gjekk ut i sola for å delta på stasjonar med leik. Bro bro brille, slengtau, katt og mus, bowling, fargekongen og «skyt på mål» var leikane barna kunne velge mellom. Dagen blei avslutta med at alle fikk utdelt kvar sin is🍦 Ein veldig kjekk dag med leik og glede mellom barn og ungdom, i nydelig vårsol☀️Tusen takk til Øyra skule for invitasjonen☺️

VELFERDSTEKNOLOGI I PRAKSIS!1HOD har vore på besøk med Ulstein kommune. Der blei vi tatt godt i mot og fekk ein flott pr...
28/04/2026

VELFERDSTEKNOLOGI I PRAKSIS!
1HOD har vore på besøk med Ulstein kommune. Der blei vi tatt godt i mot og fekk ein flott presentasjon om korleis omsorgsetaten i Ulstein bruka Velferdsteknologi i kvardagen til brukarar og ansatte. Elevane fekk stille spm. om alt dei lurte på og dei fekk sjå og teste div. velferdsteknologiar. Tusen takk til Hildegunn, Marit og Therese i Ulstein kommune som gjorde dette lærerike besøket mogleg☺️

To veker med læring og fine opplevingar 🇵🇱Fredag var siste arbeidsdagen for elevane våre i Gdansk. Då vart utplasserings...
27/04/2026

To veker med læring og fine opplevingar 🇵🇱

Fredag var siste arbeidsdagen for elevane våre i Gdansk. Då vart utplasseringsperioden avslutta hjå Stal Complex og Auto Miras, etter ei lærerik veke med praktisk arbeid, nye utfordringar og mykje fagleg utvikling. Den dagen rakk vi også å reise til vakre Sopot. Turen ditt var med tog, då det er viktig å tenke berekraftig. 🚄 ♻️
Under besøket på Solidaritetsmuseet fekk elevane lære om Solidaritet-rørsla (Solidarność) og den viktige kampen deira for fridom, demokrati og arbeidarrettar i Polen på 1980-talet. Rørsla, leia av L**h Wałęsa, vart ei sterk stemme mot det kommunistiske styret og fekk stor internasjonal støtte. Også Noreg engasjerte seg, mellom anna gjennom markeringar og marsjar i Oslo, der folk viste solidaritet med den polske fridomskampen. Innsatsen til Wałęsa og Solidaritetsrørsla vart verdsett internasjonalt då han i 1983 fekk Nobels fredspris, som eit symbol på fredeleg motstand og håp om endring.
Elevane reiser heim med mange nye inntrykk, kjekke opplevingar og mange gode minner i bagasjen 💙 Erfaringar dei vil ta med seg vidare – både fagleg og personleg.
Takk for ein flott tur! 🇵🇱 😊✈️

I samband med utplasseringa i Gdansk reiste TIF-elevane på studietur til Stutthof, ein tidlegare tysk konsentrasjonsleir...
24/04/2026

I samband med utplasseringa i Gdansk reiste TIF-elevane på studietur til Stutthof, ein tidlegare tysk konsentrasjonsleir frå andre verdskrigen, som ligg utanfor Gdańsk i Polen.
På turen fekk dei informasjon om historia til leiren, dei umenneskelege forholda fangane levde under, og korleis Stutthof vart brukt av dei okkupasjonsmaktene. Leiren var i drift frå 1939 til 1945, og over 100 000 menneske vart fengsla der. Mange overlevde ikkje.
Elevane fekk også lære om at omtrent 350 nordmenn sat fanga i Stutthof, mellom anna politiske fangar og motstandsfolk. Det gjorde sterkt inntrykk å høyre om skjebnane deira og å sjå stadene der dei hadde vore internerte.
Besøket gav elevane ei viktig påminning om kva konsekvensar krig, hat og undertrykking kan få, og kor avgjerande det er å ta vare på demokrati, menneskeverd og historisk medvit, også med tanke på våre eigen tid.

Dzień dobry frå Gdansk🇵🇱 På søndag hadde vi ein ny innhaldsrik dag! Vi var på 2.verdskrigsmuseet og i den vakre Maria-ky...
20/04/2026

Dzień dobry frå Gdansk🇵🇱 På søndag hadde vi ein ny innhaldsrik dag! Vi var på 2.verdskrigsmuseet og i den vakre Maria-kyrkja. På museet fekk vi lære mykje om polsk krigshistorie, samt sjå mange interessante utstillingar. Maria-kyrkja er ei vakker utsmykka kyrkje🤩 Nokre gjekk dei 400 trappetrinna til toppen av tårnet for å nyte den vakre utsikta✨️ Elles skulle vi helse så mykje frå president Macron som besøkte Gdansk i dag😉🇲🇫
Bilde og tekst: Kristin Garshol Welle og Sven Kenneth Nilsvik

Polen-fararane er ferdige med første arbeidsveka si på Stal Complex og Auto Miras. Dette er store bedrifter med fleire l...
18/04/2026

Polen-fararane er ferdige med første arbeidsveka si på Stal Complex og Auto Miras. Dette er store bedrifter med fleire lokasjonar og nærare 200 tilsette. Elevane stortrivast og lærer mykje både fagleg, kulturelt og sosialt😎

Ciao frå Italia🇭🇺 Helsinga kjem frå 2 kokkeelevar, 1 kokkelærling og to lærarar som er i Italia denne veka! 🇮🇹 Vi har ha...
17/04/2026

Ciao frå Italia🇭🇺

Helsinga kjem frå 2 kokkeelevar, 1 kokkelærling og to lærarar som er i Italia denne veka! 🇮🇹

Vi har hatt nokre flotte dagar her i Silvi Marina🌞 Opplevelsene har stått i kø og våre italienske venner på skulen her i Silvi har tatt oss med på flere utflukter. Vi har opplevd historiske steder🏛og vore med på undervisning i ulike fag.

Vi har fått prøvd ulike italienske matretter og flere skal det nok bli 🍕🍝Oppholdet her i Italia nærmer seg slutten, men vi kommer gjerne tilbake😍

Adresse

Holmegata 14
Ørsta
6150

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4771282400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta vidaregåande skule- off. side legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta vidaregåande skule- off. side:

Del