Ørsta Høgre

Ørsta Høgre Partiet Høgre si lokalforeining i Ørsta. Vi trur på eit samfunn med moglegheiter for alle! Med 💙 for Ørsta!

https://www.morenytt.no/nyheiter/n/PdjJ0z/vald-som-ordfoerarkandidatPer-Are Sørheim vald som ordførarkandidat for Ørsta ...
19/06/2026

https://www.morenytt.no/nyheiter/n/PdjJ0z/vald-som-ordfoerarkandidat

Per-Are Sørheim vald som ordførarkandidat for Ørsta Høgre

Ørsta Høgre har samrøystes valt Per-Are Sørheim som partiet sin ordførarkandidat til kommunevalet i 2027.

Sørheim har vore ordførar i Ørsta dei siste tre åra og har leia kommunen gjennom ei krevjande tid med store økonomiske utfordringar og viktige vegval for framtida.

– Per-Are har vist at han er ein trygg og handlekraftig leiar når kommunen har trengt det som mest. Han har stått i krevjande prosessar, vore tydeleg i prioriteringane og arbeidd målretta for å få kontroll på kommuneøkonomien. Samstundes har han vore med på å leggje grunnlaget for vidare utvikling av Ørsta, seier leiar i Ørsta Høgre, Sven Castberg.

Castberg peikar på at kommunen framleis har eit viktig arbeid framfor seg.

– Vi skal få Ørsta ut av ROBEK-registeret og sikre ein berekraftig kommuneøkonomi. Samstundes skal vi utvikle lokalsamfunnet vidare gjennom satsing på bustader, næringsliv, kultur og gode oppvekstvilkår. Vi meiner Per-Are er den rette personen til å leie dette arbeidet vidare.

Sørheim takkar for tilliten frå partiet.

– Eg er både stolt og audmjuk over å få denne tilliten. Dei siste åra har vore krevjande, men vi har også teke viktige grep som vil gi resultat i åra som kjem. Eg ønskjer å halde fram arbeidet med å styrkje kommuneøkonomien, utvikle gode tenester og leggje til rette for vekst, aktivitet og framtidstru i Ørsta, seier Sørheim.

Ørsta Høgre ser fram til valkampen i 2027 og til å presentere politikk som skal bidra til at Ørsta blir ein endå betre kommune å bu, arbeide og skape verdiar i.

Ørsta Høgre har samrøystes valt Per-Are Sørheim som partiet sin ordførarkandidat til kommunevalet i 2027.

Nominasjon av fylkesordførarkandidat! 💙Vi gratulerer Anders Riise som samrøystes vart gjenvald som fylkesordførarkandida...
07/06/2026

Nominasjon av fylkesordførarkandidat! 💙

Vi gratulerer Anders Riise som samrøystes vart gjenvald som fylkesordførarkandidat for neste val.

Anders har gjennom perioden vist tydeleg leiarskap, stor arbeidskapasitet og eit sterkt engasjement for utviklinga av Møre og Romsdal. Med solid erfaring og god kjennskap til fylket er han ein samlande kandidat som vil arbeide for vekst, verdiskaping og gode tenester i heile Møre og Romsdal.

Vi ser fram til valkampen med Anders på laget og ønskjer han lukke til på veg mot fire nye år😀

Ørsta Høgre

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Høgre 💙Dagen starta med den gode nyheita om at Høyre har vedteke å setje av 100 milliona...
07/06/2026

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Høgre 💙

Dagen starta med den gode nyheita om at Høyre har vedteke å setje av 100 millionar kroner som startløyving til realisering av Stad skipstunnel i sitt alternative statsbudsjett.

Prosjektet har vore ein kasteball mellom ulike regjeringar og parti gjennom fleire tiår. Så seint som i byrjinga av mai varsla regjeringa at prosjektet på nytt ville bli lagt bort. Difor er det svært gledeleg at Høgre no tek eit tydeleg grep for å få prosjektet i gang.

I sitt innlegg trekte Ine Eriksen Søreide særleg fram innsatsen til Monica Molvær for å få Stad skipstunnel prioritert i Høgres alternative budsjett. Søreide roste det målretta arbeidet Molvær har lagt ned over tid for å løfte saka og sikre gjennomslag for eit prosjekt som er viktig både for kysten, næringslivet og nasjonal beredskap.

Beredskap har dei siste åra fått ein langt meir sentral plass i den offentlege debatten, og dette vart også løfta fram under fylkesårsmøtet. I vedtaket om Stad skipstunnel vart det lagt vekt på den strategiske betydninga prosjektet har for samfunnstryggleik og beredskap. I ei krise- eller beredskapssituasjon vil sjøvegen vere den mest robuste og pålitelege transportåra langs kysten. Stad er i dag eitt av dei mest vêrutsette og krevjande områda for sjøtrafikk i landet, og ein skipstunnel vil sikre framkome også når vêret gjer ferdsel utanom Stad vanskeleg eller umogleg.

Stad skipstunnel handlar derfor ikkje berre om tryggare ferdsel og betre vilkår for fiskeri, turist- og transportnæringa. Prosjektet er også eit viktig nasjonalt beredskapstiltak som kan vise seg å vere avgjerande for transport av personell, forsyningar og kritiske ressursar når samfunnet blir sett på prøve.

No håpar vi at fleire parti sluttar seg til, slik at prosjektet endeleg kan gå frå planlegging til bygging.

Høgre trur på eit samfunn med moglegheiter for alle.Partiet er summen av alle som bidreg. Saman utviklar vi politikk, gj...
15/02/2026

Høgre trur på eit samfunn med moglegheiter for alle.

Partiet er summen av alle som bidreg. Saman utviklar vi politikk, gjennom innspel, medlemsmøte, årsmøte og landsmøte. Ein fellesskap som står på, kvar einaste dag, for å gjere Noreg betre rusta for framtida.

I desse dagar får Høgre ny partileiing, men vi vil òg utvide laget med nettopp deg.

Bli medlem her: https://hoyre-grupper.membersite.no/Membership/Register/Path/1

Høgre har i dag fått ny partileiing. Dette blir bra! 👏💙
14/02/2026

Høgre har i dag fått ny partileiing. Dette blir bra! 👏💙

Høyre har fått ny partiledelse 🥳

Vi gleder oss til alt som kommer. Bli bedre kjent med de her: https://hoyre.no/ledelsen/

Viktig og godt innlegg av Guttorm Hagen💙
22/01/2026

Viktig og godt innlegg av Guttorm Hagen💙

Ørsta kommune treng skredtrygge buområde.

05/11/2025

Hvordan skal vi utvikle Norge - skal vi skatterasere alt?

Adresse

Ørsta

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta Høgre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta Høgre:

Snarveier

Del