Ørsta kommune

Ørsta kommune Facebook sida vår er meint som ein ekstra informasjonskanal ut til innbyggjar og publikum.

Ørsta kommune har lyst ut konkurranse om vintervedlikehald på ni roder i kommunen.Rodene som er utlyst er:❄️Bondalen sør...
02/09/2026

Ørsta kommune har lyst ut konkurranse om vintervedlikehald på ni roder i kommunen.

Rodene som er utlyst er:
❄️Bondalen sør
❄️Rystefeltet–Ose
❄️Hovdebygda
❄️Åmdalen
❄️Vartdalsstranda
❄️Urke–Norang
❄️Standaleidet
❄️Liadal
❄️Trandal

Det er høve til å gi tilbod på enkeltroder eller fleire roder.

Les meir på heimesida og doffin.

Ørsta kommune har lyst ut konkurranse om vintervedlikehald på ni roder i kommunen.

Ørsta og Volda kommunar arbeider saman for å finne ut korleis vi kan organisere seg og samarbeide i framtida.Den første ...
02/09/2026

Ørsta og Volda kommunar arbeider saman for å finne ut korleis vi kan organisere seg og samarbeide i framtida.

Den første utgreiinga er no snart ferdig, og den politiske styringsgruppa har lagt fram eit forslag til korleis arbeidet kan halde fram.

Les meir på heimesidene til kommunane.

Ørsta og Volda kommunar arbeider saman for å finne ut korleis vi kan organisere seg og samarbeide i framtida.

Ordførar og formannskapet la ned krans ved bautaen på kyrkjebakken til minne om kong Harald sin bortgang før formannskap...
01/09/2026

Ordførar og formannskapet la ned krans ved bautaen på kyrkjebakken til minne om kong Harald sin bortgang før formannskapet tysdag 1. september.🌹

Bli tryggare i den digitale kvardagenStadig fleire tenester og moglegheiter er digitale. Volda og Ørsta kommunar inviter...
25/08/2026

Bli tryggare i den digitale kvardagen

Stadig fleire tenester og moglegheiter er digitale. Volda og Ørsta kommunar inviterer deg over 65 år til gratis tilbod som kan gjere kvardagen enklare, tryggare og meir sosial.

Les meir på heimesidene til kommunane.

I løpet av hausten skal Ørsta kulturhus-bygget rivast til fordel for nye Ørsta kompetanse- og kultursenter.💃 Her finn du...
18/08/2026

I løpet av hausten skal Ørsta kulturhus-bygget rivast til fordel for nye Ørsta kompetanse- og kultursenter.💃 Her finn du datoane for når biblioteket flyttar, og når kulturhuset og kinoen stenger. 👇

Ila hausten skal Ørsta kulturhus-bygget rivast til fordel for nye Ørsta kompetanse- og kultursenter. Her finn du datoane for når biblioteket flyttar, og når kulturhuset og kinoen stenger.

18/08/2026

Fredag 14. august var alle tilsette i skule og barnehage samla til ein felles studiedag i Ørstahallen. Samlinga markerte starten på ei ny ordning for kollektiv kompetanseutvikling i oppvekstsektoren i Ørsta kommune.

– Dette er noko heilt spesielt. Vi står saman på startstreken for ei ny ordning der vi skal satse i lag på læring og utvikling, sa kommunalsjef Pål Einar Brekke i opninga av studiedagen.

I staden for at barnehage og skule arbeider etter ulike ordningar for kompetanseutvikling, skal heile oppvekstsektoren no samlast om felles mål og satsingar. Målet er å styrke samarbeidet på tvers av tenestene og sikre best mogleg utvikling og læring for barn og unge i Ørsta.

Les heile artikkelen på heimesida til kommunen.
https://www.orsta.kommune.no/aktuelt/startar-ny-satsing-pa-kompetanseutvikling-i-oppvekst.202803.aspx

Siste frist for å fjerne etterlatne og avskilta bilar frå kommunale parkeringsplassar i sentrum er fredag 28. august 202...
17/08/2026

Siste frist for å fjerne etterlatne og avskilta bilar frå kommunale parkeringsplassar i sentrum er fredag 28. august 2026.

Elles kan bilane bli melde inn for borttauing.

Kommunen oppmodar eigarane av avskilta og etterlatne bilar om å fjerne dei frå kommunale parkeringsplassar i sentrum innan 28. august 2026. Elles kan bilane bli melde inn for borttauing.

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det...
17/08/2026

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

Det er naturleg å spørje kvifor ein må vedlikehalde gjerde dersom ein ikkje har dyr sjølv. Etter gjeldande regelverk er ansvaret for gjerdehald i mange tilfelle knytt til eigedomen og grensene mellom eigedomar, ikkje berre til den som eig dyra.

Les meir på heimesidene til kommunane.

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

Det skjer mykje i Ørsta i tida framover!💫Sjølv om kommunen har stram økonomi, skjer det mykje i lokalsamfunnet. Planane ...
14/08/2026

Det skjer mykje i Ørsta i tida framover!💫

Sjølv om kommunen har stram økonomi, skjer det mykje i lokalsamfunnet. Planane i denne bildeserien, sett vekk i frå Brudavolltunet og kompetanse- og kultursenter, blir finansiert og utvikla av private aktørar eller andre verksemder

Fleire møteplassar, bustadar og arbeidsplassar = meir aktivitet i Ørsta. ❤️

Velkommen til skulestart måndag 17. august 2026!📚Oppmøte:Dalane skule: kl. 08.40Hovden skule: kl. 09.00Sæbø skule: kl. 0...
09/08/2026

Velkommen til skulestart måndag 17. august 2026!📚

Oppmøte:
Dalane skule: kl. 08.40
Hovden skule: kl. 09.00
Sæbø skule: kl. 09.00
Vartdal skule: kl. 08.45 – Alle elevar møter ved flaggstonga.
Velle skule: kl. 09.00 – Alle elevar møter på skuleplassen mellom nye Velle skule og gamle Velle skule.
Vikemarka skule: kl. 09.00 – 1. trinn møter ved flaggstonga, dei andre i klasseromma.
Ørsta ungdomsskule: kl. 09.00
Ørsta opplæringssenter: kl. 10.00 – Oppmøte ved hovudinngangen til Ørsta opplæringssenter.

Oppmøte:Dalane skule: kl. 08.40Hovden skule: kl. 09.00Sæbø skule: kl. 09.00Vartdal skule:  kl. 08.45 – Alle elevar møter ved flaggstonga.Velle skule: kl. 09.00 – Alle elevar møter på skuleplassen mellom nye Velle skule og gamle Velle skule.Vikemarka skule: kl. 09.00 – 1. trinn møter ve...

Adresse

Dalevegen 6
Ørsta
6153

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770049700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta kommune:

Snarveier

Del