Ølen vidaregåande skule

Ølen vidaregåande skule VEKSTHUS FOR VETT OG VENNSKAP! Du er rett ved sjøen og har kort veg til fjellet. Skulen har dyktige fagfolk og eit godt miljø mellom lærarar, elevar og foreldre.

Når du er elev på Ølen vidaregåande, er det to ting du kan glede deg til: Du skal fylle hovudet med nye kunnskapar – og du skal få nye vener. Ølen ligg i Vindafjord kommune på Haugalandet. Her kan du velje mellom studiespesialisering og yrkesfag. Velkommen til lyse og trivelige lokale, stor idrettshall og ein skule som vil få deg til å vekse!

God mat på siste skuledagen🍔🍟
19/06/2026

God mat på siste skuledagen🍔🍟

03/06/2026

Det er skremmande og trist å høyre korleis våre venner i Korosten har det no! Måtte denne galskapen snart ta slutt!!!

Klassen på Barn og ungdom vg2 har siste tida jobba med “Prosjekt leikemiljø” i barnehage. Tema i arbeidet har vore leik,...
01/06/2026

Klassen på Barn og ungdom vg2 har siste tida jobba med “Prosjekt leikemiljø” i barnehage.
Tema i arbeidet har vore leik, sosial kompetanse, miljø og bærekraft.
Her er eit ferdig produkt kor fokus på materialval og gjenbruk har skapt eit kreativt og bærekraftig leikemiljø.

I dag har helsefagarbeidar-klassa (HEA) hatt førstehjelpskurs for arbeids-og treningsavdelinga (ATA), ute i Vikebygd.Det...
29/05/2026

I dag har helsefagarbeidar-klassa (HEA) hatt førstehjelpskurs for arbeids-og treningsavdelinga (ATA), ute i Vikebygd.
Det var ein lærevillig gjeng og flinke instruktørar!!!
Etter mykje førstehjelp var det tid for grilling, lappesteiking og speling av kubb og cornhole🤗👌

🎉 Historisk innsats frå russen ved Ølen vidaregåande skule! 🎉Årets russ har verkeleg sett spor etter seg! Med heile 250....
18/05/2026

🎉 Historisk innsats frå russen ved Ølen vidaregåande skule! 🎉
Årets russ har verkeleg sett spor etter seg! Med heile 250.918 kroner samla inn til Kreftforeininga, har dei ikkje berre vist eit fantastisk engasjement, men også skrive historie.
Denne imponerande innsatsen gjer dei til beste skule i Rogaland i årets innsamlingsaksjon, og set ein ny skulerekord som det verkeleg står respekt av.
Dette handlar om meir enn berre tal – det handlar om omtanke, samhald og viljen til å gjere ein forskjell for andre
Vi er utruleg stolte av dykk! Gratulerer så mykje med ein fantastisk prestasjon 💐

Førre veke tok UngMOTivatorane frå Ølen Vgs turen til Herdla i Askøy kommune. Her fekk ungdomane reflektere over kva det...
21/04/2026

Førre veke tok UngMOTivatorane frå Ølen Vgs turen til Herdla i Askøy kommune. Her fekk ungdomane reflektere over kva det vil seie å vere eit godt førebilete for sine medelevar gjennom diskusjon og leik. I vakre Herdla så fekk også elevane moglegheita til å gå tur, utforske lokal historie og bli betre kjent med unge MOTivatorar frå andre skular. Takk for turen!

Breddeidrett har gått ein rundtur på Roafjellet i dag. Me har vore på Bygdarenuten-Slettafjellet-Roatoppen.
08/04/2026

Breddeidrett har gått ein rundtur på Roafjellet i dag.
Me har vore på Bygdarenuten-Slettafjellet-Roatoppen.

Husk søknadsfrist for høyere utdanning 15. April!
07/04/2026

Husk søknadsfrist for høyere utdanning 15. April!

Samordna opptak er en tjeneste som koordinerer og administrerer opptak av nye studenter til norske universiteter, høgskoler og fagskoler.

Adresse

Litlehagen 2
Ølen
5580

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4753766400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ølen vidaregåande skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ølen vidaregåande skule:

Del