21/01/2026
– Eg føler verkeleg at eg har vald rett. 💚🫶
Ingrid Ådnesen Thorsen stortrivst som helsesjukepleiar i Vindafjord – og no søker ho ein ny kollega.
Då Ingrid starta i 2025, kjende ho det med ein gong: Her vil eg vera.
– Eg blei tatt imot som ein del av gjengen med ein gong. Kollegaene mine er imøtekommande, varme og dyktige. Det gjer at eg kjenner meg trygg, fortel Ingrid, som pendlar frå Tysvær.
Draumen om å bli helsesjukepleiar har vore der sidan ungdomsskulen.
– Alle rundt meg visste at dette var det eg kom til å bli, ler ho. Ho ville vera ein som var synleg, trygg og tilgjengeleg – noko ho sakna på sin skule.
Arbeidsdagen i Vindafjord er variert og full av møte med barn og ungdom:
– Me får vera med på heile livet deira. Frå plaster og skrubbsår, til viktige samtalar om identitet, vennskap, følelsar og seksualitet. Det er eit stort spenn, og eg elskar akkurat det.
Det er mykje som skjer i kvardagen til barn og unge, og Ingrid merkar at det kan vera krevjande for dei å setja ord på det som er vanskeleg.
– Det kan vera vanskeleg å snakka om følelsar. Difor er det så utruleg viktig at dei har ein trygg arena der alt er lov å ta opp.
Ho rosar òg kollegaene sine og leiaren sin.
Dei set seg inn i sakene hennar, kjem med råd og gjer henne trygg på at ho gjer gode faglege val. Som nyutdanna betyr det alt.
Og anbefalinga hennar er krystallklar:
– Vindafjord kommune er ein fantastisk plass å jobba. Søk, seier Ingrid – og smiler.
Bli kollega med Ingrid: Link til stilling og heile artikkelen i kommentarfeltet 🤩