Senior i Ålesund

Senior i Ålesund Aktiviteter og tilbud for seniorer i Ålesund kommune. Klipra seniorsenter : tlf. 408 09 859
Spjelkavik seniorsenter: tlf. 408 09 824 Spørsmål eller kommentarar?

Ja takk! Send oss gjerne spørsmål i ei melding om du lurer på noko. Kan vi ikkje svare vil vi gjere vårt beste for å leie deg i rett retning. For å finne svar på spørsmål sjølv funn du mykje informasjon på nettsidene til kommunen, ofte inkludert aktuelle kontaktpersonar. Husk at det du skriv inne på facebooksida vår kan lesast og brukast av alle. Ver derfor konkret og husk at du aldri må oppgi sensitiv informasjon, korkje om deg sjølv eller andre. Hets eller upassande innhald er ikkje akseptert og vil bli sletta frå facebooksida vår. Litt generelle retningslinjer for Ålesund kommune sine facebook-sider:

Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heier på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til. Men ein sjeldan gong vert innlegg og kommentarar sletta:

Facebook stansar sjølv innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk vi har lagt inn i stygt språk-filteret. Vi slettar òg manuelt innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Hatefulle ytringar og annan trolling hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medier og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har 13 års aldersgrense. Kommunens facebookside skal vere ein trygg og god plass å stikke innom åleine, også for barn på 13. Vi sletter innlegg og kommentarar der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Vi vurderer frå gong til gong å slette kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna. Alt du gjer ope på Facebook kan brukast av andre

Din eigen policy på sosiale medier er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dei personlege opplysningane dine og hugsar på personvernforordningen (GDPR). I Facebook sine retningslinjer betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte han til deg. I Facebook sine personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller blir gitt tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API'er eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på til dømes på Ålesund kommune sin facebookside, kan lesast og brukast av andre. Vi rår til at du går inn på innstillingar på din profil, i underkategorien Personvern kan du styre tilgang til din konto. Ver og merksam på at mange appar gir tilgang til din konto. Dette kan du og styre i underkategorien Appar.

Òg har du først lagt noko ut på nett, kan det vere umogleg å fjerne det igjen. På Facebook har det vi angrar at vi skreiv ein tendens til å spreie seg uhyggeleg raskt. Med til vår alles policy på sosiale medier høyrer påminninga om å ta pause, særleg når vi er saman med barn eller andre som set mykje meir pris på blikka våre, smila våre og merksemda vår enn eit “liker” og eit lite digitalt blunkefjes. Med venleg helsing oss i kommunen

Uke 37 på Klipra seniorsenterOnsdag er Herregruppa avlyst på grunn av Kongens begravelseFredag kommer Hallstein Stennes ...
04/09/2026

Uke 37 på Klipra seniorsenter
Onsdag er Herregruppa avlyst på grunn av Kongens begravelse
Fredag kommer Hallstein Stennes og spiller for oss

Har du,  eller kanskje nokon du kjenner  lyst å jobbe på seniorsenter? Skape gode dagar for alle som er innom?Vi har led...
04/09/2026

Har du, eller kanskje nokon du kjenner lyst å jobbe på seniorsenter? Skape gode dagar for alle som er innom?
Vi har ledig ei stilling på Klipra seniorsenter for helsefagarbeider eller aktivitør frå november.
Søk då vel! (Og spre det gjerne vidare😊)

Med utgangspunkt i eit ønske om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd førebygging og meistring. I tillegg til seniorsenter inneheld verksemda dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatriske sjukepleiarar og hukommelse...

02/09/2026
Bli med ‘Klar, ferdig, gå!’ på tur førstkommende fredag ☺️ Da kjører vi til nordsida av Ellingsøya hvor vi skal gå rundt...
01/09/2026

Bli med ‘Klar, ferdig, gå!’ på tur førstkommende fredag ☺️ Da kjører vi til nordsida av Ellingsøya hvor vi skal gå rundt Nesvatnet, en tur på ca 4 km 🥾
Se turplakat for mer info 😊

Treng du hjelp på internett, nettbanken eller å finne fram på mobilen? 💻📱«Fole kjekt å vere sosial og digital», møteplas...
31/08/2026

Treng du hjelp på internett, nettbanken eller å finne fram på mobilen? 💻📱

«Fole kjekt å vere sosial og digital», møteplassen for seniorar i kommunen, er i gong igjen med haustprogrammet!

Møteplassar:
📍 Moa bibliotek
📍 Kyrkjekjellaren i Ellingsøy kyrkje
📍 Skodje tenestehus
📍 Ørskog frivilligsentral
📍 Nærmiljøkaféen på Harøya

I biletet i innlegget ser du datoane for samlingane denne hausten.

Her kan du spørje om alt du lurer på i den digitale kvardagen, stort eller smått. Vi deler nyttige tips, snakkar om ulike tema og hjelper deg med det du treng. Og sjølvsagt blir det tid til både kaffi og ein hyggeleg prat ☕

Meir informasjon finn du i lenka i kommentarfeltet 👇

Tema: Beredskap
I september får vi besøk av Åse Karin Finnøy Gjære frå kommunen sitt beredskapsteam. Ho vil dele nyttige råd og tips om mellom anna:
- Digital beredskap
- Eigenberedskap
- Informasjonspunkt ved kriser
- Tilfluktsrom
- Vassforsyning

Det vil også vere ulike tema på dei andre arrangementa gjennom hausten. Innhaldet blir planlagt mellom anna ut frå innspel og ønskje frå deltakarane.

✅ Arrangementa er gratis og krev inga påmelding – det er berre å møte opp!

Ta gjerne med eigen mobiltelefon eller nettbrett, og hugs ladaren.

Vi håper å sjå deg! 😊

28/08/2026

Konserten med Lasse Silnes på Klipra seniorsenter blir i dag dessverre avlyst!

Spjelkavik seniorsenter :)
25/08/2026

Spjelkavik seniorsenter :)

Klipra seniorsenter, uke 35
24/08/2026

Klipra seniorsenter, uke 35

Spjelkavik Seniorsenter
24/08/2026

Spjelkavik Seniorsenter

Adresse

Keiser Wilhelmsgt. 11
Ålesund
6003

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Senior i Ålesund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Senior i Ålesund:

Snarveier

Del