03/09/2026
Takk til alle som deltok på webinaret om inkluderande møteplassar for eldre!
Gjennom to timar med konkrete døme fekk vi sjå korleis kommunar, frivilligheita og andre aktørar samarbeider om å utvikle gode og inkluderande møteplassar. Eit viktig arbeid for å førebyggje einsemd og styrkje livskvaliteten for fleire💚
Vi hadde også gleda av å få besøk i studio av Drammen, Holmestrand, Helsedirektoratet og KULTURROM. Takk for gode innlegg, erfaringar og refleksjonar 🙌
📽️Dersom du gjekk glipp av webinaret, eller ønskjer å sjå det på nytt, finn du opptaket her: https://www.aldersvennlig.no/webinar-og-arrangement/aldersvennlige-og-inkluderende-moteplasser-for-eldre-3